lørdag 26. desember 2009

Julegåver...


bildet er lånt her
Her er årets Julegåve ;-)
Eg fekk gåver som både var større i omfang og kostar mykje meir....

Men dette er ei av dei gåvene eg føler det ligg mykje
omtanke og omsorg bak...

Vår yngste son på 11 år har gjennom hausten spart i hop av snoppengane sine, for han hadde mål og meining om kva dei skulle brukast til....

Han ville bli med på kjøpesenteret, men skulle gå aleine.....
Etter ei lita stund var han tilbake, svært nøgd med seg sjølv....

Og på Julaftan då gåvene skulle delast ut var dette den gåva som måtte oppnast fyrst..
Den er både til deg og pappa var beskjeden...

Og ut av papiret dukka denne MINI-MASSAGER fram..

Han har verkeleg forstått at mamma sin rygg, men også nakke og skuldrar treng massasje..

9 kommentarer:

  1. :) For ein omtanke! Tenk at han ordna dette sjølv! Eg fekk eit lite zinkhus med niåringen min :) Ho veit at eg likar dei veldig godt. Og så hadde ho laga eit nydeleg hjerte med blå og raude perler. Eg trur det er bra at dei lærer tidleg, at det er vel så kjekt å gi som å få!

    Kos deg vidare i jula Sigrid, håper ryggen også gjev deg juleferie!

    God klem frå Elin <3

    SvarSlett
  2. Tusen takk for din hilsen! Og for det nydelige innlegget ditt litt lenger ned. Jula starter egentlig 1. juledag, ja, men for noen ser det ut som at når julaften er over så er det romjul. Har ikke hørt det diktet før, måtte lese det høyt for de andre her. Virkelig vakkert!

    Må si det var fint gjort å spare penger for å kjøpe dette til en ond rygg! Håper det hjelper! -Margit-

    SvarSlett
  3. Å ja! Det var ein bra stor porsjon med omtanke og omsorg! :) Du kan vere stolt av guten din, Sigrid!
    Håpar på ei fin jul vidare... med masasje og greier!;)

    God klem

    SvarSlett
  4. Så flott gave du fikk av en omtenksom gutt. Likte veldig godt diktet og bildet under, godt både i ord og bilde.

    Jeg visste at de tøflene hete kjærleikstøfler, veldig fint, syns jeg. :)

    SvarSlett
  5. Da e d berre å sette kallen i arbeid og slap off:o)
    Han e no en skikkelig sjarmør gutten din;o)

    SvarSlett
  6. Så grei gave, og snill sønn;))
    Ha ei fin romjul...

    SvarSlett
  7. Mjukare rygg og varmare hjarte blir resultatet av ei så fin og gjennomtenkt gåve :)

    Ønskjer deg fine romjulsdagar og takk for hjartevarmande kommentarar frå deg :)

    SvarSlett
  8. Nej hvor sødt! Og så har han selv tænkt på det og sparet sammen. Nyd juledagene. KNUS

    SvarSlett
  9. Så flott!!! Vilket STORT hjerte den gutten har! Precis som föräldrarna! Ha en fin och avslappande romjul!

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)