søndag 30. oktober 2011

Herr P.Oppel


Herr P.Oppel har mista kleda sine. 
Han hutrar og frys.
Fuglane som har halde han 
med selskap heile sommaren har reist sin veg. 
Det einaste han har igjen er draumen 
om ein ny vår og sommar.
.....................
No er klokka stilt 
og det vert stadig mørkare.
Men om ikkje så lenge er det solsnu
 og vi veit at det ein dag skal bli vår igjen.


For meg er det også godt å vite at det ein dag
skal bli slutt på alt det som er vondt og vanskeleg.
At det skal bli ein ny himmel og ei ny jord.


Det er godt å synge:

Visst skal våren komme, visst skal jorden bli ny,
visst skal solen flomme fra en himmel uten sky,
visst skal noen danse, visst skal noen le,
visst skal barna klatre høyt i livets tre!
-Skeie & Tveit-

fredag 28. oktober 2011

Himmelsk Ulla fyr

foto: Grethe Klokk (gjengitt med løyve)

To flotte dagar saman med ein flott gjeng!
Inspirasjon, oppladning og sosialt samvær gjorde godt.

Takk for samværet på 
Ulla fyr!
................................
Tilleggsinfo:
1. Det er ikkje eg som har teke bilete. Fotoapperatet svikta meg!
Så eg har fått løyve med Grethe til å bruke bilete.
2. Ulla fyr finn du på Kvernholmen ved Haramsøy på Sunnmøre.
Fyret ligg ytterst ute mot havet i vest, der vêret sei ifrå viss det vil, og naturen er på sitt flottaste.  Husa og eigedomen er i Kystverket sine hender, og blir tatt vare på av Ullafyrets Venner.
Det er muleg å leige hovedhuset og/eller naustet.  Hovedhuset er delt i to leiligheiter, men kan åpnast slik dei er felles.  Området er naturfreda, og husa er verna av riksantikvaren.
Rundt Ulla og fyret er det mykje historie. Litt av det kan du lese om her på denne sida.  Fyret vart skote ned i krigen, og Ulla og Ullahammaren var i gamle dager fiskerihamner.

søndag 23. oktober 2011

rusten


av og til
innimellom
kan ein føle seg 
litt rusten
----

Vakker ny veke min venn!

torsdag 20. oktober 2011

Himmelsk skydekke


I dag vart markane kvite!
(men den forsvant også)

Og då er sommarminne gode å ha :-)

Dette er mitt bidrag til
Sjå innom henne for fleire Himmelsk motiv.

God helg!

onsdag 19. oktober 2011

Pelargonia


Ute er det haust, regnet slår med jamne mellomrom mot ruta.
Vinden uler og tek med seg alt som er laust.

Men inne står du!
Eit vakkert levande minne frå ein flott tur til nabolandet.
Eit sommarminne frå 

Venersborg!


Årets ferietur gjekk til vakre 
Øland :-) 
(takk til M og F m/fam for ei flott oppleving)

På veg heim bodde vi to netter i Venersborg og der kjøpte vi to vakre Pelargoniar.
Dei fekk litt hard medfart, men etterpå har dei gleda oss med mange, mange blomar!

søndag 16. oktober 2011

Bestefar og Bestemor


Er dei ikkje vakre?!
Dei kunne å pynte seg før i tida også.
Dette er besteforeldra mine på pappa si side.
Dei gifta seg i 1914.
Så dette bilete er snart 100 år gamalt.
.....
Med dette nostalgiske bilete ynskjer eg alle god ny veke! 

fredag 14. oktober 2011

Himmelsk Trondheim

-klikk på bilete- så ser du betre den flotte byen-

I heile tre år var Trondheim byen min :-)
No er det eldstemann som bor der oppe.
Herlege Trondheim med Nidarosdomen og Nidelven stille..
....................
Dette er mitt bidrag til 
denne helga!

God helg!

onsdag 12. oktober 2011

Herr.Røde Bær


Herr.Røde Bær er stolt og fin!
Sjå på mi raude drakt, den har Herr.Herlige Haust gitt til meg.
Ingen andre kan gi meg slik ei drakt :-)

.......................................
Anne på Moseplassen har mange Frk.konkuransar.
Men akkurat no er ho på leit etter 
Ho minner oss på at hausten ikkje berre er våt og trist.
Men at hausten også kan bringe mange flotte ting med seg.

Sjå innom Anne du også, og bli inspirert av den flotte 

fredag 7. oktober 2011

Himmelsk Fyr

Landego Fyr i solskinn

I dag er Himmelsk bilete mitt lånt frå Skagen Hotell, Bodø si side.

Tre dagar på kurs i Bodø var både travelt og godt.

Traff kjekke barnehagefolk frå heile landet.
Vil helse spesielt til tre av dei, Maria frå Krokelvdalen,
Anita frå Molde/Oslo og Ann Kristin frå Øyer/Lillehammer.
Takk at dokke vart mine venner, det varma

Ein av kveldane reiste vi til dette fantastiske fyret, Landego fyr!
Været var bra og vi hadde flott sjøreise både fram og tilbake.
Og maten, den var ei klasse for seg sjølv!! Takk til Sindre som både er ein dyktig omvisar og ikkje minst ein dyktig kokk.

                                               Hver fredag:

Dette er mitt bidrag til

God helg!