tirsdag 28. oktober 2014

Saman og alikevel to steg tilsides frå kvardagen..



(forts på: Omveg til Geiranger)
Vi kom oss endeleg over fjorden frå Hellesylt til Geiranger. 
Ein flott fergetur som turistane elskar å ta om sommaren. 
Litt forsinka kunne vi starte på kurset vårt.

Når ein er saman med SÅ mange folk som har ansvar for barn og unge i kommuna der eg arbeider er det ei heilt spesiell atmosfære. Vi har så mangt å snakke om og så mangt å dele. Godt å vere ein del av eit stort fellesskap som har eit hovudmål: "Saman for barn og unge". Kjekt å bli betre kjende med kvarandre, det gjer det lettare når ein seinare skal ha kontakt.

Alikevel var det godt å kunne trekke seg litt vekk på rom 350 på Union Hotell. Nyte den vakre utsikta. Nyte det å vere aleine.

Litt hotell luksus er det også godt å kunne nyte!

Forts følger :-)

mandag 27. oktober 2014

Omveg til Geiranger..


Det er ikkje alltid at ting går etter planen når ein skal ut å reise. Torsdag skulle ein heil gjeng med kollegaer i frå den kommuna eg arbeider på samarbeidssamling i Geiranger. Ganske så enkel reiserute eigentleg med berre ei ferge. Men når ras sperrar vegen måtte det ein omveg til. Og to ferger, der den eine var ekstraferge.
Då får ein gjere det beste ut av situasjonen. Ein måtte ta verda litt meir med ro enn planlagt og legge inn eit lite stopp på Coop Marked på Hellesylt. Der vart ein møtt av desse koselege beskjedane som du ser på bileta over. Ikkje kvar dag ein får SÅ gode tilbod!!

Forts.følger :-)

deler på Helgeglede


fredag 24. oktober 2014

NÅR EN DØR LUKKES...

























Bilde er tatt i Polen ved Dwór Oliwski




Veien oppad er fri.
Husk det i selsomme dage 
når døren fremad og døren tilbake, 
begge er hårdt lukket i.
Veien oppad er fri.

Veien oppad er fri.
Husk det så tidt du vil bede, 
hvor håpløst trangt det enn synes her nede, 
Herren skal nok stå deg bi.
Veien oppad er fri.

Veien oppad er fri.
Husk det når skyggene falder 
og sjelen, tynget av år og av alder 
står ved den skumrende sti.
Veien oppad er fri.

Tekst: Svend Refling

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------
GOD HELG!

tirsdag 21. oktober 2014

Når sorg bankar på..

                                        Desse to trea som støttar kvarandre og er vokse saman fant eg i Polen.

Det å leve i felleskap med andre.
Det å ha familie, å ha vener og arbeidskollegaer.

Vi deler gleder og vi deler sorger med kvarandre.


Sorg!

Sorg kan vere så mangt..
Sorg over å miste nokon.
Sorg over at livet ikkje vart slik ein hadde tenkt.
Sorga ter seg på mange forunderlege måtar.

Enkelte klarer å dele det som rører seg inni ein.

Andre kapslar sorga inne.

Midt i det heile kan ein ikkje anna enn å prøve å vere eit medmenneske for kvarandre.

Prøve å støtte den andre på ein måte den andre ynskjer.
Det er kvar sin gong å oppleve at sorga bankar på..
................................................................

lørdag 18. oktober 2014

Minne frå Dwór Oliwski


Mi helgeglede er minne frå sist helg. 
Søstra mi inviterte meg til Polen og til Dwór Oliwski ca.20min frå Gdansk.

Vi reiste torsdag ettermiddag frå Vigra og med direktefly tok det berre 2timar 
før vi landa i Gdansk.

Fredag, etter ein nydeleg frukost, gjorde vi oss kjent i området rundt hotellet.

Denne vesle vevkjerringa sola seg på toppen av gjerdekula og eg fekk "fange" 
ho før ho sprang vidare for å arbeide på veven sin.


Takk til søstra mi (m/fam) for ei minnerik 50års gåve ♥
..............................
GOD HELG!

onsdag 15. oktober 2014

Hit, men ikkje lenger...

                                           Oliwski, Gdansk i Polen


Hit, men ikkje lenger min venn.
Du får sjå, men ikkje røre.
Hagen er stengt på ubestemt tid.

Ein dag kjem han som kan opne låsen.
Går inn gjennom porten..
Bryt ned alle stengsler..

Han seier:
Velkomen min venn!
Kom inn!

onsdag 8. oktober 2014

Siste rest av sommar..


er det vel når rododendroen blømer i oktober?

..................................
GOD ONSDAG!

fredag 3. oktober 2014

Våren begynner no..


Måtte berre kjøpe litt ....
Ikkje gløym at våren startar no ;-)

PS: men dei må i jorda før frosten kjem..

Inspirert av:

onsdag 1. oktober 2014

Rosa Oktober

Det er ikkje mykje som blømer i hagen vår no, men denne står så vakker og fin.

Dette kan vi lese om denne:
Oktoberbergknapp eller Sedum spectabile er en fantastisk flott staude som blomstrer, og er på sitt flotteste nå i oktober. Den er lavtvoksende og har store flate blomsterstander med intens farge, disse har prydverdi i hagen også etter at blomstringen er avsluttet. De visne blomsterstandene kan pynte opp lenge utover høsten og fram til snøen kommer. Oktoberbergknapp er en fin og svært holdbar snittblomst. Høstblomstring
En spesiell sort i høsthagen nå om dagen er Sedum spectabile `Herbstfreude`. Den har gammelrosa blomster som sitter i store halvskjermer, og er en av de seneste høstblomstrende staudene.  Når den blomstrer er den et flott syn. Det svenske navnet er Kinesisk kjærlighetsurt, og et slikt navn passer godt på denne planten.
Kilde: byavis

Den passar så fint inn no i oktober. 
Du har vel ikkje gløymt at oktober er ROSA?