Millom bakkar og berg ut med havet
heve nordmannen fenget sin heim,
der
han sjølv heve tufterna gravet
og sett sjølv sine hus uppå deim.
Han
såg ut på dei steinutte strender
det var ingen, som der hadde bygt.
"Lat
oss rydja og bygja oss grender,
og so eiga me rudningen trygt".
Han
såg ut på det bårutte havet;
der var ruskutt å leggja ut på;
men der
leikade fisk ned i kavet,
og den leiken den vilde han sjå.
Fram på
vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare land!
Men når vårsol
i bakkarne blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.
Og når
liderna grønka som hagar,
når det laver av blomar på strå,
og når næter er
ljosa som dagar,
kann han ingenstad vænare sjå.
Tekst: Ivar Aasen
........................
Enno ein vakker vårdag er snart ferdig.
Er visst poetisk for tida..
I dag tenkte eg på Ivar Aasen sin sang
Mellom bakkar og berg
då eg vandra i skogkanten og såg vårsola varme og gi liv til
vakre blomar. Endatil Påskeliljer klarte vi å finne.
Ein kan nok lengte bort og vekk når vinterstormen rasar..
Men når vårsola kjem..
Ingen stad er då så vakker som gamle Noreg!
Måtte di veke verte god!
..............................................................................
Melder meg på Mandagstema med dette innlegget her.
Tema for denne mandagen er NYTT LIV.
Og då må vel dette passe :-)