Kristi Himmelfartsdag er ein viktig dag for den kristne kirke.
I våre dagar er Kristi Himmelfartsdag ein dag mange setter pris på. Kristi Himmelfartsdag vert alltid feira på ein torsdag og er heilagdag og fridag. Mange tek seg også fri på den inneklemte fredagen, og dermed blir Kristi Himmelfartshelga ei skikkelig langhelg.
Kristi himmelfartsdag feirast 40 dagar etter Påske, og markerar at Jesus ble tatt opp til himmelen medan disiplene såg på. Jesu himmelfart skjedde 40 dagar etter oppstandelsen på første påskedag.
Eg for min del er glad for at vi har denne dagen.
Den markerar ei ny epoke i Jesu liv.
Og i livet til oss som vil høyre Jesus til.
Jesus kan no vere alle stadar,
her hjå meg og hos deg på same tid.
....................................................
Men så er det somme som vil ha vekk desse bevegelige heilagdagane.
Og mange anar ikkje kva ein feirar denne dagen.
Vi er ulike, men eg vonar det kan fortsette som før.
-----------------------------
Her på Sunnmøre har det vore ein strålande dag med sol.
Godt å få glede seg over livet og endåtil finne grøne jordbær i jordbæråkeren!
Det er håp om raude jordbær om ei stund.
Og SÅ kjekt å ha besøk av mi gode vennine Astrid frå Harstad.
Sjølv om ho er 28år eldre enn meg har det ingen ting å seie.
Og vi har kjent kvarandre omtrent like lenge som ho er eldre enn meg.
VONAR DIN DAG HAR VORE FIN!