teikninga er lånt på http://www.nettdoktor.no/graviditet_foedsel/artikler/flerlinger/images/amme_tvilling03.gif
Eg er blitt gamletante...
Gamletante, sjølv om eg ikkje er så gamal ;-)
To små gutar fekk sjå dagens lys fleire veker for tidleg..
No ligg dei i kuvøse og blir overvaka...
Det vert ei spanande tid framover for heile familien...
Særleg for foreldra, men også for svigerinna mi som vart farmor,
for svigermor og svigerfar som vart oldeforeldre...
Og på grunn av frykt for svineinfluense får dei ikkje ta imot besøk heller...
Kvar gong eg er på ein klebutikk har eg sett på små plagg, men ikkje handla..
No treng dei veldig små plagg..
Gamle tante finn nok noko fint til dei små gulla..
Så rart når slektstreet får to nye skudd...
Så rart, men også naturleg..
Slekt skal følge slekters gang.....
refleksjon (av lat., jf. reflektere). 1. Tilbakekasting (av lyd el. lys); avspeiling, gjenspeiling. 2. Ettertanke, overveielse. Gjøre seg sine refleksjoner, tenke sitt. frå www.caplex.no.
lørdag 31. oktober 2009
tirsdag 27. oktober 2009
Epletid
Eplebilete og fakta om eple frå frukt.no
Tenk eg har fått kjøpt meg to kasser med eple frå Marifjøra..
Herleg epleduft sprer seg kvar gong eg vitjar lagringsstaden..
Så no startar eg kvar dag med eit glas vatn og eit eple på fastande hjerte..
An apple a day keeps the doctor away..
det går no ann å håpe i allefall ;-)
I helga vart det eplekake med metoden ein desj ditt og ein datt, og etande vart det..
Eg hugsar godt min barndom då epleseljarane kom frå Nordfjord..
ei anna dialekt (nesten frå utlandet) og kjekt å få eple i hus..
1.kasse med Summerred
Summerred er middels stor, oval til eggeformet med rød dekkfarge og sprøtt, kremgult fruktkjøtt. Middels fast, saftig og sprøtt fruktkjøtt. Smaken er syrlig, god og aromatisk. Eplet har en god holdbarhet.
Summerred er middels stor, oval til eggeformet med rød dekkfarge og sprøtt, kremgult fruktkjøtt. Middels fast, saftig og sprøtt fruktkjøtt. Smaken er syrlig, god og aromatisk. Eplet har en god holdbarhet.
Sesong: September - desember.
1.kasse med Rød Gravenstein
Rød Gravenstein er en rød variant av vanlig gravenstein, og er etter hvert den mest vanlige. Smak og egenskaper er lik vanlig gravenstein. Gravenstein kommer opprinnelig fra Danmark og er klassikeren i norsk epleproduksjon. Den har vært dyrket i Norge i ca 200 år, og er fortsatt en av de viktigste eplesortene her i landet. Vi har to varianter: Gul og rød gravenstein. Gravenstein er gjerne storfalne, runde og litt knudrete rundt blomsterenden. Eplet er gult med rødt kinn og er lett å kjenne igjen på at skallet ”svetter” og virker fett .
Rød Gravenstein er en rød variant av vanlig gravenstein, og er etter hvert den mest vanlige. Smak og egenskaper er lik vanlig gravenstein. Gravenstein kommer opprinnelig fra Danmark og er klassikeren i norsk epleproduksjon. Den har vært dyrket i Norge i ca 200 år, og er fortsatt en av de viktigste eplesortene her i landet. Vi har to varianter: Gul og rød gravenstein. Gravenstein er gjerne storfalne, runde og litt knudrete rundt blomsterenden. Eplet er gult med rødt kinn og er lett å kjenne igjen på at skallet ”svetter” og virker fett .
søndag 25. oktober 2009
EINSEMD
EINSEMD
ER GOD Å HA
NÅR DU
KAN HA HENNE
FOR DEG SJØLV.
MEN HO ER
GRUSOM
SAMAN MED ANDRE.
KNUT SVOREN: "TANKAR I KVARDAGEN"
Dette diktet er svært tankevekkande..
Så eg fekk lyst å dele det med dokke..
Ha ei god arbeidsveke!
ER GOD Å HA
NÅR DU
KAN HA HENNE
FOR DEG SJØLV.
MEN HO ER
GRUSOM
SAMAN MED ANDRE.
KNUT SVOREN: "TANKAR I KVARDAGEN"
Dette diktet er svært tankevekkande..
Så eg fekk lyst å dele det med dokke..
Ha ei god arbeidsveke!
Etiketter:
dikt,
litt alvor
lørdag 24. oktober 2009
Tradisjon
Gjennom mange år er det blitt tradisjon at heimelaga Pizza står på menyen på laurdagskvelden. Viss det av ein eller anna grunn ikkje blir "Mamma-pizza" vert det protestar. Tradisjonar er det viktig å ta vare på, det gir gode barndomsminner.
I deiga prøver eg å ha litt grovt i, om ikkje anna så litt havregryn. Og eg lagar alltid så mykje deig at det blir nok til rundstykker til søndagsfrukost.
I deiga prøver eg å ha litt grovt i, om ikkje anna så litt havregryn. Og eg lagar alltid så mykje deig at det blir nok til rundstykker til søndagsfrukost.
Til fyll er det kjøttdeig eller aller helst karbonadedeig, gulrot, ananas og pizzafyll.
Og på toppen herleg raspa kvit ost.
Så når laurdagskvelden kjem samlar vi oss alle fem, et pizza og ser
"Hjarte på rette staden".
Det er kjekk tradisjon!!
Kva tradisjonar har du?
søndag 18. oktober 2009
Fager kveldsol smiler
Fager kveldsol smiler over heimen ned,
jord og himmel kviler stilt i heilag fred.
Berre bekken brusar frå det bratte fjell,
høyr, kor sterkt det susar i den stille kveld!
høyr, kor sterkt det susar i den stille kveld!
Ingen kveld kan læra bekken fred og ro,
ingi klokke bera honom kvilebod.
Så mitt hjarta stundar, bankande i barm,
til eg eingong blundar i Guds faderarm.
(Rinck/Hognestad)
Dette er eit innlegg til minne om mamma. For 9 år sidan døde ho av kreft.
Ho vart berre 71 år. Ho var den beste mamma som tenkjast kan.
Ho var ei støtte for alle ho møtte på sin veg.
Når eg og søstra mi var små sat ho på sengekanten og sang til oss.
Spesielt hugsar eg at ho sang "Fager kveldssol smiler".
Den dagen ho døde visste eg at eg og mine hadde mista ein forbedar.
Eg tenkjer ofte på mamma og på det ho var for oss alle.
No i oktober er det ein aksjon for å støtte Kreftforskning.
Ein rosa sløyfe aksjon som det er verdt å støtte. http://www.rosasloyfe.no/
tirsdag 13. oktober 2009
tirsdag 6. oktober 2009
Det vi skal gje kvarandre
Det fins bører vi må bæra
det fins smerter i oss
som ingen kan nå
der er rom som er avstengde….
Og likevel kan vi møtast
Å stå ved grinda og gripa ei hand.
La tida vera tid
og elvar renna opne
Ikkje alt fins det ord for
Ikkje alt kan vi gje
eller få
Men dét vi kan gje kvarandre:
å strekkja opne blikk mot einannan
La stengsler vera stengsler,
netter vera netter,
Og gje kvarandre kvile-
ei naken open stund av
nærleik
av Bente Bratland Mæland
Å kjenne nokon som har det vondt...
å kjenne nokon som kjempar...
å kjenne nokon som kjempar sin livs kamp...
det gjer noko med ein sjølv...
det fins smerter i oss
som ingen kan nå
der er rom som er avstengde….
Og likevel kan vi møtast
Å stå ved grinda og gripa ei hand.
La tida vera tid
og elvar renna opne
Ikkje alt fins det ord for
Ikkje alt kan vi gje
eller få
Men dét vi kan gje kvarandre:
å strekkja opne blikk mot einannan
La stengsler vera stengsler,
netter vera netter,
Og gje kvarandre kvile-
ei naken open stund av
nærleik
av Bente Bratland Mæland
Å kjenne nokon som har det vondt...
å kjenne nokon som kjempar...
å kjenne nokon som kjempar sin livs kamp...
det gjer noko med ein sjølv...
Etiketter:
dikt,
litt alvor,
Trist
søndag 4. oktober 2009
Glede
En dag er gått. Den gav meg irritasjon, ergrelse, problemer og oppgaver. Nå ser jeg tilbake på den. Og jo mer jeg tenker etter, desto tydeligere ser jeg at denne dagen har gitt meg grunn til glede. Under dagens mas hadde jeg ikke lagt merke til dette.
I morgen vil jeg være oppmerksom på det under dagens gang - og ikke først etterpå. Jeg er sikker på at det, tross alle bekymringer som venter meg, vil bli en gledens dag.
frå boka Glede hver dag av Rainer Haak
Denne boka fekk eg med mi vennine E til bursdagen min i 1997. Det er 12år sidan no, og mange gleder og mange sorger har eg møtt. Men ein ting er sikkert, det er viktig å lære seg å sjå gledene ein møter på livsvegen. Eit smil, ein uventa sms og ein solstråle i regnet. At nokon ser ein og dei behova ein har.
Måtte vi alle få ein fin søndag med mange gleder,
og ikkje minst ha auge og hjerte til å sjå dei.
Etiketter:
oppmuntring,
Venner
Abonner på:
Innlegg (Atom)