fredag 30. november 2012

Om å stå på eigne røtter eller var det føtter?


Det er mange slags tankar ein gjer seg av heilt vanlege ting..
Tre sviblelknollar hadde lagt ei stund utan å bli sett i jorda.
Men plutseleg ein dag fekk dei mold under seg og raskt tok det til å skje noko..

Dei byrja å røyse seg opp og opp..
Ville stå på eigne føtter eller var det røtter..
Stilig!

Det fekk meg til å tenke på:

Gi barnet røtter til å vokse -
og vinger til å fly!
-Norsk ordtak-

Kanskje det første er det enklaste?

Pst: eg begynne visst  å bli litt lilla her inne no, Advent er rett rundt hjørne.
Og tenk, på tysdag kjøpte eg den 1.Julegåva dette året
Og til helga skal Julekorta skrivast, kanskje...

-fin dag til deg der du er-

torsdag 29. november 2012

Himmelsk Ålesund


Tja, er Ålesund ein Himmelsk by?
Kanskje ikkje i ordets rette forstand :-)


Bidrag til Petunia si
Himmelsk utfordring
4987378325_b77095bd20_b[1]

Dette bilete er tatt i full fart sist veke. Var på kurs i bystyresalen på Ålesund rådhus.
Til vanleg vert Ålesund presentert som Jugend byen.
Men Ålesund har også ei anna side...
Eit pulserande bybilde med bygging/renovering, båttrafikk/fiske og parkerte bilar.
Levande menneske som vandrar til og frå arbeid, butikkar etc.

Er det ikkje slik med dei fleste, at ein ikkje berre har ei side..
At ein kan vere ulik alt etter kva rolle ein har?


(Må ikkje misforstå, eg syns Ålesund er ein flott by.
Men den har mange ulike sider og ikkje alle er like flotte.)



..............................
Og i desse Advents- og Julekalendertider så kjem eg med eit svært godt tips.
Besøk sida:
En Julekalender for voksne 

Det er Unicef som står bak den.

mandag 26. november 2012

GJERDER / FENCES

 
Helen med bloggen

Alt som er vakkert

vil ha bilete av
 
på Mandagstema denne veka.
 
Frå gamalt av var gjerde nyttige.. Dei skulle skille mellom ditt og mitt!
Dei skulle stenge dyra ute eller inne.
 
Men det finst nokre gjerde som eg er redd for:
Dei gjerda vi sette opp inne i oss og mellom oss..
Vi er ofte så redde dei andre at vi ikkje tørr å sleppe nokon ordentleg inn på oss.
Og så går vi der meir aleine enn det som er nødvendig.
 
På eit tidlegare innlegg har eg sitert Stanley Jacobsen sin flotte og tankevekkande song:
 
Sangen Guds kjærleik har med ei setning som lyde slik:
 
Og endå er det murar oss imellom,
og gjennom sprinkelverk vi tøyer hand.
Vårt fangerom er murt av redsle-steinar,
og fangeklede er vårt stengde eg.


Det har eg skreve om på ein innlegg som heiter:
 
Eit gjerde og ein mur har litt av den same eigenskapen,
eit stengsel...
 
Så kan ein seie at det nødvendigvis ikkje alltid er så godt å vere open.
Somme har brent seg på det også.
Sjølvsagt må vi kvar einskilt kjenne på våre eigne grenser.
 
Men eg trur vi hadde tjent på det som menneske, det å tørre å vere litt meir open
overfor andre og kanskje det kan gjere at dei tørr å vere open overfor oss?
 
VONAR AT AKKURAT
DU
HAR DET BRA!

 

søndag 25. november 2012

Ikkje få panikk...

Stadig fleire er i Julemodus og er visst snart klare til fest..

Om eg er det? Nei, langt i frå.

Det er då eg kom til å tenkje på orda: Ikkje få panikk!

Det vert Jul i år også!

For kva er JUL: 1.Glede, 2.Gåver, 3.Pynt, 4.Mat, 5.Lys, 6.Musikk, 7.Julefest, 8.Engler, 9.Stjerner,10.Juletre, 11.Julekrybbe, 12.Nissar, 13.Julebord, 14. ........

Men er det ikkje noko som manglar:

For kva er den eigentlege grunnen til at vi feirar Jul?



Jeg snublet omkring i svarteste natten
Da tente du stjernen med lys ifra deg
Jeg følte meg ensom og tom og forlatt
Da du viste du tenkte på meg

Jeg hutret og frøs da du gav meg din varme
Du så vel at jorda var naken og kald
Du lengtet til meg, og du sendte meg barnet
Og viste meg vei til en stall

:/: Himmel på jord
En glede så stor
Jeg er'ke alene
Her jeg bor :/:

Jeg sloss og jeg led, gjorde alt for å vinne
Da hørte jeg englene synge om fred
Legg våpnene ned, det er jul du må finne
En fred inni hjertet et sted

:/: Himmel på jord
En nåde så stor
Jeg er'ke alene
Her jeg bor :/:

Hver gang jeg ser opp på min himmel så vet jeg
At undrenes under er det som har hendt
Jeg føler meg trygg for jeg slipper å lete
Nå vet jeg hvor stjernen ble tent

:/: Himmel på jord
En nåde så stor
Jeg er'ke alene
Her jeg bor :/:

Jeg er'ke alene her jeg bor...


(tekst: Jan Vincents Johannessen)

Høyr Kurt Nilsen synge Himmel på jord

Mitt i Advents- og Julestria er det godt å vite...


Måtte vi alle få ei fin tid før klokkene ringer Jula inn!

mandag 19. november 2012

....novembersol....


Det er ein våt og hustrig novemberdag..
November er den siste haustmånaden.

- den triste og grå månaden -

Men kva skjer?
Kva er vel vakrare enn 
NOVEMBERSOL?

Berre eit glimt skal til for at ein skal kjenne 
at dagen vert litt lysare og gladare!
På grunn av eit jobbærend fekk eg nyte dette vakre
augneblikket før eg måtte haste vidare..

Men du og du kor godt det var!

søndag 18. november 2012

EN SMAK AV . . / A TASTE OF . .

 
FRUKT!
 

Helen med bloggen Alt som er vakkert utfordrar oss igjen..

Mandagstema denne gongen er:

 
Bilete er teke i Tobias sin Konfirmasjon i mai.
Herleg når det i tillegg til eit hav av gode kaker også finst eit sunnare alternativ.
 
VONAR VEKA DI VERT GOD!

fredag 16. november 2012

jeg klamrer meg










du ser alt jeg ikke er, men vil være

du ser alt det som jeg gjør, men ikke vil

kjære Gud, jeg ser det mer og mer

jeg strekker bare ikke til

 







jeg klamrer meg til nåden
 
og jeg søker dine øyne
 
takk, Jesus for din kjærlighet
 
for at du møter mine


 

jeg vil så gjerne gjøre alt helt rett
 
for å vise at jeg elsker deg
 
kjære Gud, jeg ser det mer og mer
 
min stige rekker ikke opp

Rudi Myntevik - Klamrer

Sjå og høyr teksta her

--------------------------------------------

Etterord:
For meg er det godt å ha Jesus å gå til både i gode og vonde dagar.
 

torsdag 15. november 2012

Himmelske Molde seilet

 
 Eit litt forsinka
Gratulere til Molde :-)
Vi unner dokke dette!
Av og til bør ein legge vekk fogderistriden.
 
 
 
Mitt bidrag til
4987378325_b77095bd20_b[1]

onsdag 14. november 2012

Liebster Blog ♥ award



Tusen takk til Hanne med bloggen
 
Eg gir den meir enn gjerne tilbake til henne,
for Hanne sin blogg er ein blogg eg alltid må innom når ho kjem med nye innlegg.
 
Og kven andre bør få den?
 
Det er så mange flotte bloggar!
 
Ein god del ynskjer ikkje Awardar.
Gjekk på ein "smell" der då eg gav ut:  I ♥ your blog award
 
Og så var det antal følgerar som ikkje burde vere meir enn 200...
 
Grunnen til at eg deler er at andre skal oppdage flotte bloggar
og det er ingen tvang til å dele den vidare viss ein ikkje ynskjer det..
 
1. ..miamor sin blogg.. fangar stemning der ord og bilete går hand i hand
2. Hverdagsglede  er ein blogg som nettopp omhandlar det
3. Min kreative hverdag interiør, foto, dikt og litt til..

Dette vart så vanskeleg at eg gir meg der...
Men innimellom vil eg nok tipse om andre bloggar som du bør sjå innom :-)
 


Sneak peek


frå kjøkkenet vårt..

Frå venstre:
1.Tallerkenhylle kjøpt på flyttesalg hjå mor til Mie med den herlege bloggen
Mies mirakler (hadde fyrst tenkt å male, men akkurat no skal den få vere brun)
2. Blå tallerken arva etter foreldra mine
3. Har du sett på maken ... Ein engel har snike seg inn for å minne om at det snart er Advent og Jul

I midten: kort frå EGEDENNE som har tatt eit stort valg, er flytta for å få vere saman med sin kjære!

Til høgre: nye kjøkken gardiner som eg er svært fornøgd med.

Vonar onsdagen din er god :-)

mandag 12. november 2012

"DEN BLÅ TIMEN" / "THE BLUE HOUR"


 
Helen med bloggen
 
 
utfordrar oss til å finne bilete frå 
 
 
 
 
Og då måtte eg leite i arkivet.
Dette er tatt då eg var på kurs på Holmavatn.
Kjekt å få oppleve vakre Jæren.
 
Vonar veka di vert god :-)

..........................

Blå salme

av Erik Bye (1926-2004)

Jeg synger meg en blå, blå salme
når dagen svinger hatten til farvel
og ror med sakte åretak mot strender
dit alle dager ror når det blir kveld.
Da søker jeg min hvile
ved treets trygge rot
mens sankthansormer gløder grønt
i gresset ved min fot.
Da synger jeg min salme.

Jeg synger meg en blå, blå salme
og takker for all grøde som ble min.
For lyse døgn, for barneskritt i tunet
og dine gode kjærtegn mot mitt kinn.
Men òg for våkenetter
som aldri unte ro
men gav min dag et dunkelt drag
jeg aldri helt forsto.
Nå synger jeg min salme.

Jeg synger meg en blå, blå salme
til deg, du Hånd som sanker og som sår
og senker deg med signing over jorden
med legedom for alle våre sår.
Som byr oss rette ryggen
stå opp og gå i strid.
med løftet hode skal hver sjel
gå inn i Herrens tid.
Så synger vi vår salme.
.........................

Hilde Heltberg syng Blå salme 

søndag 11. november 2012

Farsdag

Pappa i huset på tur til hytta vår saman med gutane våre.
 
 
Så er det Farsdag i Noreg.
Ein dag då faren i huset skal få litt ekstra merksemd.
 
Det har blitt sagt at:
 
Det viktigaste ein far kan gjere mot borna sine er å elske mora deira!
 
Men eg tenkjer det også går den andre vegen:
 
Det viktigaste ei mor kan gjere mot borna sine er å elske faren deira!
 
Spirea med den vakre bloggen Hjertespor har eit fantastisk innlegg:
 
 
Eg annbefalar alle til å lese det. På slutten står dette:
 
Og om jeg ikke helt forsto det før, har jeg siden den dagen forstått at et ekteskap krever daglig innsats, pleie - og en daglig bestemmelse. Så hver eneste dag bestemmer jeg meg. Hver eneste dag velger jeg min enestående mann - fremfor noen annen - og jeg bestemmer meg for å holde liv i lidenskapen og kjærligheten oss i mellom. Kjærligheten er ikke bare følelser, den er også et valg - og ikke en eneste dag har jeg angret på at jeg tar en så viktig bestemmelse - hver dag....

Klem,
post signature
 
Takk kjære Spirea for at du deler slike opplevingar frå livet ditt.
 
Og til alle menn som er fedre og ikkje minst til min ektemann og far til dei tre gutane våre:
 
GRATULERE MED FARSDAGEN!!

lørdag 10. november 2012

Himmelsk Fager kveldsol

 
Fager kveldsol smiler
Over heimen ned,
Jord og himmel kviler
Stilt i heilag fred.
 
Berre bekken brusar
frå det bratte fjell.
Høyr kor sterkt det susar
i den stille kveld.
 
Ingen kveld kan læra
bekken fred og ro,
inga klokke bera
honom kvilebod.
 
Så mitt hjarta stunder
bankande i barm,
til eg ein gong blundar
i Guds faderarm.
 
...............
Mitt bidrag til
 
 
GOD HELG!

onsdag 7. november 2012

I ♥ your blog

Tenk at nokon ♥ min blogg!!
Kjære Hm-Bente! I ♥ your blog too! Tusen takk!
Gjennom din blogg kan eg le og gråte.

Her er reglene for Awarden:

1. Takke og linke til bloggeren man har fått awarden av
2. Gi utmerkelsen videre til fem blogger og gjøre dem oppmerksom på det.
3. Kopiere post-it lappen og sette den på bloggen.
Den skal sendes til kanskje en ny blogg, eller en blogg som ikke har utrolig mange følgere enda.

Over til dei 5 som skal få den:

1. Bratte bakkar og grøne lier: Tek flotte bilete og har stor sans for humor.
2. Dronninghuset: Er SÅ flink ein kunstnar og deler så mykje fint.
3. Diamantar i en fjellside: Deler den flotte naturen rundt seg.
4. kontrastbloggen: Skriv vakre tankevekkande dikt. Og om Parkinson.
5. Rantenhagen: Tek dei flottaste naturbilete både frå hagen og ellers.

Det var dei 5 som fekk litt merksemd i kveld.
Seinare ein dag vert det ny merksemd til 5 nye som skal få Liebster Blog Award :-)

PS: Ingen tvang for dei som får den om å måtte dele vidare..
Men syns dette er ein flott måte å vise fram andre bloggar som ein gjerne vil at andre også skal lese!

tirsdag 6. november 2012

LYSPUNKT / BRIGHT SPOT

 
Herlege Helen med bloggen
Alt som er vakkert
 ber om
på Mandagstema denne veka.
 
Dette er eit ferskt Lyspunkt frå ein snartur i fjøresteinane på søndag.
Heilt utruleg for ei høg flo det var.
Kan nesten tru bilete er tatt ved eit vatn og ikkje ved sjøen.
-----------

Andre lyspunkt i det siste:
 
Eg har fått to flotte Awardar.
Ein frå Bente med bloggen Hm
og
ein frå Hanne med bloggen Livets små øyeblikk
 
Besøk desse flotte bloggvenninene mine.
Begge har ein kvardag som krev litt ekstra.
Og begge har ei flott formidlingsevne.
 
Når eg får litt meir "bloggtid" vil eg dele vidare det eg har fått.

---------------------

søndag 4. november 2012

Himmel og hav

 
kor fint det er med slike dagar!
 
Er eg ikkje heldig som bor slik til at i løpet av 5 minutt kan eg nå fjøresteinane?
 
Er litt fråværande i bloggverda no, men kjem sterkare tilbake.
 
Tenkjer på dokke alle!
 
Måtte di veke verte god!
....................

BIDRAG TIL HIMMELSK HJÅ PETUNIA

4987378325_b77095bd20_b[1]