Viser innlegg med etiketten Sunnmøre. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sunnmøre. Vis alle innlegg

torsdag 9. juli 2015

SKODJE BRU


NYDELIGE SKODJE BRU FRÅ 1922.

LITT INFORMASJON:

Skodje bru, som var ferdigstilt i 1922, skal vere den største buebrua i Skandinavia, og er eit arkitektonisk og handverksmessig meisterverk. Steinen i bogane og i endekara er handhogd. Bindingsmuren er gjort av brun klinkerstein.
No er den gamle brua stengt for biltrafikk, og ei ny bru, Straumsbrua, teken i bruk frå 3. juli 2004.
Området ved Straumen og den gamle brua er ei perle, og ved bygginga av ny bru vart det lagt vinn på at den nye brua skal stå arkitektonisk i harmoni til den gamle brua. Dette har ein lukkast med, og området framstår no som ein attraksjon det er vel verdt å få med seg. Skodje bru er blitt gang- og sykkelveg, og skal takast vare på som kulturminne. Statens vegvesen har lagt til rette for publikum mellom anna med eit utkikkspunkt og parkeringsplass på nordsida av nybrua. Det er her også lagt til rette for funksjonshemma. Den nye brua har fortau og er opplyst, og den gamle brua vil bli lyssett for at den skal kome til sin rett også på kveldstid.  (henta frå her)



STRAUMSBRUA SOM VAR NY I 2004 ER OGSÅ VAKKER Å SJÅ PÅ.

.....................
SOMMAREN HAR HITTIL VORE KALD. MEN INNIMELLOM GLIMTAR DET TIL.
DÅ ER DET BERRE Å "KASTE" FRÅ SEG ALT EIN HAR I HENDENE OG KOME SEG UT I DET FRI. 

ER DU PÅ SUNNMØRE ER EIT BESØK PÅ SKODJE BRU VEL VERDT Å FÅ MED SEG.


................................


lørdag 14. februar 2015

Timeout på arbeidsvegen



Innimellom må ein berre ta timeout!
Berre stoppe opp og puste.
Kjenne at ein lever!




Sola leikar seg på himmelen, i skyene og i havet.
Det er februar og det er vinter..
Men SÅ uendeleg vakkert!

God helg!
...............................................

Deler på Helgegleder og på Skywatch Friday

mandag 11. august 2014

Å puste i det fri...


Så godt å kome ut og opp i det fri.
Kjenne sola varme.
Vere saman.
Gå tur.
Puste.


Nyte den vakre utsikta når sola går ned.
Kjenne at ein lever.
Og at det er godt å ha ein heim som ventar.

....................
Vonar du får ei fin veke!


lørdag 21. september 2013

Siste rest av sommar?



Søndag for 14.dagar sidan la vi opp til ein fottur i haustvarmen. 

Valget falt på ein fjellrygg mellom Stordal og Dyrkorn. 

Turen starta på Vikastølen ved Dyrkornvatnet 

og gjekk opp på toppen av Vikahornet. (637m)

Og for ei belønning når vi kom på toppen.

Ei utruleg flott utsikt!

Herleg å nyte ettersommaren!

..........................

Linka til



GOD HELG!




onsdag 28. august 2013

Ca.1230m over kvardagen


Høgt "hang" den, men "sur" vart vi ikkje..

Roaldshorn!

Oss var no ikkje heilt på toppen, men valgte minste motstandsveg.

Når tida er knapp og der går Gondol, ja så velge ein det.

For ei utsikt!

Er du nokon gong på Stranda sommarsdag (medan Gondolane går)
 så må du unne deg ein tur på toppen for å nyte kor vakkert det er!

Det var fyrste gongen eg var der, men ikkje siste..
Og neste gong skal eg ha så god tid at eg får meg tur heilt på toppen også.

................................

Vonar du har ein flott onsdag!


Linka til:

Ein stück himmel - A piece of heaven  

mandag 8. juli 2013

#nrksommeråpent#


På laurdag sende NRK Sommeråpent i frå Ålesund.
Ei flott reklame for byen og Sunnmøre.

På søndag var alt stille og roleg.
Båten reiser i kveld mot Trondheim.
Takk for besøket og god tur!
.................
Og for den som ikkje fekk det med seg kan ein besøke 
.........................

FIN SOMMARVEKE :-)
.......
PS: Det er Hurtigruteskipet MS "Ragnvald Jarl"
og tidlegare skuleskip MS "Gann" dei reiser med.
No heiter båten MS "Sjøkurs" og vert brukt av
Sørlandets maritime vidergående skole i 
Kristiansand. 
Den var difor ledig for oppdrag for
NRK.

Du kan lese meir om båten her
Og meir om NRK si Sommeråpent satsing her


torsdag 29. november 2012

Himmelsk Ålesund


Tja, er Ålesund ein Himmelsk by?
Kanskje ikkje i ordets rette forstand :-)


Bidrag til Petunia si
Himmelsk utfordring
4987378325_b77095bd20_b[1]

Dette bilete er tatt i full fart sist veke. Var på kurs i bystyresalen på Ålesund rådhus.
Til vanleg vert Ålesund presentert som Jugend byen.
Men Ålesund har også ei anna side...
Eit pulserande bybilde med bygging/renovering, båttrafikk/fiske og parkerte bilar.
Levande menneske som vandrar til og frå arbeid, butikkar etc.

Er det ikkje slik med dei fleste, at ein ikkje berre har ei side..
At ein kan vere ulik alt etter kva rolle ein har?


(Må ikkje misforstå, eg syns Ålesund er ein flott by.
Men den har mange ulike sider og ikkje alle er like flotte.)



..............................
Og i desse Advents- og Julekalendertider så kjem eg med eit svært godt tips.
Besøk sida:
En Julekalender for voksne 

Det er Unicef som står bak den.

mandag 19. november 2012

....novembersol....


Det er ein våt og hustrig novemberdag..
November er den siste haustmånaden.

- den triste og grå månaden -

Men kva skjer?
Kva er vel vakrare enn 
NOVEMBERSOL?

Berre eit glimt skal til for at ein skal kjenne 
at dagen vert litt lysare og gladare!
På grunn av eit jobbærend fekk eg nyte dette vakre
augneblikket før eg måtte haste vidare..

Men du og du kor godt det var!

torsdag 25. oktober 2012

Himmelsk stemning


Ute lavar snøen ned og eg er ikkje klar.........
 
Difor blar eg i bilda mine og finn dette Himmelske bilete frå sist søndag.
Er så glad for at mannen inviterte meg på tur og ikkje minst at eg sa ja til å bli med.
Slike dagar som dette er medisin og påfyll no når vinterhalvåret bankar på.
 
Dette er mitt bidrag til
4987378325_b77095bd20_b[1]
 
Takk til henne for at ho samlar så mange bloggar til eit så herleg fototema.

lørdag 13. oktober 2012

Himmelsk med melis på toppane

Bilete teke på ferga mellom Hareid og Sulesund i ettermiddag.
 
 
Slike haustdagar som dette kan eg også leve med...
Då er ikkje hausten SÅ trasig som eg ellers kan oppleve den..
Misunner litt dei som tek kvar Årstid i famn med like stor glede!
 
Måtte din søndag verte god!
................

Mitt bidrag til
 Himmelsk hjå Petunia

4987378325_b77095bd20_b[1]
 



onsdag 2. mai 2012

Motlys - tidleg morgon


Ei herleg morgonstund før arbeid måtte eg stoppe opp og ta nokre bilder ved

ein fjord som stadig imponerar meg med sine ulike fargar og mønster.

    Bildet er tatt i motlys.

Det passa bra, for no har Øyeblikkjentene nettopp temaet

"Motlys"

på sin Øyeblikk fotokonkuranse.

Dette skriv dei:

"Lyset er det som skaper magien i fotografiet. Ved å leke med lys, vil vi bevege oss ut i ulike landskap.

Denne gangen er det motlyset det skal eksperimenteres med.
Å fotografere i motlys er mange skeptiske til, da de er redde for at motivet
skal bli for mørkt og bakgrunnen for lys; et problem som enkelt kan løses
med en blits eller reflektor. Det er ved å fotografere i motlys, du kan gi
motivet en egen glød, en skinnende glorie, oppnå spennende "lens flares"
eller skape flotte siluetter."

Kanskje du også vil bli med?

fredag 20. april 2012

Himmelsk blå



Måtte berre dele dette bilde, heilt utan redigering :-)

Å vi skal få flere slike dager,

vi skal få kjenne livet er skjønt,

vi skal få synge om våre gleder,

vi skal få leve slik vi har drømt..

høyr Ivar Skippervold


Fleire Himmelsk

hjå Petunia

4987378325_b77095bd20_b[1]

GOD HELG!

lørdag 24. mars 2012

No skin det sol

 

Petunia ville gjerne ha bilete frå heimstaden vår denne gongen på Himmelsk.

På ein liten fjøretur saman med mannen min fanga eg dette motivet.

Ja, det er VÅR!

Og eg fekk lyst til å syngje saman med VÅRSØG: No skin det sol...

 

Måtte alle få ei god helg der ein kan få litt energi til kvardagen..

Og dei som må jobbe vonar eg får nyte litt sol etterpå :-) 

....................................................................................................................................................................

VÅRSØG
av Hans Hyldbakk

No skin det sol e høgste Svealiå
No bli det vår, det kjenne e so vel
De søng så trongt kring alle dalasiå
å synnåvinn han kjem å gjer me sel.

Når sommarn kjem, da bli det fint e fjellå,
da ska e dit å hør kår bekkjinn søng,
å kliv te topps e brattast berjestellå
å vea tort å tåg å tåbærløng.

E kjenne lokt tå gras kring alle haua,
å sola skin, å bjøllåin kling så kløkt.
Å tjønninn legg så blank der e ska laua
me berg ekreng, der e kainn sol me trøkt.

Å du, å du, kår sårt å sælt e stoinna,
når sola skin frå kvite høgdå ne.
Da væt e vår'n han e kje lenger oinna
at e får levva slik ein somar te.

Da væt e vesst at bekkjinn legg å venta
poinn kalle isa me så sval ein drekk.
- Når hausten kjem å sistkveldskløva henta,
da ska e takk for sommarn så e fekk.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------