Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg

onsdag 25. februar 2015

Helgeglede



I siste liten deler eg mi 
Helgeglede 
hjå Vivishagerom og litt til.

Å få besøke søstra mi til ein kveld med god mat 
og god prat er ikkje feil..
Takk for at vi fekk kome!

...............

"DE VENNLIGE ORD SOM SIES I DAG,
KAN BÆRE FRUKT I MORGEN!"

-M.GANHDI-

onsdag 30. juli 2014

Det er lov å la seg friste...


til ein heilt enkel kvardagsdessert med:

YOUGHURT
BANAN
FERSKE BRINGEBÆR
CASHEWNØTTER
.............
NYT!

tirsdag 3. september 2013

tirsdag 16. juli 2013

Juli 2013


Fyre i kaminen!


Mannen laga herleg fiskesupppe.
Må ha noko å varme seg på når
gradestokken ligg på 10grader.


Og innimellom regnbygene ein 
snartur vår vesle Jordbæråker!
.......
Korleis er din sommar?

onsdag 6. februar 2013

Endeleg.........


Etter eit kurs på høgskulen uti byen hadde eg 
nokre ærend inn på Moa.

Som seg hør og bør må ein då ta seg ein tur på OBS.

Og kva stod der og venta på meg:


Vår gamle gode Bosch har gjort jobben sin etter over 25 års tjeneste.

Nesten alle eg har snakka med (uten om ei) har anbefalt meg
Kenwood Major til ny kjøkkenmaskin. 

Og når prisen var godt under det eg har sett
tidlegare måtte eg berre slå til.

Så her etter vert det vel andre BOLLER ;-)

mandag 3. desember 2012

DESEMBER-STEMNINGER / DECEMBER MOODS

Helene med bloggen
utfordrar oss igjen.
Denne gongen er det
 
 
ho vil ha på Mandagstema.
 
Kva gir vel meir stemning enn eit bakebilde?
 
 
Det er mi kjære storesøster som svingar kjevle så flott.
Mamma brukte å kome til systra mi i slutten av november.
Då var det baketid!
 
Etter at mamma døde i år 2000
har vi prøvd å halde tradisjonen i hevd.
 
Så no er årets produksjon av lefser ferdig baka og ferdig smurt i frysaren.
 
Herleg!! 
 

søndag 18. november 2012

EN SMAK AV . . / A TASTE OF . .

 
FRUKT!
 

Helen med bloggen Alt som er vakkert utfordrar oss igjen..

Mandagstema denne gongen er:

 
Bilete er teke i Tobias sin Konfirmasjon i mai.
Herleg når det i tillegg til eit hav av gode kaker også finst eit sunnare alternativ.
 
VONAR VEKA DI VERT GOD!

mandag 1. oktober 2012

Solbærhaust - Mandagstema


Helene med bloggen
har også denne veka invitert oss med på
 
Det beste med hausten for min del er når Solbæra modnar
og eg får plukke den inn for å koke Solbærsyltetøy!
 
Har du nokon gong tatt i lauvet til Solbærbuska
og gnidd det i hendene dine?
Det vert ei fantastisk duft :-)
 
No er Solbærhausten over,
men i kjøleskapet kan eg finne herleg syltetøy!
 
Tidleg i mi bloggkarriere skreiv eg dette innlegget:
 
------------------
Tenk det alt er oktober.
Tida flyg eller kjem ho?
 
klem frå Sigrid

søndag 13. mars 2011

Nihonkoku (日本国), «solopphavsland».

Sist sommar gjorde eg og ei vennine endeleg alvor av planane om
å besøke Inger før ho skulle reise.
Hjå henne fekk vi servert Japansk mat. Spennande og godt!

Japan er nok det landet som ligg Inger sitt hjarte nærmast.
I fleire periodar har ho vore der som misjonær.

Inger er i Japan utsendt frå NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband).
Ho er der for at fleire skal få høyre om Jesus.
På desse orda frå Matteus 28 har ho reist ut:
18 Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 
19 Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar! Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen 
og Den heilage ande 20 og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. 
Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»


Og no er ho der nede, midt i eit jordskjelvramma land.
Inger bor ikkje nær det området som er ramma,
men alikevel er kvardagen rundt henne prega av at landet ho bor i er inne i ei krise.

Tankane mine er hjå Inger og andre eg kjenner som bor i Japan.
Og ikkje minst er tankane hjå dei som er hardast ramma,
dei som har mista nokon av sine eller heimen sin.
...............................................


Du har gjort min angst til din
Gud, bare dette har jeg tilbake: å stole på ditt løfte til dagen gryr og morgenstjernen viser seg.
Du har oppfylt natten med ditt nærvær,
gjort min angst til din angst,
min ensomhet til din ensomhet,
mitt rop til ditt rop.
Jeg tror det, ikke fordi det kjennes slik, men fordi du har sagt det.
Hør oss i vår nød
Himmelske Far, vi overgir oss i din sterke hånd og roper til deg i vår nød. Sorgen er tyngre enn vi kan bære; savnet større enn vi kan tåle. La vårt rop komme til deg. Hør oss i vår sorg og nød, for Jesu Kristi skyld.
(funne her)


tirsdag 16. november 2010

Dagens middag

bilete lånt på www.leroy.no

Fekk lyst til å dele dagens middag 
med dokke..
Ingenting er så snerte som laksefilet som ein berre 
kan sette rett i omnen :-)
Og for å gjere det litt ekstra godt var 
eg lydig og fulgte råda på pakken..
Paprika, sopp og løk fekk plass innimellom laksebitane.

Laks inneheld vitamin D og 
dei fleirumetta omega -3 fettsyrene 
EPA og DHA.

HA EIN FORTSATT FLOTT TYSDAG!

lørdag 16. oktober 2010

Epledagen

bilete funne her

Torsdag var Vinterdag og Refleksdag...

Søndag er det EPLEDAGEN!!

Så kom i gang og bak eplekake!

Meir info om epledagen og epler finn du her og her.

GOD HELG :-)

lørdag 26. juni 2010

Olivers


Årets Blåtur med jobben var svært innhaldsrik..


Etter mange koselege stopp på vegen enda vi på Olivers .


Der fekk vi Oliven og Olivenolje m.m til forrett og til slutt Tapas


Dei fleste klarte ikkje å gå utan å handle ein god del :-)



Til slutt enda vi her..

Der fekk vi herlege Jordbær med krem og vaniljesaus.



Tusen takk til R og M for innsatsen!

torsdag 24. juni 2010

Mmmm


 Bilete lånt på frukt.no



fekk ikkje du også lyst på vafler med Jordbær- og rabarbrasylte på?

Meir inspirasjon kan du finne her.

I går var det Jonsokaftan og i dag er det Jonsokdagen.

Nyt sommaren der du er!

torsdag 3. juni 2010

Mmmmm


Bilete funne  her på nrk

no fekk eg lyst på Rabarbra..

Har berre ei pittelita rot i hagen,

men kanskje nok til ein Rabarbrapai?

Eg må gå å finne det ut..

Gå ellers innom her så vert du også inspirert..

For det skal visst vere veldig sunt..

Rabarbra inneholder både A-, B- og C-vitaminer, i tillegg til mineraler som kalsium, kalium og magnesium. Og med sin typiske sure smak, gjør rabarbra noe spennende med det snille og søte. Jordbær og rabarbra smaker fantastisk godt sammen.


fredag 12. mars 2010

Bakemodus


I Møre og Romsdal er det mange lokalaviser. Ei av dei heiter Storfjordnytt og blir gitt ut på indre Sunnmøre. Dette vesle stykket er henta frå denne avisa. Eg syns det er så godt skreve at eg berre måtte dele det med dokke. Viss du trykke på det vert det så stort at du klare lese det.

Rett og slett til inspirasjon. Ha ein god bakedag :-)

God fredagskveld!!

onsdag 25. november 2009

Farge






















Når hausten kjem og mørket kjem sigande får eg behov for meir fargar...
Noko som kan gi meg litt energi...

Difor vart desse innkjøpt frå

Ein finn sikkert billigare Skjærebrett rundt om,
men eg syns prisen ikkje var så ille.

Skjærebrett, 4 stk
4 harde plast-skjæreunderlag med ulike farger og symboler for kjøtt, fisk, fjærkre og grønnsaker. Enkelt, renslig og praktisk. Hindrer overføring av eventuelle smittebakterier.(kr.149,-)

tirsdag 27. oktober 2009

Epletid

Eplebilete og fakta om eple frå frukt.no

Tenk eg har fått kjøpt meg to kasser med eple frå Marifjøra..
Herleg epleduft sprer seg kvar gong eg vitjar lagringsstaden..
Så no startar eg kvar dag med eit glas vatn og eit eple på fastande hjerte..

An apple a day keeps the doctor away..
det går no ann å håpe i allefall ;-)

I helga vart det eplekake med metoden ein desj ditt og ein datt, og etande vart det..

Eg hugsar godt min barndom då epleseljarane kom frå Nordfjord..
ei anna dialekt (nesten frå utlandet) og kjekt å få eple i hus..

1.kasse med Summerred
Summerred er middels stor, oval til eggeformet med rød dekkfarge og sprøtt, kremgult fruktkjøtt. Middels fast, saftig og sprøtt fruktkjøtt. Smaken er syrlig, god og aromatisk. Eplet har en god holdbarhet.
Sesong: September - desember.

1.kasse med Rød Gravenstein
Rød Gravenstein er en rød variant av vanlig gravenstein, og er etter hvert den mest vanlige. Smak og egenskaper er lik vanlig gravenstein. Gravenstein kommer opprinnelig fra Danmark og er klassikeren i norsk epleproduksjon. Den har vært dyrket i Norge i ca 200 år, og er fortsatt en av de viktigste eplesortene her i landet. Vi har to varianter: Gul og rød gravenstein. Gravenstein er gjerne storfalne, runde og litt knudrete rundt blomsterenden. Eplet er gult med rødt kinn og er lett å kjenne igjen på at skallet ”svetter” og virker fett .
Gravenstein er svært saftig og et nydelig spiseeple med en litt syrlig, fin aroma. Godt egnet også til bakverk og med god holdbarhet.

lørdag 24. oktober 2009

Tradisjon


Gjennom mange år er det blitt tradisjon at heimelaga Pizza står på menyen på laurdagskvelden. Viss det av ein eller anna grunn ikkje blir "Mamma-pizza" vert det protestar. Tradisjonar er det viktig å ta vare på, det gir gode barndomsminner.

I deiga prøver eg å ha litt grovt i, om ikkje anna så litt havregryn. Og eg lagar alltid så mykje deig at det blir nok til rundstykker til søndagsfrukost.

Til fyll er det kjøttdeig eller aller helst karbonadedeig, gulrot, ananas og pizzafyll.
Og på toppen herleg raspa kvit ost.

Så når laurdagskvelden kjem samlar vi oss alle fem, et pizza og ser
"Hjarte på rette staden".

Det er kjekk tradisjon!!

Kva tradisjonar har du?


søndag 30. august 2009

Når 2 blir 1, eller siamesiske gulerøtter...

Mat kan også vere annleis enn det vi forventar...
Eg syns no dei/den var litt søt også.
Kanskje dei tenkte: Saman er vi sterke?
Ha ei flott arbeidsveke!
Og til alle som føler at dei regnar vekk, kanskje eit håp om billigare straum til vinteren?

onsdag 22. juli 2009

Eg "elskar" solbær ;-)

Å, solbær er bra godt...

Ete den heilt enkelt frå solbærbuska eller som syltetøy..

Ute på omnen kokar solbærsylte akkurat no!






Her kjem tre ulike oppskrifter:

Mammas solbærsylte
1 kg solbær
0,5 l vatn kokes opp
0,5 kg sukker røres i
evnt.jam/certo
evnt. maizenna viss sylta er tynn

Svigermors solbærsylte
2 kg bær
1l vatn
3 kg sukker

Evas solbærsylte
1 l bær + 2,5 dl vatn + 1 kg farin

Ps: Kan nokon gjette kva som er favoritt isen?



Ja, nettopp Sol-is. Eg masa på Diplom-Is om at dei måtte begynne med den igjen. Og så plutseleg var den der.... Hurra!

(Skal ikkje ta all æra, måtte vel fleire til enn eg vil eg tru)

Litt info:
Fra Wikipedia, den frie encyklopedi (der også bilde kjem frå)

Solbær
En solbærbusk med frukt
Vitenskapelig(e)navn:
Ribes nigrum
Norsk(e) navn:
Solbær
Hører til:
Ripsfamilien,Saxifragales,
egentlige tofrøbladede planter,dekkfrøede planter
Habitat:
Temperert klima
Utbredelse:
Hovedsakelig
Europa
Solbærplanten er en
buskvekst i ripsfamilien som foretrekker et temperert klima. Plantens frukt er små bær med en mørk lilla, nesten svart farge. Bærene er rike på C-vitamin og har en svakt bitter smak, og brukes blant annet til gelé, syltetøy, saft, konfekt (fyll), yoghurt, iskrem og vin.
Solbær er mest utbredt i Europa og er spesielt populært i
Storbritannia. Under andre verdenskrig oppfordret den britiske regjeringen til dyrking av solbær siden bærene er en god C-vitaminkilde. Man lagde solbærsirup av bærene som så ble delt ut gratis til alle barna i landet, noe som bidrog sterkt til å øke populariteten til solbær der.
Bladene er også rike på smak og utgjør ingredienser i solbærschnaps eller solbærcognac