søndag 30. november 2014

ADVENT


1 
No tenner vi det første lys,
åleine må det stå.
Vi ventar på det vesle barn
i krubba lagt på strå.



2 

No tenner vi det andre lys, 
dei står der stilt og skin. 
Vi ventar på at Gud, vår Far, 
vil sende Sonen sin. 

3 
No tenner vi det tredje lys, 
det er eit heilagt tal. 
Vi ventar på at Kongen vår 
skal fødast i ein stall. 

4 
No tenner vi det fjerde lys 
og natta vert til dag. 
Vi ventar på ein Frelsarmann 
for alle folkeslag. 

....................

Det fyrste lyset er tent.
Adventstida er starta.

Advent er ventetiden før jul. Ordet advent betyr egentlig Herren komme, og har blitt brukt som navn for denne ventetiden helt siden slutten av 400-tallet. Første søndag i advent, markerer begynnelsen på kirkeåret, denne faller alltid mellom 27. november og 3. desember.

Ei ventetid, ei lengtetid..
For nokon vil denne tida gå for fort.
For andre vil den "stå stille"..



Kva fyller vi Adventstida vår med?
Klarer vi å roe ned og nyte den?


GOD ADVENTSTID FRÅ MEG TIL DEG!

torsdag 27. november 2014

På tide?


Det er snart på tide å sende ei helsing til slekt og venner.
Kanskje det berre er denne eine gongen i året dei høyrer i frå deg og du høyrer frå dei?
I desse digitale tider kan ein enkelt sende ei helsing på e-post, Facebook o.l.

Men kva er kjekkare enn å finne handfaste bevis i postkassa på at du ikkje er gløymt?
Eg er i år mykje tidlegare ute enn eg brukar å vere. 
Og eg har ein tanke om at før helga er omme skal alle kort vere sendt.

Ha ei fin avsluttning av november :-)

søndag 23. november 2014

To small to make a difference?


If you think you are to small to make a difference ..

- try sleeping with a mosquito. 

- Dalai Lama -

Hvis du trur du er for liten til å gjere ein forskjell.. 

- prøv å sove med ein mygg.

-fritt oversatt av meg-
................................................................................


DET ER EIT STORT FOKUS PÅ DEI SOM IKKJE HAR DET BRA 
BÅDE I SOSIALE MEDIER OG I AVISER. 
GODT AT DETTE KJEM OPP OG FRAM I DAGEN. 
SAMTIDIG ER DET EG OG DU SOM KAN GJERE EIN FORSKJELL 
OG VERE EIN FORSKJELL FOR ANDRE.

Ser du meg ikkje?

Nei, vi gjer ikkje det. Fordi vi helst vil sjå ein annan veg.


søndag 16. november 2014

Velsignelse





”Måtte veien komme deg i møte. 

Måtte du alltid ha vinden i ryggen. 


Måtte sola skinne i ansiktet ditt, 


regnet falle bløtt på åkrene dine og måtte Gud, 


til vi sees igjen, holde deg varsomt i sin hånd.”


- Irsk Velsignelse -

....................................

Ynskjer dokke alle ei fin ny novemberveke!

torsdag 13. november 2014

I LIKE # 171: SOMMARMINNE



Eg likar å drøyme meg tilbake til sommaren/hausten som var.
Bilete er faktisk tatt 9.oktober utanfor Ålesund sjukehus.


søndag 9. november 2014

Det kom eit brev..


med eit kort og ein pakke.


På kortet stod fine ord frå reSIRIkulert 
og inn i pakken låg vakre stjerner.


Heldige meg vant Give Away!

Besøk henne, ho har ein koseleg blogg med mange flotte tips.

lørdag 8. november 2014

Novemberglede



Mi helgeglede denne gongen er denne kaktusrosa.
Berre ein einaste blomster.
Kunne kanskje ha irritert meg over at det berre kom ei rose?
Men fann ut at det var betre å glede meg over den eine.



Kaktusen heng i eit makraméanheng.
Det laga eg for mange, mange år sidan til foreldra mine.
Og når dagen for deling kom vart det naturleg at det vart mitt.
Eg ser fortsatt for meg plassen den brukte å henge, og kva plante som var i den.

.....................................................
GOD HELG!

torsdag 6. november 2014

minnast i kjærleik



































du ser ikkje henne stå på noko scene
ei heller i sentrum

ho likar ikkje å vere i fokus

ho held seg i skuggen og løftar andre fram i lyset

ho er som vatnet

som speglar himmelen av

premieskapet er ikkje fullt

ei heller pengepungen

ingen skriv om henne i vekeblada

og den dagen dødsannonsa kjem vil det stå:

minnast i kjærleik

døde stille slik ho levde

- Sigrid nov.14 -

søndag 2. november 2014

BORTOM TID OG ROM OG TANKE



1. Bortom tid og rom og tanke
finst ein stad der alt er annleis,
finst ein stad der alt er heilagt,
finst ein stad der Kristus er.
Nær min trøytte, redde tanke,
nær min draum, min lengt, min styrke,
nær mitt liv og alt eg lever,
det er godt å vera der.

2. Gjennom ørsmå hol i dagen,
får eg venda mine tankar,
ta eit lite steg til sides,
søkja Herren, Han som er.
Gjennom tause, mørke bøner,
gjennom lått og gjennom jubel,
leggja fram for Herren Kristus
alt det livet som eg ber.

3. Når eg pustar, når eg tenkjer,
når eg ler, og når eg sørgjer.
Finna ørsmå hol i dagen
som gjer Kristus sterk og nær.
Der eg lever midt i livet –
midt i verda, midt i dagen,
ber eg med meg Kristi kjærleik;
det er lys og salt eg er.

4. Jesus, ver i mine dager,
i alt liv som kjem mot meg.
Ver i mine glade timar,
mine skjelvande sekund.
La meg leva sterkt og nakent,
våga sjå og våga høyra,
våga leva midt i livet,
våga trå på heilag grunn.

Tekst: Heidi Strand Harboe
Gjenngitt med tillatelse
Blogg: sporisand 

lørdag 1. november 2014

Å bli klødd med ei fjær...


I løpet av dei to dagane vi var i Geiranger hadde vi ulike foredrag og gruppearbeid.

Det som gjorde aller mest inntrykk var dette foredraget:
... innimellom kan kvardagen følast for stressande, travel, vanskeleg, urettferdig, etc ...

Eit sterkt møte med Pål Eikrem set alle desse tinga inn ein annan dimensjon. 

Eg har fått lov av Pål å skrive litt om mine refleksjonar etter foredraget.

Det var eit alvorleg og tankevekkande innlegg, 
eit innlegg som fekk fram både smil og tårer.

For eit livsmot!

Når ein er 100% lam og 100% stum..
Og alikevel ha ein glød som smittar!!

Eg kan verkeleg skrive under på at dette fekk fleire av oss 
til å klatre opp i "perspektiv-treet"!

Takk Pål for at du på denne måten gir av deg sjølv!

les om Pål på bloggen hans: