torsdag 29. januar 2015

Vesle tulipan..


Eg fant deg..
Liggande i ei søppelbytte..
Kasta fordi du var ubrukeleg..
Kasta fordi stilken din var knekt..


Du var ikkje som dei andre..
Med lang stilk, rank og fin..
Du passa ikkje saman med dei andre 
flotte i blomstervasen.


Eg sette deg i vatn og gav deg ein plass i sola.
Du fekk glede meg i to dagar på hotellet.
Takk for at eg fekk møte deg!

.............................

Evangeliet etter Matteus

Kapittel 25:
  34 Så skal kongen seia til dei på høgre sida: ‘Kom hit, de som er velsigna av Far min, og ta i arv det riket som er gjort i stand til dykk frå verda vart grunnlagd. 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; 36 eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.’ 37 Då skal dei rettferdige svara: ‘Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tørst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller naken og kledde deg? 39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og vitja deg?’ 40 Men kongen skal svara dei: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.’





tirsdag 27. januar 2015

Forandring!




"VI KAN IKKJE FORANDRE FORTIDA,
MEN VI KAN BESTEMME OSS 
FOR Å FORANDRE FRAMTIDA."

- SITAT UKJENT -


VI HAR STRAKS BRUKT OPP 27 DAGAR AV DEI 365 DAGANE SOM 2015 BESTÅR AV.

DÅ ER DET GODT Å VITE AT VI IKKJE MÅ VENTE MED Å GJERE VERDA TIL EIN BETRE STAD.


Vi veit ikkje kva framtida vil bringe, men kanskje vi har lært litt av fortida?

338 fortsatt ubrukte dagar i 2015.

Og tenk så flott at vi får kvar dag lov til å begynne på nytt igjen.
.............


Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren.

          Om syndene dykkar er som purpur,
          skal dei bli kvite som snø,
          om dei er raude som skarlak,
          skal dei bli kvite som ull.
          

Jes 1,18



.......
Eg fekk ei påminning om at det er Holocaustdagen i dag!
Måtte det aldri skje igjen..
Les om Holocaustdagen!

søndag 25. januar 2015

Helgegleder




Vakre januardagar.. 
sjølv om det brått skiftar frå kulde til varme på gradestokken..
plutseleg er det SOL og berre ei lita stund seinare HAGLA det..

Akkurat som sjølve LIVET..
det skiftar det også..




I vindaugskarmen er Julestjerna bytta ut med

FLAMINGO BLOMST (Anthurium scherzeranum)



Rundt skuldrane mine varmar eit herleg grønt sjal som eg vant i Adventskalendaren til:



Tidleg i desember vant eg dette vakre hekla korset.

Eg fekk også denne flotte boka med henne som ho sjølv har skreve.
Tankevekkande tekstar også utenom Adventstida.

Tusen takk Cecilie for alle tre tinga!



Dette er mine helgegleder som eg vil dele med deg!
Vil du sjå fleire?

Besøk Vivi på 

GOD SØNDAG!

torsdag 22. januar 2015

Januarhimmel



Vakre dagar som gir energi. 
Å bli "bada" i sol gjer utruleg godt.
Himmelen er blå. 
Tenk at vi alt skriv 22.januar.
Ein spesiell dag for meg og mi familie.
Dei to eldste har bursdag i dag.
Gratulerer!
.....................

         Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,
         månen og stjernene som du har sett der,
         kva er då eit menneske – at du hugsar på det,
         eit menneskebarn – at du tek deg av det?


               henta frå Salme 8
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
linka til: Skywatch Friday

søndag 18. januar 2015

Lukke..

Takk for engelen BM!

Lukke kan vere så mangt..
det å kunne stå opp om morgonen..
det å vite at nokon ikkje berre bryr seg,
men også bryr seg om..
det å få ei gåve for ingen grunn..
det å få ei helsing frå nokon som hugsar deg.

Lukke, for slett ingen ting..
men også lukke på grunn av eit smil..
fordi at du såg meg då eg trengde det..

Lukke, for alt..
Lukke fordi du fekk tilbakemelding
for noko du sa..

Lukke fordi du kjenner at du høyrer til
i ein stor samanheng saman med ein flott gjeng..

--------------------------------------------------------------------------

Tre intense, travle, kjekke, hektiske og lærerike dagar er over.
Det var utruleg godt å kome heim og at det var helg.
Så mange inntrykk av ulike slag, inntrykk som må bearbeidast.
Takk for flotte dagar saman med ein flott gjeng!

...................................................................................................

mandag 12. januar 2015

"Sarahs nyckel"

Mi bloggvennine  hadde ein flott
Give Away på bloggen sin.


Og heldige meg! 

Tenk eg vann "Sarahs nyckel". 


TUSEN TAKK!

Eg burde lese pensum i Rettleiing..
Men i helga har eg ikkje gjort det.
Eg har lest "Sarahs nyckel" på svensk.

Boka bør lesast. 
Det er ekstra spesielt å lese om Paris akkurat no når Paris vert omtala i media pga.tragiske hendingar dei siste dagane.



Saras nøkkel er en roman som tar for seg den beryktede oppsamlingen av franske jøder i Paris i juli 1942. Disse oppsamlingene er også kjent som Vel d`hiv. Boken er utgitt på mange språk, solgt i over syv millioner eksemplarer og lå over 100 uker på New York Times sin bestselgerliste. Boken ble senere filmatisert, og hadde premiere 1. april 2011. Leseren følger hovedsakelig to parallelle historier som blir flettet sammen iløpet av boken. Den ene historien handler om den ti år gamle Sarah Starzynski, en jødisk jente født i Paris, som blir arrestert sammen med sine foreldre under oppsamlingsaksjonen Vel 'd'Hiv. Før familien drar fra leiligheten, låser Sarah sin fire år gamle lillebror inn et skap for å gjemme ham fra det franske politiet, og hun tror at familien kommer tilbake om noen få timer. Men Sarah kommer ikke tilbake til leiligheten før flere måneder senere, og i mellomtiden dør broren, innelåst i skapet. Den andre historien handler om Julia Jarmond, en amerikansk journalist bosatt i Paris, som blir bedt om å skrive en artikkel i anledning 60-årsmarkeringen av arrestasjonene av de franske jødene.

onsdag 7. januar 2015

Kjære Halvor Bakke!




(Dekorasjonen har eg laga sjølv, for dei som lurte. Ha-ha))
(Det vakre ♥ fekk eg med ei god vennine til Jul. Takk Marit!!)

Tenk at i mitt hus finn du enno Julepynt!
Står der og gleder meg sjølv om 7 dagar av det nye året er omme.


Eg drikk fortsatt kaffi frå Julekrus.


Og det vakre Englehjertet mitt som Hulda har laga
heng fortsatt framme.

 Juletreet er ute av huset.
Ikkje fordi eg var lei av det, men når treet dryss 
og stova ikkje spesielt stor er valget lett.


Eg seier som ein kollega, eg tek fram Julepynten når eg vil 
og pakkar den ned når det passar meg.
......................

torsdag 1. januar 2015

GODT NYTT ÅR!




Med bilete av vakre raude tulipanar som vi fekk med naboane til Jul
ynskjer eg dokke alle
GODT NYTT ÅR!

Denne fine pynten vann eg hjå Siri frå bloggen "reSIRIkulert"
Ho meinte det kunne vere til/frå lappar, men det syns eg dei var for fine til.
Tusen takk!

Vonar dokke har hatt ei koseleg Jul.
Takk for fin kontakt med kjekke bloggvenner også gjennom 2014.
Det vert nok eit og anna innlegg i 2015 også, trur eg.

Eg helsar dokke alle med:

"For eg veit kva tankar eg har med dykk, 
seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. 
Eg vil gje dykk framtid og von."