onsdag 20. november 2013

Røros i ♥ av Noreg


Vakre Røros kirke!



Flotte gamle hus i gatene!
.............

Om du ein dag får lyst til å vere turist i ditt eige fedreland vil eg annbefale deg turen til Røros.
Ein vakker stad med historisk sus.

fredag 15. november 2013

Stormen


Så kom den..
Vinterstormen kom.
Vinden er kald, den går gjennom marg og bein.

Eg visste at vinteren kunne vere hard.
Men det gjer vondt å sjå andre lide.
Hjarte mitt blør og ei stille bøn stig opp.

Å vite at du min venn,
du som alltid har så masse positivt
rundt deg, at du må igjenom alt dette..

Eg frys...

Så kom den..
Våren kom.
Sola varma og fuglane song.

Eg trudde at våren bar bod om liv.
Men ikkje denne våren.
Døden banka på døra di.

Å vite at du min venn,
du som så gjerne ville leve er død.
Det smertar, men minna om deg lever..

Dei gir meg varme..


...sigrid des-12/juli-13...


tirsdag 12. november 2013

12.11.13




"Mangt kan du greie deg utan. 

Men utan menneskevarme blir verdi for kald."

-Jan-Magnus Bruheim-

....................

Mine tankar går til alle dei som i desse dagar kjempar for livet.

Alle dei som er ramma av ulike katastrofer.

Enten det er naturkatastrofer, sjukdom eller menneskeskapte...

...

Rekk ut ei hand

- for tida er for kort til å leve for seg sjølv!

-------

♥ klem på ein heilt vanleg novembertysdag ♥

mandag 11. november 2013

November regnboge


Ein svak regnboge på novemberhimmelen fekk oss til å stanse bilen på laurdag.
Regnboge betyr regn, men det betyr også sol!

Det er så vakkert her ute i havgapet.
Så hit berre MÅ eg tilbake ein annan gong når eg har betre tid.

Helene som har bloggen 

Inspiration By Helene

utfordrar oss til Mandagstema for 100 gong:


Dette er mitt bidrag!

Takk til Helene for alt arbeidet ho legg ned!!

Besøk Helene du også, nyt dei flotte bidraga eller ta utfordringa du også.

onsdag 6. november 2013

Livshaldning :-)



Dette skiltet fann eg på døra til ein butikk no i haust!

Ei herleg livshaldning!

Men viss alle hadde dette som motto ville det vel 
kanskje bli litt kaos?

tirsdag 5. november 2013

Kom deg ut!


Kom deg opp av godstolen og kom deg ut!
Vi bur i eit vakkert land.
Det er berre å ta det i bruk!
........
Kan ikkje skryte på meg at eg er så flink til det sjølv.
Men når eg fyrst gjer det kjenner eg kor fornuftig det er.

Hausten er ei fin tid å kome seg ut på.

Vonar din kveld vert god!

mandag 4. november 2013

November er..

langt i frå trist og grå.
Og himmelen var vakker
i ettermiddag. 
.............
Alikevel..
Nokon har det vondt i kveld.
Nokon har på tragisk vis mista ein dei var glad i.

For den som har det vondt i kveld..
Tenn eit lys min venn!

Kanskje kan du gjere ein forskjell
for nokon som har det vondt?

søndag 3. november 2013

Allehelgenssøndag




Tider som var.
Barndommen.
Alt kjem sterkare fram
slike dagar..
................

Det er Allehelgens søndag.
Ein dag til ettertanke.
Ein minnedag om nokon som var.
Begge foreldra mine er døde.
.........

Himmelhåpet!

Himmelhåpet lever enno.
Takk for alt som ein gong var.
Gjennom sorg og smerte leve.
Takk for det vi har i vente.
Himmel over død og grav.

-Sigrid 03.11.13-

lørdag 2. november 2013

Højbro plads


Tre små kinesere på Højbro plass
satt og spilte på en kontrabass.
Så kom en konstabel, spurte hva det var,
tre små kinesere på Høybroplass.

Tra sma kanasara på hajbra plass
satt a spalta pa an kantrabass
sa kam an kanstabel, sparta hva da var
tra sma kanasara på hajbra plass

Tri smi kinisiri...

Tre sme kenesere...

Tro smo konosoro...

Tru smu kunusuru pu Hujbru Pluds…
Try smy kynysyry py Hyjbry Plyss…
Trø smø kønøsørø pø Højbrø Pløss…
Træ smæ kænæsæræ pæ Hæjbræ Plæss…
Osv, osv...

...............

Å nei, eg traff ikkje dei tre små kineserane på Højbro plads.
Men varmt og fint var det i København.
Og veldig kjekt å oppleve eit nytt land og ein ny by.

Ein alle tiders flott tur med kjekke kollegaer
i annledning 40års Jubileumet til arbeidsplassen vår.

Ein flott tur å sjå tilbake på med glede kan vere godt å ha i bagasjen
 no når det straks er vinter. 

Takk for turen damer :-)

.....

linka:
 til Vivis hagerom og litt til

Helgegleder

for sjølv om det er over 1 mnd sidan
så er det fortsatt ei glede å tenkje på ;-)


fredag 1. november 2013

SJÅ MEG!


-ein blome frå ein venn som gjorde at eg følte meg sett-
dvs. det gjer godt for alle å bli sett :-)

Sjå meg: Eg er her..
Høyr meg:Eg har noko på Hjarte..
Eg er liten og eg treng deg no!

.........................
borna, så små og sårbare..
det kjæraste ein har..
så oppdagar ein at svært 
mange barn verken vert
sett eller høyrt
..................
kva gjere eg med det?
kva gjere du med det?
.................
vi som er vaksne har ei plikt..

ei plikt til å sjå og høyre
også dei borna som vi 
møter på vår veg
....................
Eit sitat som eg syns er viktig:


Vi har glemt det gode gamle kollektive ansvaret. 

Nabokjerringer som følger med og kjefter når noen får juling 

eller blir mobbet, er der ikke lenger. 

Vi må få folk til å bry seg om hverandre igjen. 

Det er ikke så farlig å engasjere seg i andre som folk tror.




- god helg -