onsdag 28. april 2010

Symra


Eg veit at denne kvitveisen eller symra ser litt "trøytt" ut.

Men den måtte "vekkast" i går kveld fordi eg plutseleg kom på at eg trengte eit bilete av den ;-)



Ho står, den kvite symra,

den fyrste blom i år,

der like inn på snøen

i sine tronge kår.

 

Ho står i kvite klede

så fager som ei brud.

Sjå henne vel i auga,

Då har du skoda Gud.

 

Eit bod frå himmerike,

ein fattig liten svein

som helsar frå Gud Fader:

Du er min perlestein.

 

Min Gud, du ser mitt hjarta

og all min vesaldom kled

sjeli i din nåde

så kvit som denne blom!

Anders Hovden

tirsdag 27. april 2010

Månelyst


Sjå så vakker månen er i kveld..


Snøen ligg i fjellet enno,

og månen klarer ikkje å smelte den..

Men han lyser ikkje av seg sjølv..

Han reflekterar sola,

og sola vil nok smelte den siste rest av snø.

Ein må ikkje miste vona på at våren vil sigre over vinteren :-)


søndag 25. april 2010

Å være rik



Har du venner,
betrakt deg da som rik.
Menander

DET FINST SÅ MANGE FLOTTE OG FINE SITAT OM VENNSKAP..
FEKK LYST Å DELE DETTE MED DOKKE I DAG.

RIKDOM BESTÅR IKKJE BERRE AV PENGAR
OG DET VI KAN KJØPE FOR DEI.

YNSKJER ALLE EIN FLOTT SØNDAG
OG EI KJEKK ARBEIDSVEKE :-)

fredag 23. april 2010

Termokrus

For ei lita stund sidan hadde ÅPENT HUS blogglotteri.

Og gleda var stor når eg fekk vite at eg var ein av vinnerane.

Så no drikk eg av den rutete krusa. Heldige meg :-)

Den held like godt på kald som på varm drikke.


Sjå innom henne, ho har ein spennande interiørblogg.

Akkurat no skin sola inn vindauge. HÆRLEG!!

God helg, kjære bloggvenner
OG TAKK FOR OMSORG!!!

tirsdag 20. april 2010

Sorg



Sorg går ikke over.

Den tar bare en annen form.

En sorg ligner på havet.

Til å begynne med er bølgene veldig krappe.

Så kommer dønningene,

men det blir aldri mer havblikk.

Iben Sandemose


.................................................................................................


Midt i sorga etter pappa fekk eg ein telefon i dag

som satte meg heilt ut..

I natt døde eit søskenbarn av meg berre 53år gamal...

Ord blir fattige...

Tankane mine går til tante, søsken, kone og to born...


Kvil i fred kjære KJ!

mandag 19. april 2010

Å høyre til...



Ei tid var,

ei anna vart.

Slik har det alltid vore, 

slik vil det alltid bli.

Vi høyrer til i fortida,

vi høyrer til i framtida.

Men mest av alt høyrer vi til her og no!


Sigrid, april 2010


søndag 18. april 2010

Sakn


Det å savna


Det er eit privilegium
å kjenna savn.
Vondt, ja
og tungt.
Men det fortel
om ein nærleik
som var.
Om varme, lys
og latter.
Det å savna er
den andre sida
av det å ha fått.
Å ikkje kjenna
savn, ville vera å
aldri ha elska.


Bente Bratlund Mæland


fredag 16. april 2010

Eit strå...


Tusen takk til Per fordi eg fekk låne bilde ditt :-)

Ta det med deg!
Det minste av grønt
som har hendt deg
kan redde livet ditt en
dag i vinterlandet.

Et strå bare,
et eneste blankt lite strå
fra sommeren i fjor
frosset fast i fonna,
kan hindre skredets
tusen drepende tonn
i å styrte utfor.


Hans Børli

Med dette vakre og alvorlege diktet

vil eg ynskje alle ei god helg!


mandag 12. april 2010

Lykke


Ein liten og søt bukett med snøklokker frå barnehand :-)


"Lykkelig er den som ikke sørger

over hva han mangler,

men gleder seg over hva han har!"


Dette er eit sitat som eg fann hjå Hilde Heimdal

Ikkje alltid så lett å leve etter, men det går no ann å prøve..


Ha ei vakker vårveke i ditt liv!!


søndag 11. april 2010

Liljene på marka


Bilete lånt her

Eg var innom KappAhl i går..

Oj der var mykje fint :-)

Kven kan ikkje tenke seg å sveve sommarbrun

og fin ein av dei flotte kjolane i den

nye VINTAGE STORIES serien dei har?

Midt i mine sommartankar kom plutseleg eit bibelvers :


Og kvifor er de urolege for

kleda?

Sjå liljene på marka,

korleis dei veks!

Dei strevar

ikkje og spinn ikkje,

— men eg seier dykk:

Ikkje eingong Salomo i all sin

herlegdom var kledd som ei av dei.

— Når Gud kler graset så fint,

det som veks på marka i dag og

blir kasta i omnen i morgon,

kor mykje meir skal han ikkje

då kle dykk – de lite truande!


Matt. 6, 28 - 30

lørdag 10. april 2010

Med hjarte på rette staden.....

Bilete er lånt, men finn ikkje igjen staden...

Laurdagskvelden kan nok "aldri"
verte den same meir..

No har det skjedd det eg har frykta lenge...

MED HJARTE PÅ RETTE STADEN

er ikkje lenger på Nrk sitt program på laurdagskvelden...

Ein tradisjon er slutt!
Ei epoke er over!

Eg som så og seie kvar einaste laurdagskveld i mange, mange år har samla familien rundt heimelaga Pizza og Hjarte på rette staden...

No vert det eit vakum,
nesten så ein kan få abstinens ;-)

Har du eit godt råd til meg?

God laurdag i ditt liv!!

fredag 9. april 2010

Enjoy the little things


Dette tankevekkande sitatet fann eg hjå

Det smager altid lidt af fugl.

Det fekk meg til å stoppe opp litt og tenkje...

Vi stressar så lett rundt i ein travel kvardag

og gløymer å sjå dei små tinga rundt oss.... 

Dei som virkelig betyr noko..

Kanskje på tide å stoppe opp litt?


Klem på ein fredag etter Påske

Ps: Tenk det er helg igjen ;-)


torsdag 8. april 2010

Arbeid

DEN BESTE MÅTEN Å FÅ

EIT ARBEID TIL

Å VIRKE VANSKELIG PÅ,

ER Å UTSETTE DET.


Winston Churchill


Så då er det altså berre å sette i gang, ikkje sant?

Ha ein fin dag i ditt liv!!



onsdag 7. april 2010

Eit godt kjøp


Ikkje for å drive reklame altså ;-)

Men i fjor sommar gjorde eg eit godt kjøp...

Har ikkje angra ein dag!

Sjå kor fin han er:


MIN EIGEN SYKKEL!


Den skal bli mykje brukt denne våren...

Det å suse avgarde på denne gir

GLEDE og GODT SAMVIT!


tirsdag 6. april 2010

Vår i hagen



Endeleg er våren her...

I hagen kjem krokusen fram...

Og snøklokkene er modige i kanten av snøen..

Eg har ikkje fått starta på våronna enno...

Men det vert nok ikkje lenge til viss sola får gjere sin jobb...

Etterpå vert det min tur med rive og hakke...

Kjenner at eg gler meg... :-)


mandag 5. april 2010

Vår i fjøra


Det er vår i fjøresteinane...

Sola sine strålar lagar diamantar i sjøen..

Sola varmar og ein kjenner at ein lever!!

Fuglane tek vårpussen på ein holme...


Slike dagar må nytast!



søndag 4. april 2010

Påskemorgen slukker sorgen


Bilete lånt her  

Påskemorgen slukker sorgen,
slukker sorgen til evig tid;
Den har oss givet lyset og livet,
lyset og livet i dagning blid.
Påskemorgen slukker sorgen,
slukker sorgen til evig tid.

Redningsmannen er oppstanden,
er oppstanden i morgengry!
Helvede vredes, himmelen gledes,
himmelen gledes med lovsang ny.
Redningsmannen er oppstanden,
er oppstanden i morgengry!

Sangen toner. vår Forsoner,
vår Forsoner til evig pris;
Han ville bløde for oss å møte,
for oss å møte i Paradis.
Sangen toner. vår Forsoner,
vår Forsoner til evig pris.

lørdag 3. april 2010

April



Eg helsar deg

på ny, april,

med vårlengt 

i mitt hjarte.

Du svarar med

ditt ljose smil

til fargetonar 

bjarte!


Eg ynskjer deg

velkomen att

med livskraft

som eg sankar,

frå morgongry

mot ljose natt

i leik og lette

tankar.


Du eig vilje 

og eit mot

som knekkjer 

kuldegrader.

Du rykkjer

tvilen

opp med rot

og plantar tru istaden.

Jon Dale frå boka "Årringar"


GOD PÅSKE

TIL ALLE SOM SER INNOM BLOGGEN MIN :-)

fredag 2. april 2010

Røvaren på korset


Bilete henta frå her

GUD - di allmakt er uten Grenser,

du gjev meir enn vi ber om.

Difor kan vi seie til 

Røvaren på korset:

Du bad om ein tanke,

men fekk eit Paradis!


Henta frå "Tankar i kvardagen" av Knut Svoren

torsdag 1. april 2010

Skjærtorsdag

Skjærtorsdag er den kristne feiringen av Jesu siste måltid med disiplene før korsfestelsen, og dermed innføringen av nattverden. Ordet betyr «renselsestorsdag», og kommer av norrønt skíra, «rense» (skjær = ren). Skjærtorsdag en en helligdag som feires siste torsdag før påske, og faller dermed på 1. april i 2010, og på 21. april i 2011. (frå Wikipedia)


Skjærtorsdag og nattverden innstiftes

Denne dagen skulle Jesus holde påskemåltid sammen med disiplene. Det var den vanlige måten å feire påske på for jødene, de holdt måltid på samme måte som israelsfolket hadde gjort den første påsken i Egypt over tusen år tidligere. Peter og Johannes, to av disiplene, hadde gjort i stand måltidet, og da tiden var inne, gikk Jesus og disiplene til bords

Jesus sa til disiplene at han hadde lengtet etter å holde dette påskemåltidet med dem. Dette sa han fordi han visste at han skulle dø snart, og dette var det siste måltidet hans sammen med disiplene. Han bad takkebønnen, og begynte å dele ut maten til disiplene. Han tok et brød, takket, delte det opp og gav det til disiplene. Han sa "dette er mitt legeme, som gis for dere." Så tok han vinen, og sa "dette er mitt blod som utøses for dere".

På skjærtorsdag startet opprinnelsen til nattverden, som i dag feires i kristne menigheter over hele verden. (frå Aktiv i Oslo)