søndag 30. august 2009

Når 2 blir 1, eller siamesiske gulerøtter...

Mat kan også vere annleis enn det vi forventar...
Eg syns no dei/den var litt søt også.
Kanskje dei tenkte: Saman er vi sterke?
Ha ei flott arbeidsveke!
Og til alle som føler at dei regnar vekk, kanskje eit håp om billigare straum til vinteren?

lørdag 29. august 2009

Älskad för din egen skull

Etter siste innlegg har eg leita etter heile teksten på sangen.
Ein mail til Hemmafrun http://hemmafrunshorna.blogspot.com/ gav resultat.

Difor deler eg denne med dokke alle som ser innom.
For som regel er det berre refr. som blir nemnt.

GOD HELG, DENNE SANGEN ER TIL DEG!

Refr: Du vet väl om att du är värdefull
att du är viktig här och nu
att du är älskad för din egen skull
för ingen annan är som du.

Det finns alltför många som vill tala om
att du bör vara si och så.
Gud Fader själv Han accepterar dig ändå
och det kan du lita på.

Refr.

Du passar in i själva skapelsen.
Det finns en uppgift just för dig
men du är fri att göra vad du vill med den,
säga ja eller nej.

torsdag 27. august 2009

Du er verdifull

"Du vet väl om at du er värdigfull - At du er viktig här och nu, - Att du er älskad för din egen skuld, - För ingen annan är som du."



Denne vakre innskrifta "Du er verdifull" har mi vennine E mala på ein stein. Den er det godt å feste blikket på dei dagane ein kjenner seg litt nedfor. Tenk at vi er verdifulle!

"Du vet väl om at du er värdigfull, at du er viktig här och nu", sang Ingemar Olson, og det gjer godt langt inn i sjela å ta det til seg. Sjølvbiletet kan til tider være så som så, sjølv bak ei vellykka maske.

HA EIN FIN DAG I DITT LIV OG HUGS:
DU ER VERDIFULL!

søndag 23. august 2009

Å male svart...

Å male er kjekt, men helst i lyse glade fargar...
Men ein dag var det nødvendig å male vannborda på huset vårt svarte.
Medan eg stod der å mala tenkte eg på at den svarte fargen er trist, men også nyttig..






Då kom eg til å tenke på eit dikt som eg ofte høyrde lest i yngre dagar.
Det seier oss litt om livet, det er ikkje alt vi klare å forstå. Men vi har ikkje heile oversikta.


VEVEN

Mitt liv er som en billedvev,der Gud alene vever.

Han velger alle fargene selv,som mønsteret best fremhever,
men når han vever sorgens tråder,stanser pilgrimssangen.
Han ser det hele ovenfra.
Jeg - glemmer, jeg ser vrangen.

En dag er veven ferdig blitt,og skyttelen står stille.
Da vil han rulle teppet ut og si meg hva han ville.
Da skal jeg se at mørke tråder også trengs iblant.
Så gull og sølv og alle farver bedre bakgrunn fant.

Det er henta frå Corrie Ten Booms bok "Landstryker for Herren", Oslo, 1977. Forfattar er ukjent.

fredag 21. august 2009

Smilet

Den dagen

Den dagen
eg fann
smilet
hjå deg
hende det noko
mellom oss

(ukjent opphavsperson)


No skin sola og raggetida mi er over for denne gong, den kjem igjen..
Den er nok berre på vent.

Ynskjer deg ei solrik helg!
Nyt livet ;-)

onsdag 19. august 2009

Velsignet er det enkle ting..

Bokanbefaling: velsignet er de ENKLE TING av Per Arne Dahl

Forlagets omtale:
Forfatteren ønsker å fokusere på hvor hektisk og materiell vår tilværelse er blitt, og på hvor godt det kan være å søke det nære, det rimelige og det levelige.

Har du tenkt på å kjøpe deg ei bok i haust, kjøp denne!

Boka er ein invitasjon til å leve meir og lengte mindre,
til å være meir der vi er enn å kave mot stadig nye lykkeland.

"Å ha kontakt med sine pulsslag og sitt livs rytme er derfor avgjørende for å ikke å motarbeide kroppen og sabotere sitt liv. En nøkkel til å ta dette på alvor er å tilkjempe seg
en nødvendig tilstedeværelse og en tilstrekkelig langsomhet."

http://www.haugenbok.no/resverk.cfm?st=free&q=velsignet%20er%20de%20enkle%20ting&p=1&r=1&cid=183285

er linken som fører deg til Haugen bok. Som gir rask service.

HA EIN GOD BOKHAUST!

lørdag 15. august 2009

Håndtrykket

Gå sakte, menneske
søk en høyere gjerning
Trykk den lidendes hånd

Gi ham din hånd
Han som står rådløs
ved veikryssene din bror

Håndtrykk lønnes ikke
med kongens mynt min venn
for håndtrykket lønner seg selv

Det er fødsel
at to hender møtes
Den høyere gjerning fødes

Gå sakte og let
etter de rådløse hender
hvert håndtrykk føder en stjerne
Arnold Eidslott
(frå Adam Imago Dei.
Gyldendal 1984)

Med dette diktet ynskjer eg alle som er innom god helg!

torsdag 13. august 2009

Raggetid?

Ragger..
Sokker....
Raggsokk....
Strømper....
Lestar... (dialekta di, sa mi vennine E)
Lugga... (tenk å gløyme det, takk at du minte meg på det Miamor!)
Tjukkesokka! (Haust)
Uill læsta!! (kari-carpe diem)
Kom gjerne med ditt ord for det du har på fotane dine ;-)

Kjært barn har mange namn blir det sagt..
Men for meg som likar meg best utan er dei vel ikkje så kjære... eller?

Når gradestokken ute kraup heilt ned på 8,5 i går kveld kjende eg at no berre måtte eg kapitulere....

Eg som i månadsvis berre har brukt mine herlege sandalar utan noko inni fann fram eit par og drog dei raskt på meg...

Å så herleg - dei varmar så godt!

Alt til si tid er det noko som heiter..
Og kanskje den er komen no; RAGGETID!

onsdag 12. august 2009

AVHENGIG...

Bilete lånt her: http://gfx.dagbladet.no/dinside/2004/08/10/mobil_sak.jpg
Er du avhengig av noko?
Noko du ikkje KAN greie deg utan?
Noko du berre må ha?

Det er ikkje alltid at vi set pris på det vi er avhengige av før vi ikkje har det!

Dei siste dagane har vore ille...

Tenk vår gode AEG sviktar oss...
Vil ikkje vaske eit einaste kleplagg meir..
SUKK!

Med fem i familien vert ein SÅ avhengig av at vaskemaskina gjer sin jobb..
Kanskje den sviktar fordi eg ikkje har sett nok pris på den..
At eg ikkje har takka for jobben den gjer...

No er gode råd dyre, skal ein reparere eller kjøpe ny?
Og reperatørar veks ikkje på tre.. Enten så har dei ferie.. Eller så kan dei ikkje kome før om ei veke.. Og eg/vi kan no ikkje klare oss utan vaskemaskin ei veke til..

Mor mi vaks opp på ein avsides liggande gard...
Ikkje var der innlagt vatn.. og ikkje innlagt straum..
For å få vatn måtte dei gå langt, og så bar dei to bøtter vatn heim på skuldrane sine..
Og når kleda skulle vaskast måtte dei fyre i omnen for å få varmt vatn..
Ei anna tid..
Eit anna liv..

Men samtidig ikkje så lenge sidan..

Kanskje vi må tenke oss om: Vi har så lett for å ta ting og dei vi har rundt oss som ei sjølvfølge..
Men når ting ikkje fungerar lenger og dei vi har rundt oss er borte.. Kva då?

Kanskje vi skulle sette meir pris på kor godt vi har det?
Og takke for det?
Og ikkje minst vise dei vi har rundt oss kva dei betyr for oss!

Ha ein god kveld!

lørdag 8. august 2009

Og størst av dei er kjærleiken..

1. Kor.13

1. Om eg talar med mennesketunger og engletunger,
men ikkje har kjærleik,
då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.

2. Om eg har profetisk gåve
og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap,
og om eg har all tru så eg kan flytta fjell,
men ikkje har kjærleik,
då er eg ingen ting.

3. Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige,
ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast,
men ikkje har kjærleik,
då har eg ingen ting vunne.

4. Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig,
misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.

5. Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige,
er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.

6. Han gleder seg ikkje ved urett,
men gleder seg ved sanninga.

7. Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

8. Kjærleiken tek aldri slutt.
Profetgåvene skal bli borte,
tungene skal teia
og kunnskapen forgå.

9. For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis.

10. Men når det fullkomne kjem,
skal det som er stykkevis, ta ende.

11. Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, forstod eg som eit barn.
Men då eg vart vaksen, la eg av det barnslege.

12. No ser vi i ein spegel, i ei gåte,
men då skal vi sjå andlet til andlet.
No skjønar eg stykkevis,
men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.

13. Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik.
Og størst av dei er kjærleiken.

Kjære husbonden min!
Takk for 22år saman med deg.
I vigselsliturgien står det:
Vil du elska og æra henne/han og vera trufast hos henne/han i gode og vonde dagar til dess døden skil dykk åt?

Vi har hatt både gode og vonde dagar.
Vi har delt sorger og gleder.
Takk at vi har kvarandre!
Glad i deg!




torsdag 6. august 2009

Gåver ;-)

Eg har mange venner som gir meg mykje berre ved å være seg sjølv.

Men innimellom får eg og/eller vi gåver. Denne flotte hardangerbrikka fekk vi med ei kjempekjekk dame som har stor omsorg for oss. Tenk ho har kava i mange timar berre for å glede oss. Tusen takk!Eg er veldig glad i blomster. Og det veit nok M som gav meg denne skjønne planta, berre fordi eg hadde henta litt post for henne. Tusen takk!
Og sjå kva eg fekk med http://ingervalbo.blogspot.com/ då ho kom heim frå Japan. Herlege frø til å strø på is eller liknande. Kjekt med smak frå andre land! Tusen takk!

Men gåver gir ein kvarandre oftast av ein eller anna grunn, ikkje sant?

I dag var eg og husbonden innom ein brukt butikk..

Der fann han ei fin bok til meg som eg vart veldig glad for å få.

Den heiter Godt sagt om kjærlighet..

det fyrste eg las i den var:

Når en mann gir sin kone en gave uten grunn, er det en grunn.

Molly McGee

Stilig ikkje sant ;-)







onsdag 5. august 2009

tenn eit lys

takk til Miriam Elisabeth Bøstein for lån av bilete
Det er kveld..
Sola har gått ned...

Kveldshimmelen har vore raud, no er den blå...

Dagen har vore varm og klam.. Ute mørknar det fort...

Eit ordtak seier:

EIT LYS BRENN LIKE GODT

OM DU TENNER ANDRE MED DET...

Kanskje noko å tenkje på i møte med andre gjennom livet vårt......

mandag 3. august 2009

Å våge...

våge å ta nye steg..
gå nye vegar..

gå gamle vegar og sjå noko nytt..
gjere noko ein ikkje kan...


kva skjuler seg bakom dei sju blåner....

kven veit?
kanskje noko spennande?

ein ny start?
gi livet ein sjanse til..
utfordre deg sjølv..

"østenfor sol og vestenfor måne, bak de syv blåner, langt og lengre enn langt … "

kjenne at du vågar....

og når du blir ustø på vegen ta imot hjelp frå dei som er rundt deg..
våge fortelle at du er usikker, men at du vil gjere ditt beste..
og at vi saman skal klare det...

og kven kan då forlange noko meir?

Ps: Har byrja i ny jobb (vikariat)
Takk til http://hemmafrunshorna.blogspot.com/ for inspirasjon til tittel/innhald

søndag 2. august 2009

LANDET SOM ALDRI VAR..

Men hvem sa at dagene våre
skulle være gratis?
At de skulle snurre rundt
på lykkehjulet i hjertet vårt
og hver kveld
stoppe på gevinst?
Hvem sa det?
Hvor hadde vi det fra?

Hvem sa at livet vårt
skulle være lett å bygge ferdig ?
At mursteinene var firkantede ballonger
som føk på plass av seg selv ?
Hvem sa det ?
Hvor hadde vi det i fra ?

Der var piller for alt: nerver,
vedvarende hoste og anemi.
Men hvem sa at snarveiene
støtt var kjørbare ? At fjellovergangene
aldri snødde til ? Og at nettopp vi
skulle slippe å stå fast i tunnelen ?
Ja, hvem sa det ?
Hvor i all verden hadde vi det fra ?

Kolbein Falkeide


Fekk lyst å dele dette diktet med dokke..
Det har så mykje innhald og visdom...

Når noko vanskeleg skjer, når noko som ikkje kan hende alikevel skjer...
Kvifor skal det berre hende alle andre og ikkje meg?