onsdag 30. november 2011

Heldige meg!

For ei tid tilbake deltok eg i eit blogglotteri hjå
Det smager altid lidt af fugl
bloggen til Tina finn du her

Og der vann eg 3.premie!

I går fekk eg pakke frå ISRAEL :-)
Lurer på korleis 1 og 2.premie vart når eg fekk så mykje...

Tusen takk til danske Tina som er gift i Israel. Alltid kjekt å fylgje med på det ho skriv.
Nydeleg snop dei lagar der nede! Har ikkje ete opp alt, må spare litt til JUL!

I dag har eg sendt gåve til USA. Den yngste tantejenta mi er utvekslingsstudent der borte.
Og ho vil gjerne ha norsk Sjokolade.. Satsar på at gåva kjem fram til Jul.

Tenk 1.des i morgon...

torsdag 24. november 2011

Himmelsk bru


Eg lengtar visst tilbake til sommaren :-)
Dette bilete er tatt i sommar ved 
Gudbrandsjuvet i Valldal.
......
Hver torsdag:
har Himmelsk nr.60 
og eg er med for 56 gong.
Sjå innom henne for fleire Himmelsk bilete. 

onsdag 23. november 2011

KAN JEG FÅ SMITTE DEG LITT?



Ref:
Kan jeg få smitte deg litt med ekte glede?
Få smitte deg litt med et lite smil.
Kan jeg få smitte deg litt, bli med å spre det.
Kjærlighet fra Jesus Krist.

Det finnes mye som jeg enda er for liten til,
som å jobbe i skole eller på en fabrikk.
Men jeg kjenner Jesus og han har ansatt meg,
til å gi deg noen godord til glede for deg.

Ref.

Tenk at det finnes en som bare vil hjelpe oss
til å leve det livet som er verdt å leve.
Jesus sa at alle sammen må bli som barn,
for å skjønne at livet er skapt av ham.

Ref.

------------------------------------
Syns denne barnesangen er SÅ flott!

I dag møtte eg ein heil flokk med ungdommar på butikken.
med eit smil delte dei ut Twist og pepperkaker,
for i dag er nemleg:

MOT til å glede-dagen

Eit kjempeflott tiltak som såg ut til å glede
både dei som blei møtt av ungdommane og ungdommane sjølve.

MOT er ein organisasjon som 
MOT har livet til ungdom i sentrum
MOT bevisstgjør ungdom til å ta egne valg og vise mot -
MOT til å leve, MOT til å bry seg og MOT til å si nei.

Les meir om MOT her

lørdag 19. november 2011

Dagens smil



Syns denne stripa med Tommy og Tigeren var både morsom og alvorleg.
Den som er mor må nok kunne ordne opp i det meste, men...
Ikkje alltid så enkelt som Tommy trur:
"Du får ikke bli mamma hvis ikke du kan fikse alt mulig!

Godt vi bur i eit godt utbygd helse Norge med tilbod til hjelp om ein føler for det.
Ein bør ikkje vere redd for å ta kontakt om ein treng nokon å snakke med.
Det fyl ikkje med oppskrift når ein får born...

God helg til alle, både mammaer og andre som stikk innom!

torsdag 17. november 2011

Himmelsk ferjetur

Mobil er kjekt å ha når fotoapperatet streikar :-)


På veg heim frå to flotte dagar på Ulla tok vi ferga heim frå Haramsøya. 

Eg måtte opp på øverste dekk for å nyte den vakre utsikta. 

Dette kan ein verkeleg kalle ein Himmelsk ferjetur.


For fleire Himmelsk motiv besøk:
4987378325_b77095bd20_b[1]

onsdag 16. november 2011

TO LUKER I HIMLEN

A baby
bilde lånt her


Det største mysterium er ikke mer
enn det: at en ørliten kropp
er våknet til jorden - den nyfødte ser.
To luker i himlen går opp.

Selv fem-trinns-raketter og kjernefysikk
blir puslingers puslespill
når det nyfødte barn med et eneste blikk
beviser at Gud er til.

av André Bjerke

.......
Så herleg å sjå og møte det store under som ein liten nyfødt baby er.
Herleg også å få oppleve dei små vekse opp
og strekke armane mot ein.
I min jobbkvardag er eg så heldig å få lov å arbeide med
mennesker, det er både krevande og givande.

søndag 13. november 2011

Himmelsk sommarminne


dette er mine kjære
dei fire som betyr mest for meg i heile verda
mann og tre tenåringsgutar
........
Kjære mannen min!
Gratulere med farsdagen din!
Vit at eg elskar deg like høgt om ikkje høgare,
sjølv etter snart 25års samliv!

klem frå konemor

........................
eit litt personleg innlegg på 
denne gongen.

Den vakre staden der dei prøvar fiskelukka er
på Sunnmøre.

mandag 7. november 2011

KJÆRE VENN!



Takk for at du var der 
da eg trong deg.

Takk for at du såg meg,
lytta til meg
delte smil og tårer
og snakka med augene mine.

Takk for at du var der,
eg trong varmen din!

- Ragnhild Bakke Waale-
.........................
Eg likar så godt dette diktet, det er så talande.
Ein ting veit eg, vennskap har ingenting med alder å gjere.
Fleire av mine venner er eldre eller yngre enn meg.
Vennskap er som ei bru.
 Ei bru som knyter einsame øyar saman.
Vennskap handlar om å bli sett og høyrt,
begge vegar.
Og sjølv om ein kan vere langt borte
frå kvarandre,
kan ekte vennskap alikevel bestå!
............................
Dette er mitt bidrag på
MANDAGSTEMA
hjå
Alt som er vakkert!
Tema denne mandagen er Langt borte.



Ha ei flott novemberveke!

søndag 6. november 2011

Allehelgenssøndag - I di hand


Midt i sorga, 
midt i gråten,
midt i smerten!

Alikevel få vere i Guds hand!

Eg ber for alle dei som er ramma
av sorg og smerte!

Eg ber for landet vårt!
--------------------------

Det er allehelgenssøndag..
ein dag til å minnast 
ein dag til å tenne lys
ein dag til å reflektere
............

1 Då Jesus såg folkemengda, gjekk han opp i fjellet. 
Han sette seg, og læresveinane samla seg om han. 
2 Då tok han til orde og lærte dei:
          
    3 «Sæle dei som er fattige i ånda,
          himmelriket er deira.
          
    4 Sæle dei som sørgjer,
          dei skal bli trøysta.
          
    5 Sæle dei audmjuke,
          dei skal arva jorda.
          
    6 Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda,
          dei skal bli metta.
          
    7 Sæle dei miskunnsame,
          dei skal få miskunn.
          
    8 Sæle dei reine i hjartet,
          dei skal sjå Gud.
          
    9 Sæle dei som skaper fred,
          dei skal kallast Guds born.
          
    10 Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld,
          himmelriket er deira.

11 Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis.

12 Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen. Slik forfølgde dei òg profetane før dykk.

lørdag 5. november 2011

"Parallelograms"


Mitt bidrag til



Sjå innom bloggen deira for fleire bidrag og kanskje du får lyst til å vere med du også?

fredag 4. november 2011

Himmelsk hest


foto: KMN

Fredag igjen..
Det er alt blitt 4.november, tida flyg visst.
I stad var det 18 grader, nesten varmare enn det var i sommar!
....

Mitt Himmelsk bilete i dag er tatt av yngste guten vår.
Denne hesten har vore nabo til oss i sommar.
Kjekt med dyr i nabolaget.

Besøk Petunia for fleire
4987378325_b77095bd20_b[1]

....
Ha ei vakker helg!