Som blomen opnar seg mot sola
ein varm sommardag,
vil eit menneske stråle imot deg
når du gjev av din varme.
Men møter du menneske
med harde ord og kulde,
vil dei lukke seg som
blomen ein kald vårdag.
-Sigrid 21.05.13 -
............................
Av og til skiftar det fort her i livet.
Den eine dagen strålande sol og 28 grader!
Den neste dagen heng skodda heilt nedi fjorden
og gradestokken viser berre 8 grader.
Dette er ei påminning for oss:
Det er viktig å glede seg over det gode i livet
og sette pris på det medan vi har det.
Vi får satse på at sommaren igjen vil dukke opp ein dag.
Fin veke til deg, det er snart helg igjen!