Viser innlegg med etiketten konkurranse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten konkurranse. Vis alle innlegg

søndag 15. mars 2015

X-FAKTOR: RAUD OG ORANGE


VAKRE RAUDE TULIPAN
DU STRÅLAR SÅ VAKKERT I DAG.

SOLA VARMAR OG GIR DEG EKSTRA ENERGI.
KANSKJE DU SNART MISTER KRONBLADA DINE?

DU HAR GLEDA OSS I OVER EI VEKE.
TIL NESTE VÅR VIL LØKEN DIN GI NY BLOME.

TAKK FOR LAGET!

-----------------------------------------

Midt i ein flott tulipanbukett var der kun ein raud tulipan.
Dei andre var gule, kvite og rosa.
Difor var den så lett å legge merke til og så lett å like.
Fordi den var eineståande :-)

BESØK MOSEPLASSEN FOR FLEIRE EINESTÅANDE BLOMAR


x-faktor-roed
X-FAKTOR: RAUD OG ORANGE

lørdag 14. mars 2015

X-FAKTOR: KVIT



NÅR SNØKLOKKENE KJEM 
DÅ VEIT EG DET ER VÅR

SÅ KVITE, REINE OG FINE
DEI RINGER SÅ VAKKERT I VINDEN

INNIMELLOM VISSENT LAUV
TRENGER DEI SEG OPP

MÅTTE EI SLIK LIVSKRAFT
OGSÅ SMITTE OVER PÅ OSS SOM SER DEI

- Sigrid 14.03.15 -

.................................

tirsdag 10. mars 2015

X-faktor blomster: Gule




x-faktor-gul

EG MELDER MEG MED DETTE PÅ EIN KONKURRANSE
FOR EG VIL VISE MEG OG GJERNE DANSE

MITT NAMN ER VILJE
OG EG ER INGA PÅSKELILJE

OG NÅR DU SER MEG MÅ DU TENKE DET ER VÅR
FOR PLUTSELEG EG VED VEGGEN STÅR

IKKJE ALLE ER SÅ GLAD I MEG
MEN SMÅBORN PLUKKAR MEG GJERNE PÅ SIN VEG

EG LYSER SÅ VAKKER GUL
EG SYNEST AT EG ER LITT KUL


- SIGRID 10.03.15 -
...........................

For den som vil sjå flott gule blomster 
og kanskje hive seg med på konkurransen
besøk 


søndag 8. mars 2015

X-faktor blomster - rosa!


x-faktor-rosa



ANNE PÅ MOSEPLASSEN HAR STARTA X-FAKTOR KONKURANSE MED FLOTTE PREMIAR.
FYRST UT ER ROSA BLOMSTER.
KANSKJE DU OGSÅ VIL BLI MED MED?

HER KAN DU LESE MEIR OM KONKURANSEN:

X-FAKTOR BLOMSTER - ROSA!


MITT BIDRAG TIL

X-FAKTOR BLOMSTER - ROSA

ER DENNE VAKRE PURPURSOLHATTEN.

Purpursolhatt står støtt på egne bein

Blomstene har ganske lange kronblader, og de kan variere i bredde avhengig av sort. De fleste er smale og henger litt ned, og gir blomsten et slankt og elegant uttrykk. Purpursolhatt trenger godt drenert jord og sol eller halvskygge. Høyden varierer mellom 70 cm og 1 m. Selv om blomstene kan ha et mykt uttrykk, er de hardføre og står lenge. Purpursolhatt blir ofte kalt bare solhatt på norsk, men da kan den blandes med planteslekten Rudbeckia, som har gule blomster. Siden de to slektene har forskjellig farge på blomstene er de lett å skille fra hverandre når man først ser dem, sier OBP. De stive rørkronene i midten, «piggsveisen», har gitt inspirasjon til det latinske navnet på Purpursolhatt, som er Echinacea. Dette ordet spiller på det greske ordet ekhinos, som betyr pinnsvin og kråkebolle.

EG KJØPTE SOLHATT STAUDA SOMMAREN 2013.

GLEDA VAR DIFOR STOR DÅ EG SÅG AT DEN BLOMSTRA IGJEN SOMMAREN 2014.

Akkurat dette bilde har eg til oppstartbilde på mobilen min.
Det minner meg så inderleg om sommaren og gir meg litt energi berre eg ser på den.
.............................................

onsdag 13. februar 2013

X-faktor blomsterutgaven 2013: Røde og orange bidrag!



Flotte Anne på Moseplassen utfordrar oss til å finne blomar i arkivet vårt.
I fleire rundar kjempar blomane i X-faktor blomsterutgaven 2013. 
Dei to første rundene er over, og fire gjenstår.

Rosa og kvit blome er det for seint å kome med.

Men fram til torsdag 14.februar kl.19.00 kan du vere med på: 


X-faktor blomsterutgaven 2013: RØDE og ORANGE


Maria på hotellet er ei av mamma sine syskenborn. 
Kvar einaste sommar når vi besøkte mor-mor og 
onkel måtte vi i Valldalen til Maria på hotellet. 
Ho tok imot med åpne armar og med god mat.
Alle i slekta besøkte Maria.
Eg vil tru ho hadde det travelt.

I sin ungdom tok ho imot mange "kjendisar" og Konglege.
Ikkje mange damer på godt over 90 år kan snakke engelsk, 
men det kan ho.

Då eg vart kjent med ho var hotellet lagt ned.
Ho hadde handarbeidsbutikk og ho vevde mange flotte løperar.

No bor på Maria på sjukeheimen og helsa er sviktande.

Men fortsatt blømer Valmuene i Maria sin hage 
og minner oss om ei anna tid.

søndag 21. oktober 2012

Tusenfryd i Haustbladseng


Så stod du der vesle Tusenfryd,
midt i forfallet og smilte imot meg.
Måtte eg på same måten
få vere ein solstråle på livets veg.

Du har ein livsgnist utan like,
sjølv om hausten bankar på.
Måtte ditt livsmot vere til
inspirasjon når dagane er grå.

-Sigrid, 21.10.12-
..................................
Herlege Anne på Moseplassen
har dratt i gang ei
Besøk
ho gir deg hageinspirasjon året rundt!
......................
Fin veke til alle som tek turen innom bloggen min :-)


onsdag 2. mai 2012

Motlys - tidleg morgon


Ei herleg morgonstund før arbeid måtte eg stoppe opp og ta nokre bilder ved

ein fjord som stadig imponerar meg med sine ulike fargar og mønster.

    Bildet er tatt i motlys.

Det passa bra, for no har Øyeblikkjentene nettopp temaet

"Motlys"

på sin Øyeblikk fotokonkuranse.

Dette skriv dei:

"Lyset er det som skaper magien i fotografiet. Ved å leke med lys, vil vi bevege oss ut i ulike landskap.

Denne gangen er det motlyset det skal eksperimenteres med.
Å fotografere i motlys er mange skeptiske til, da de er redde for at motivet
skal bli for mørkt og bakgrunnen for lys; et problem som enkelt kan løses
med en blits eller reflektor. Det er ved å fotografere i motlys, du kan gi
motivet en egen glød, en skinnende glorie, oppnå spennende "lens flares"
eller skape flotte siluetter."

Kanskje du også vil bli med?

onsdag 12. oktober 2011

Herr.Røde Bær


Herr.Røde Bær er stolt og fin!
Sjå på mi raude drakt, den har Herr.Herlige Haust gitt til meg.
Ingen andre kan gi meg slik ei drakt :-)

.......................................
Anne på Moseplassen har mange Frk.konkuransar.
Men akkurat no er ho på leit etter 
Ho minner oss på at hausten ikkje berre er våt og trist.
Men at hausten også kan bringe mange flotte ting med seg.

Sjå innom Anne du også, og bli inspirert av den flotte 

lørdag 4. juni 2011

Lilly-Rhododendron


Lilly er ein av fleire Rhododendronar i min hage og fleire skal det bli. Dei blomstrar kort og intens, men gir masse glede medan dei blømer.
Lilly er mitt bidrag til  
hjå Anne på Moseplassen.

Bli med du også!



Påmeldingsfrist: 14.juni kl. 23:59
Avstemninga vert opna 15.juni!
Ein kan vinne flotte premier i form av hagebøker (Aschehoug) og redskap (Bosch). 

God helg!

søndag 1. mai 2011

Rosa lykke



Siv med bloggen Sivs hus har ofte konkurransar på bloggen sin.
Og sjå kva ho hadde skreve i går:

Den heldige vinneren av den supersøte rosa laptop vesken ble den koselige bloggen Refleksjon på livsvegen. Tusen takk for alle innsendte bidrag og tips til nye konkurranser. Gratulerer til Sigrid!


Tusen takk til Siv!


Denne månaden kan du også vinne:





Velkommen til ny konkurranse! I samarbeid med Magnor Glassverk kan du i mai vinne et supersøtt sett av 2 stk BOBLEN KUVERTVASE fra Finn Schjøll. En nydelig vase til maifesten som lager vakre blikkfang enten du fyller den med perleblomst, roser, hvitveis, blåveis, løvetann eller ringblomst.


Ta turen innom Sivs hus
Ho har mange flotte innlegg til inspirasjon!


Ynskjer alle ei flott mai veke!