Viser innlegg med etiketten sitat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sitat. Vis alle innlegg

torsdag 17. mars 2016

Våren kjem i år også!




Tro ikke frosten som senker en fred
av sne i ditt hår.
Alltid er det på jorden et sted
tidlig vår.

André Bjerke



Etter 14 dagar med lite eller ingen energi var det godt å stoppe opp på veg frå jobb for å ta dette bilete. Det er lov å vone at det er VÅREN som kjem! Og med den også litt meir LIV og ENERGI!

GOD HELG!

Deler på SKYWATCH FRIDAY

lørdag 2. januar 2016

VISDOM


Gud, gi meg sjelefred til å godta de tingene jeg ikke kan forandre, 
mot til å forandre de ting jeg kan endre, 
og visdom til å se forskjellen.

Eit nytt år! 
2016 heiter det nye året. 
2015 er borte. 
Men spora etter det ber vi med oss, 
slik spora vi sette dette nye året vil bli med oss vidare. 

Eg kjenner på at sitatet av Frans av Assisi er viktige ord å ta med seg på veg inn i det nye året.

GOD HELG!

onsdag 24. juni 2015

Livet og tida

Elskar du livet, så sløs ikkje med tida, 

for det er det stoff som livet er laga av.






Innimellom altfor hektiske dagar og veker, 
både privat og i jobbsamanheng, prøver eg å nyte livet.

Livet er ei gåve frå Gud, lat vi ta vel vare på det.

Akkurat no sprengjer sola seg gjennom det grå skydekke.


Sola er god

Sola er god, sola er toppen. 
Sola er varm og den bruner på kroppen. 
Sola som skin kvar morgon for meg. 
Sola i er best synest eg!

fredag 29. mai 2015

Å finne glede. ...


Bilde er tatt på disken til:


Med dette fine sitatet ynskjer eg deg god helg!
PS: Finn nokon du kan glede ♥

søndag 22. mars 2015

SKOGSTUR


Man prøver ikke å mase seg gjennom skogen med begge hender fulle.





VI GJEKK OG VI GJEKK, PÅ STIAR DER NOKON HADDE GÅTT FØR.
VI GJEKK OG VI GJEKK, OG LAGA OSS NYE STIAR.

VI KVILTE OSS LITT, MEN SÅ VAR DET OPP OG TIL IGJEN.
OG DER MIDT I VÅRSKOGEN DUKKA BÅDE HAUSTEN OG VINTEREN OPP.

SÅ GODT FOR KROPP OG SINN.
KOME SEG UT I DET FRI.
LEVE!
....................

FIN NY VEKE TIL DEG!

lørdag 21. mars 2015

HELGEGLEDE I HAGEN



Å vakne til sol frå klar blå himmel på ein laurdagsmorgon det er Helgeglede det!

Sola varma godt når eg fann meg ei lun krå. Slappe av ei lita stund med ein god prat med ei av tantene mine var også ei flott Helgeglede.

Rydde litt i buskene, sage litt og så ta seg ein kaffikopp..


........................
"VI KAN MISTE GLEDEN
OM VI IKKE STOPPER OPP
OG GRIPER DEN DER VI ER."

Sitat frå DAGENS ORD II
til glede og oppmuntring
Tekst: Ragnhild Bakke Waale

......................................................................


Deler på Vivishagerom og litt til

onsdag 25. februar 2015

Helgeglede



I siste liten deler eg mi 
Helgeglede 
hjå Vivishagerom og litt til.

Å få besøke søstra mi til ein kveld med god mat 
og god prat er ikkje feil..
Takk for at vi fekk kome!

...............

"DE VENNLIGE ORD SOM SIES I DAG,
KAN BÆRE FRUKT I MORGEN!"

-M.GANHDI-

fredag 20. februar 2015

Tankar ved vekeslutt



"TRO AT DU KLARER DET,
SÅ ER HALVE JOBBEN GJORT!"

- Th.Roosevelt -


Innimellom klarer ein ikkje heilt å leve etter det ein meinar er best sjølv. 
At ein skal nyte dagane som kjem og sjå gleda i kvar og ein av dei. 
No er enno ei veke snart til ende. Og eg grip meg sjølv i å tenkje på kva har eg fått utretta denne veka som er til glede og gavn for andre? 
Det er ikkje alltid så lett å sjå det. 
Dagar på arbeid og heime der du føler at du aldri vert ferdig med "TO DO" lista. 
Der det heller blir litt sånn Albert Åberg som seier: 
"Skal berre..."

Kanskje Th.Roosevelt sine ord kan vere noko å ta med seg både inni i helga og til veka som kjem?

God helg!

...............................
deler på Skywatch Friday

torsdag 5. februar 2015

Leik...

 «Mennesker slutter ikke å leke fordi de blir gamle; 
de blir gamle fordi de slutter å leke.»

- Oliver Wendell Holmes -


.. eit herleg og litt tankevekkande sitat ..

.. leiken held oss unge ..



Og eg leikar med tanken om kven som ein gong eigde 

denne fjøra som eg tok bilete av i Polen..



Samtidig som eg leikar med tanken på kor skremt eg hadde blitt 
om eg fekk helse på den som bor under jorda her.
...............

Som vaksen kan eg sjølv bestemme over min kvardag.
(til ein viss grad vil du vel tenke; for livet vårt vert regulert av famile, jobb og fritidsaktivitetar)

Dei som er barn vert nok ofte bestemt over.
Men heldigvis finst det noko som heiter


Der er eit punkt som omhandlar barn sin rett til leik.

31. Leik og fritid 

"Barnet har rett til kvile, fritid og leik, og til å delta i kunst og kulturliv."
..............................................................................

Den 8.januar 1991 ratifiserte Norge Barnekonvensjonen. 
Med det har regjeringa og Stortinget gitt lovnad om å arbeide for barn sine rettar i Norge. 
Artikkel 31 i Barnekonvensjonen slår fast at barn har rett til å leike. 
Leik er barnet sitt naturlege uttrykk.

...................................................................................................................................................................

Leikar du?


tirsdag 27. januar 2015

Forandring!




"VI KAN IKKJE FORANDRE FORTIDA,
MEN VI KAN BESTEMME OSS 
FOR Å FORANDRE FRAMTIDA."

- SITAT UKJENT -


VI HAR STRAKS BRUKT OPP 27 DAGAR AV DEI 365 DAGANE SOM 2015 BESTÅR AV.

DÅ ER DET GODT Å VITE AT VI IKKJE MÅ VENTE MED Å GJERE VERDA TIL EIN BETRE STAD.


Vi veit ikkje kva framtida vil bringe, men kanskje vi har lært litt av fortida?

338 fortsatt ubrukte dagar i 2015.

Og tenk så flott at vi får kvar dag lov til å begynne på nytt igjen.
.............


Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren.

          Om syndene dykkar er som purpur,
          skal dei bli kvite som snø,
          om dei er raude som skarlak,
          skal dei bli kvite som ull.
          

Jes 1,18



.......
Eg fekk ei påminning om at det er Holocaustdagen i dag!
Måtte det aldri skje igjen..
Les om Holocaustdagen!

tirsdag 21. oktober 2014

Når sorg bankar på..

                                        Desse to trea som støttar kvarandre og er vokse saman fant eg i Polen.

Det å leve i felleskap med andre.
Det å ha familie, å ha vener og arbeidskollegaer.

Vi deler gleder og vi deler sorger med kvarandre.


Sorg!

Sorg kan vere så mangt..
Sorg over å miste nokon.
Sorg over at livet ikkje vart slik ein hadde tenkt.
Sorga ter seg på mange forunderlege måtar.

Enkelte klarer å dele det som rører seg inni ein.

Andre kapslar sorga inne.

Midt i det heile kan ein ikkje anna enn å prøve å vere eit medmenneske for kvarandre.

Prøve å støtte den andre på ein måte den andre ynskjer.
Det er kvar sin gong å oppleve at sorga bankar på..
................................................................

mandag 29. september 2014

Livet er ei direktesending!


-slik er det berre dette livet

-sendinga står på frå fødsel til grav

-som fossen som stuper utfor fjellet


-vi kan ikkje redigere i ettertid

-vi kan ikkje ta tilbake det som er sagt

-vi kan ikkje ta tilbake det som er gjort


-difor bør vi velge våre ord med omhug

-difor bør vi tenkje før vi handlar


-men om vi feilar.., for det gjer i allefall eg

-takk og lov for eit lita vakker setning

-kan du tilgi meg?

............................................................................................................

Etter inspirasjon frå sitatet:

Livet er ei direktesending!

-Rita Westvik


mandag 22. september 2014

Gleden er som eit lys


- tenner du det for andre, faller skinnet tilbake på deg sjølv.

- Carit Etlar -
................................................
HA FORTSATT FIN SEPTEMBERVEKE!

fredag 30. mai 2014

-glæden for intet og glæden for alt-


Dejligst af alle glæder er glæden 
for slet ingenting, 
ikke for noget du kan eller vil,
glæden for intet og glæden for alt, 
glæden fordi du er til.


Axel Juel
---------------------------

Så vakker du er.
Fyrst kjem du og lyser som ei sol. 
Når livskvelden kjem
strålar du fortsatt.
Då tek du sølvkruna på.

Du som eg er
skapt av han som seier:
"Alt til dykkar alderdom er eg den same,
til de grånar i håret, skal eg bera dykk.
Det har eg gjort, og det skal eg gjera,
ja, eg skal bera og berga dykk."

sitert frå Jes 46.4

.........................

GOD HELG!

søndag 11. mai 2014

Tulipan glede


Fekk lyst å dele desse tulipanane som Helgeglede på Vivishagerom og litt til!

Dei står og lyser så fint i mot oss når vi kjem inn på tunet.

På pakken eg fekk til bursdagen min i september stod der at dei skulle bli blå.
Så heile hausten og vinteren har eg levd i den trua at eg fekk blå tulipanar til våren.



Den yngste guten vår hadde så god kommentar då eg fortalde at blå plutseleg var rosa.


"Du skal ikkje dømme ei bok utifrå omslaget." 

Og det er viktig ikkje berre når det gjeld bøker og blomster, men også i møte med dei menneska vi møter i livet vårt. Fyrsteinntrykket er ikkje alltid heile sanninga.


♥ Måtte veka di verte god ♥

fredag 9. mai 2014

Kan du? Vil du?



Den gamle diktar Henrik Ibsen har nokre gode visdomsord.


At ei du kan
deg visst forlades,
- men aldri at du ikke vil.
-Henrik Ibsen-

Å vite forskjellen på å ikkje kunne og det å ikkje ville..
Hm..


Berre denne vesle tankerekka
 med ynskje om 

God Helg!

-----------------------
Linka til:

Skywatch Friday

onsdag 30. april 2014

Rundt omkring og rundt omkring igjen..




har du det slik av og til?
at alt berre går rundt omkring?

du skal rekke det eine og ikkje gå glipp av det andre..
så berre fyk timane, dagane, månedane og faktisk åra..

innimellom ein berre stoppe opp
"stikke fingeren i jorda"
ta seg tid til å kjenne etter..

kjenne at du puster
kjenne at du lever
kjenne på at livet ikkje berre er ein motorveg
mellom vogge og grav..

så innimellom prøvar eg å stoppe opp
for å nyte livet

ta meg tid til mann og born
ta meg tid til ein prat i telefonen
ta meg tid til å gå på eit møte
ta meg tid til ein rusletur
ta meg tid til å "fange" eit bilde
ta meg tid til..

og du..
 eg har eit mål om å bli enno flinkare til nettopp dette..

.............................................


 Phil Bosmans || Tid | Lykke



onsdag 12. februar 2014

Tida ei gåve!




"All we have to decide is


what to do with the time that


is given to us!"

.
....................


Tida ei gåve!

Hm.. tankevekkande!

og no har vi snart "brukt opp" 1 1/2mnd av 2014...

Ofte kan ein høyre folk seie tida "flyg" ..

Gjer ho det, eller kjem ho?

......

Bilete er ikkje snikreklame for SAS,
men eit bilete på tida som flyg ..

ps: har ofte tenkt det hadde vore herleg å kvilt seg på 
bomullskyene, dei ser så mjuke ut. 




onsdag 5. februar 2014

....REMEMBER....


PEOPLE WILL FORGET WHAT YOU SAID,
PEOPLE WILL FORGET WHAT YOU DID,
BUT PEOPLE WILL NEVER
FORGET HOW YOU MADE THEM FEEL.



- MAYA ANGELOU -

.....................................................................

Sitatet over fann eg på materiale etter eit kurs med 
Nina Nakling

(ho fekk oss verkeleg til å tenkje over kvifor vi var der vi var og kva spor vi sett i dei vi møter)

Etter å ha blogga frå 14.juli 2009 er dette mitt innlegg nr.600!

Takk til alle som er innom bloggen enten du 
kommenterar eller ikkje.

Alltid kjekt når nye legg igjen spor.
Og veldig kjekt når "gamle" bloggvenner og 
dei eg kjenner er innom.

...fortsatt fin februar...

LINKA TIL: Skywatch Friday