torsdag 30. august 2012

Himmelsk fugl

 
Bilete tatt av OR, midt i mellom guten min
 
Sjå så flott og tillitsfull den vesle fuglen er som landa så elegant på spegelen på bilen!
Etter ein tur til Nord-Møre vart vi ståande ei stund på fergekaia på Molde.
Ein liten gråspurv kom tiggande frå bil til bil.
Somme berre jaga den vekk, og gjekk difor glipp av ei flott oppleving.
OR og eg hadde heldigvis bollar i bilen og kunne difor dele
til den som var så svolten og liten.
......
 
Sjå på fuglane under himmelen!
Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus,
men Far dykkar i himmelen før dei likevel.
Er ikkje de mykje meir enn dei?
 
 
25 Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda?26 Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei?27 Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si?28 Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje,29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.30 Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande!31 Difor må de ikkje vera urolege og seia: ‘Kva skal vi eta?’ eller: ‘Kva skal vi drikka?’ eller: ‘Kva skal vi kle oss med?’32 For alt dette er heidningane opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette.33 Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.34 Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.
 
.......................................................................................
 
Dette er mitt bidrag til
Denne gongen arr. for 100 gong.
Imponerande!
 
 
- god helg -
 

lørdag 25. august 2012

Haustetid


Det er haustetid..
Det beste med hausten er alt den gir av frukt og bær..

Hausten kan vere fin den, men er ikkje mi årstid akkurat.
Forresten, det er fortsatt seinsommar for august er enno ikkje omme ;-)

..................................................................................................
 
God helg,
den siste i sommar!!!

torsdag 23. august 2012

Himmelsk sølv

 
 
Tatt på ferga mellom Molde og Vestnes no i august!
 
Fjella og havet kinn mot kinn..
Himmelen og havet kinn mot kinn..
 
Vakkert minne!
 
Mitt bidrag til Petunia si Himmelsk utfordring nr.99!
 
4987378325_b77095bd20_b[1]
 
 
 

onsdag 22. august 2012

Bruk for meg?


eg føler meg så aleine
satt til side

ei tid var det bruk for meg
eg gjorde ein god jobb

eg vende jorda så flott
slik at bonden fekk dyrke maten

men no rustar eg bort
ingen bryr seg lenger om meg

..............................
Innlegg på Alt som er vakkert

søndag 19. august 2012

♥-gåve

Armband2_2.jpg


Bilete lånt frå hjerter.no

Endeleg fekk eg tid til å kunngjere Gi bort vinnaren :-)

Ei liknande -gåve vert sendt til den som vart uttrekt i 3 års Jubileums Gi borten min.
Eg likar svært godt desse produkta som Hjerter AS lagar. 

Eit flott armband med eit lite hjerte  og eit stort hjerte .

Eit lite hjerte : symboliserar det vesle barnet.
Eit stort hjerte : symboliserar den vaksne som har omsorg for det vesle barnet.

Eit lite hjerte : symboliserar meg som litt usikker kom inn i bloggverda.
Eit stort hjerte : symboliserar alle dokke som kommenterar og les det eg skriv. Takk!

Men mest av alt:

Eit lite hjerte : symboliserar oss små menneske.
Eit stort hjerte : symboliserar Jesus som ynskjer å vere vår Frelsar og venn.

.................................................

Og random.org har trekt ut:

Nr.10 av dei 49 som kommenterte.
Og kven var det?

Gratulere til
 GundaM

Sender deg eit armband så fort ho som selge dei her i området får inn nye produkt.

...........................
Og til alle dokke andre -takk for at dokke ville vere med på
Gi borten min..
Skulle sendt alle eit

............

lørdag 11. august 2012

Himmelsk fargespel


Slik var himmelen i går kveld.
Eit fantastisk skue, som sjølvsagt var mykje flottare på rett enn gjenngitt på eit bilete.

Dette er mitt bidrag på Himmelsk hjå Petunia.
For 97.gong ynskjer ho oss velkomen til å delta. Imponerande!
Besøk henne for fleire flotte Himmelsk motiv,

GOD HELG!


PS: kom gjerne innom og ta eit lodd i feiringa mi av 3års bloggebursdag!

onsdag 8. august 2012

Je T'Aime (I love you)


Kjære mannen min!
Takk for fin feiring av 25 års bryllaupsdagen vår!
Takk for at du fortsatt vil vere min!

Je T'Aime (I love you)

søndag 5. august 2012

Portrett - dokke med sterk historie


Helene med bloggen
feirar 1 års Jubileum som administrator av Mandagstema.
Ho har flott premie som ho vil trekke mellom dei som deltek denne gongen.
1års abonnement på det flotte bladet: 
Tema denne gongen er portrett. Eg er ingen portrettfotograf (ei heller fotograf).
Så portrettbilete er det lite av i mitt arkiv. Men eg fant eit som eg vil dele.
Eg har delt eit av same dokka tidlegare.
Slik historiene til alle Sanatorieborna er.

Teknisk museum i Oslo har ei Nettutstilling om Sanatorieborna.
Her kan du gå inn å lese om ting du ikkje trudde var mogleg med tanke på at dei fleste av dei som har opplevd dette faktisk lever i dag. 
...........................

Ha flott ny veke!
For meg betyr det at ferien er over for denne gong og at kvardagen er her,,
Men med ein SÅ flott gjeng å arbeide saman med er det heldigvis ei glede å gå på jobb.
Verre er det å snu dårlege ferieuvanar ;-)