Viser innlegg med etiketten fjell. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fjell. Vis alle innlegg

søndag 8. mai 2016

Så nær..


SJÅ SÅ VAKRE DEI ER!
TO FLOTTE STOKKENDER.
HOA GÅR NESTEN I EITT MED NATUREN.
HANNEN I VAKRE FARGAR.

SÅ NÆR AT EG NESTEN KUNNE KLAPPE DEI.
EG LISTA MEG INNPÅ DEI OG LA MEG 
TIL SLUTT NED PÅ KNE FOR Å TA DETTE BILETE.

MINNE FRÅ EIN VARM FRIGJERINGSDAG 2016!

GRATULERE MED DAGEN!

MÅTTE VI ALDRI TA FRED OG FRIDOM SOM EIN SJØLVFØLGE!!

-------------------


onsdag 27. april 2016

SJÅ PÅ FUGLANE UNDER HIMMELEN




25 Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 
26 Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 
27 Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si? 
28 Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, 
29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 
30 Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! 
31 Difor må de ikkje vera urolege og seia: ‘Kva skal vi eta?’ eller: ‘Kva skal vi drikka?’ eller: ‘Kva skal vi kle oss med?’ 
32 For alt dette er heidningane opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. 
33 Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. 
34 Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.

Matteus 6
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
ORD EG KAN TRENGE Å HALDE FAST PÅ I DESSE DAGAR
SVIGERFAREN MIN ER SVÆRT SJUK
DET TÆRER Å SJÅ AT EIN SOM EG ER SÅ GLAD I HAR DET VONDT

KVAR DAG HAR NOK MED SI MØDE

torsdag 3. september 2015

Fjelldraumen


LENGSELEN TILBAKE

BORTOM NESET
NOKRE ÅRETAK TIL
SÅ ER VI DER

FJELLDRAUMEN VÅR
HYTTA VÅR
KVILE OG RO

SÅ GODT Å VERE
BÅDE ALEINE
OG Å VERE TO

KJEKT NÅR
HEILE FAMILIEN
ER SAMLA

FINT NÅR
GODE VENER
FINN VEGEN

MÅTTE DET BLI
FLEIRE DAGAR
OG NETTER

HØYRE UGLA ULE
SJÅ MÅNEN KOME FRAM
ELLER SOLA STÅ OPP

FYRE I OMNEN
SETTE OVER GRYTA
MATEN SMAKAR

HYTTELIVET
GIR ENERGI OG
LUKKE

03.09.15 - SIGRID

...........................................................
OG NÅR ENDÅ TIL FORSKNING MEINAR AT DET ER SUNT:

.......................



tirsdag 18. august 2015

PÅ HEIMVEG..


MARSTEIN I ROMSDAL 16.AUG 2015

«Solglans som skjelv over sommarblå kvelv, 
vindsus i lauvrike dalar, 
bekker som syng mellom blomar og lyng, 
bårer som voggar og skvalar, 
tusen av tonar frå hei og hav lovar vår Herre som livet gav.» 

Salmeboka nr.767. 

.....................................................


etter ei helg på det flate, men vakre Østfold

på heimveg
så godt å sjå fjella som knausar

oppleve at den etterlengta sola farga himmelen
i vakre fargar

farlege og vakre fjell
til glede og sorg
...................................


VONAR DIN KVARDAG ER FIN!

søndag 3. mai 2015

VÅRSØG



No skin det sol e høgste Svealiå
No bli det vår, det kjeinne e så vel
Det søng så tongt kring aille dalasiå
og synnavijn, hain kjæm og gær me sel

Når sola skin, da bli det fint e fjeillå
Da ska e dit å sjå kor bekkjin rein
Og klyv te topps e brattast berjesteillå
å vea gras og turt og tågberløng

E kjeinne lokt tå gras kring aille steillå
og sola skin, og bjøllån kleng så kløkt
og tjønnin legg så blank der e ska laua
me berg ekreng, der e kainn sol me trøkt

Å du, å du så sårt og sælt eg stuinna
når sola skin frå kvite høgdå ned
Da væt e vårn, hainn e kje længer uinna
at e får levva slik ein sommar te

Da væt e vesst at bekkjin legg å veinta
poinn kaille isa med så sval ein drekk
Når hausten kjæm og sistkveillskløva heinta
Da ska e takk førr sommarn så e fekk.
................................

TEKST: HANS HYLDBAKK
MELODI: HENNING SOMMERRO


Våren er absolutt mi årstid, men vert litt frustrert over at tida ikkje strekke til.
Vonar DU har fine MAIDAGAR!
NYT!

Klem

søndag 31. august 2014

Vassætra i sol

Sommaren 2014 vart avslutta med ein fantastisk tur til Vassætra i Sykkylven.


Når ein går oppom sætra får ein nydeleg utsikt over Ålesund og øyane.


Vassætra er ein nydeleg og fredfull plass.
Dei ekstra spreke kan gå vidare til Sandvikshornet.  


På veg ned igjen ser du mot Sykkylvsfjella.
Det er ein god grusveg. Til tider nokså bratt, men det er verdt det!
.....................................
Fekk du også lyst til å ta turen?
Søk Vassætra eller Sandvikhornet på Google.
Mange har tatt turen før og gir ei god forklaring.
Det var på den måten vi fann fram. 
I tillegg snakka vi med folk vi traff på vegen.

GOD TUR!

linka til:




mandag 11. august 2014

Å puste i det fri...


Så godt å kome ut og opp i det fri.
Kjenne sola varme.
Vere saman.
Gå tur.
Puste.


Nyte den vakre utsikta når sola går ned.
Kjenne at ein lever.
Og at det er godt å ha ein heim som ventar.

....................
Vonar du får ei fin veke!


lørdag 21. september 2013

Siste rest av sommar?



Søndag for 14.dagar sidan la vi opp til ein fottur i haustvarmen. 

Valget falt på ein fjellrygg mellom Stordal og Dyrkorn. 

Turen starta på Vikastølen ved Dyrkornvatnet 

og gjekk opp på toppen av Vikahornet. (637m)

Og for ei belønning når vi kom på toppen.

Ei utruleg flott utsikt!

Herleg å nyte ettersommaren!

..........................

Linka til



GOD HELG!




tirsdag 17. september 2013

Fjellbjørka


På veg opp på Vikahornet på Dyrkorn.
Godt å kome ut og opp.
Belønninga var å nå toppen.
Men det å gå turen kan vere eit mål i seg sjølv.
Og fjellbjørka var ein god venn å kvile hjå på vegen opp.

........

Fjellbjørka.


Det er ikke størrelsen som imponerer meg
når jeg ser på fjellbjørka,
som klorer seg fast
til nakne og harde bergrabber.
Den rager ikke særlig høgt over bakken.

Det er ikke utseendet som imponerer meg
når jeg ser på fjellbjørka,
med krokete stamme
og greiner forblåst og forvridd.
Den bærer preg av å ha trossa vær og vind.

Det er ikke lauvsprettet som imponerer meg
når jeg ser på fjellbjørka.
Den står gjerne med nakne greiner
om så helt til St. Hans.
Sommeren kommer ikke først fram til den.

Nei, det er styrken som imponerer meg
når jeg ser på fjellbjørka.
Den tar til seg næring
der jordsmonn knapt fins.
Den har festa sine røtter til fjell.

Den minner meg, der den står,
fjellbjørka,
som et banner på det bare fjell,
om en skaper som har jorden i sitt eie.
Han har også fjellets vekster i si hand.

Jeg vil stå sammen med den,
fjellbjørka,
på denne stødige og sikre grunn.
Om det stormer, vil jeg krøke mine greiner.
Jeg vil ikke feste røttene i sand. 





LINKA TIL:


onsdag 28. august 2013

Ca.1230m over kvardagen


Høgt "hang" den, men "sur" vart vi ikkje..

Roaldshorn!

Oss var no ikkje heilt på toppen, men valgte minste motstandsveg.

Når tida er knapp og der går Gondol, ja så velge ein det.

For ei utsikt!

Er du nokon gong på Stranda sommarsdag (medan Gondolane går)
 så må du unne deg ein tur på toppen for å nyte kor vakkert det er!

Det var fyrste gongen eg var der, men ikkje siste..
Og neste gong skal eg ha så god tid at eg får meg tur heilt på toppen også.

................................

Vonar du har ein flott onsdag!


Linka til:

Ein stück himmel - A piece of heaven  

lørdag 24. august 2013

Kveld ved vatnet



Kvelden har
gjeve dagen fri.

Ro.

Berre eit
stille vak
gjennom
vassflata.

Myrke tretoppar 
i kontur mot
himmelranda
i møte med
ei ny natt.

Ei natt
berre slik
fjellet
gjev det.

av Rannveig B. Bakken


Kjelde: Steg over myrlendt landskap, 1995, s. 18


...............................
Så vakker var kvelden vår i går.
Å få seg ein tur på hytta gjev ny energi.

Vonar di helg er god!

søndag 23. september 2012

Lengsel - Mandagstema


Ja, eg lengtar..
 
Etter dagar som dette.
Der vi kan ro med båten på vatnet og
legge den i støa.
Gå på land og kjenne freden og roa kome.
 
Gå opp til hytta.
Fyre i omnen.
Koste vekk speindelvev og døde fluger.
Pakke opp sekken og sette kjelen på omnen.
Om litt spreier god kaffilukt seg over heile hytta.
 
Riste teppa og henge dei på altanen.
Finne fram grønsåpa og la langkosten danse.
Lufte sengekleda og skifte på nye trekk.
 
Sette seg i solveggen og kjenne at ein LEVER!
 
Ja, eg lengtar!!
 
..............
 
 
MÅTTE DI VEKE VERTE GOD!
 
KLEM FRÅ SIGRID
 
 
 

lørdag 28. juli 2012

Svart Kvitt Landskap



Innimellom kan livet følast som svart/kvitt.

Alle fargar som du såg før er borte.

Det svarte og det kvite tek overhand.

 

Kan det svarte vere vakkert?

Kan det kvite vere for lyst?

 

Kanskje det er bra at det av og til er slik?

Så vil du glede deg endå meir når fargane dukkar opp igjen!

 

For livet er ikkje svart/kvitt!

Livet er ei blomstereng med vakre fargar.

Ei gåve du har fått!

 

Sjå deg rundt og lev!


-sigrid-

...................................................
Dette er mitt bidrag til

..............................................

PS: kom gjerne innom og ta eit lodd i feiringa mi av 3års bloggebursdag!




søndag 29. mai 2011

Himmelsk tilbakeblikk


Ja, eg veit at vinteren var laaaang..
Men eit lite tilbakeblikk toler du vel?

Her er eit bevis for at det var flotte dagar også.
Bilete er tatt frå eit møterom på ID-huset i februar.

Og i dag er dette mitt bidrag hjå 
 som kvar fredag gir oss sjansen til å vere med på 
Himmelsk

Himmelsk logo

Takk til Petunia!

Måtte vi alle få ein flott søndag!