torsdag 31. desember 2015

JULEROSA


JULEROSA SÅ VAKKER EIN BLOME.
DEN HAR STÅTT PÅ TRAPPA I NOKRE VEKER.
DEN HAR TOLT KULDE OG FROST.
(og  15 grader + i går kveld!!)



Det vert fortalt at ei lita jente fulgte dei tre vise menn til krybba der Jesusbarnet låg. Dei brakte med seg flotte gåver som dei overrakte til barnet, og jenta ville også så gjerne gitt ei gåve, men hadde ingen ting. Hun vart lei seg, gjekk vekk og gråt stille. Da såg ho at der tårene hennar falt, vokste det opp vakre blomster. Ho plukka dei, og gav blomane i gåve til barnet i krybba. Det var dei fyrste julerosene.
Ei historie like vakker som julerosa sjølv. 
...............
MED DENNE LEGENDA VIL EG TAKKE DOKKE ALLE FOR 2015
OG YNSKJE DOKKE
EIT VELSIGNA GODT NYTT ÅR! 

fredag 25. desember 2015

GOD JUL!



En krybbe var vuggen som ventet ham her,
det lille barn Jesus, vår Frelser så kjær.
Men stjernene lyste helt inn der han lå,
det lille barn Jesus, på leiet av strå.

Så enkelt og stille kom Gud til vår jord.
Så høyt er jeg elsket av Jesus, min bror.
Han kom fra Guds himmel, Gud selv var han lik,
men Jesus ble fattig, og jeg er blitt rik.

Fra krybben til korset gikk veien for deg,
slik åpnet du porten til himlen for meg.
Velsign oss,vær med oss, gi lys på vår vei,
så alle kan samles i himlen hos deg!


Tekst: Eyvind Skeie/Agnes Landmark (Norsk tekst)
Melodi: William J.Kirkpatrick

mandag 21. desember 2015

Adventstid er snart forbi

men gode minner og ikkje fullt så gode minner kan ein dele:



1.søndag i Advent var det innspurt på Rettleiingstudie.
Og når helsa ikkje var på topp er det godt å få hjelp til å halde hovudet klart.
Sensuren er falt og hurra for 15 nye studiepoeng ;-)


Nissefar var alt på plass på Meny Lerstad.


Lefsebaking med systå er ein årleg tradisjon.
Dette er kosten ein feiar vekk mjøl på takka med.
Takk for ein koseleg dag kjære beste systå mi.


Kjempekoseleg med gåve frå oldemor til eit av barna på jobb.
Litt kaker og Julegodt har også hamna på pauserommet frå enkelte av foreldra.
Godt at dei flotte kollegane mine vert satt pris på ♥


Og når Juletreet kjem ferdigpynta inn i stova..
Kven klagar vel på det?


tirsdag 15. desember 2015

LYS OG MØRKE




Mørke kan aldri fordrive mørke, det kan bare lys. 

Hat kan aldri fordrive hat, det kan bare kjærlighet.


- Martin Luther King -
..................................................
TAKK FOR PÅMINNINGA OM DETTE TIL GUNNAR
OG TAKK TIL EVA FOR VAKKER PYNTING.

torsdag 10. desember 2015

Stjerna i desember



Dagen er kort, kvelden kjem brått, det er kaldt, himmelen lyser blått. 
Vi står med himmelvendt blikk, ser eit lys i det fjerne. 
Vi finn eit tre, sagar det ned, det blir fint å pynte stova med. 
Vi heng på hjarte og lys og i toppen ei stjerne. 

Refreng 
Ei stjerne skin i mørke desember ho gir lys i våre inste rom. 
Stjerna skin på barnet i ei krubbe som viser veg inn til Guds herlegdom 

Snøen som fell stilt no i kveld breier teppe over mørke fjell. 
Alt blir så lysare no, og naturen får sove. 
Vi tenkjer på barnet som låg på eit leie gjort av halm og strå. 
Han gjorde mørker til lys, det er jula si gåve. 

Refreng
Ei stjerne skin i mørke desember ho gir lys i våre inste rom. 
Stjerna skin på barnet i ei krubbe som viser veg inn til Guds herlegdom 

© Gaute Øvereng 2005Ein song i tunkattens songbok – tunkatten.no

.......................................................................
DET 
FINST
 SÅ MANGE
 VAKRE TRE
 SOM STRÅLAR 
NO I ADVENTSTIDA.
MEN AKKURAT DETTE
 TREET SYNS EG ER DET FINASTE.
DET KJEM SÅ NÆRT AT EIN FÅR EKSTRA
 GLEDE AV DET OG IKKJE MINST FORDI DET
 MINNER MEG OM TORILL! HO VAR EI AV DEI SOM 
VILLE HA EIT LYSANDE JULETRE OVER TUNELLEN.
EI EINASTE JUL FEKK HO SJØLV OPPLEVE Å SJÅ TREET BLI
TENT. HO KUNNE SJÅ DET I FRÅ HUSET SITT. KVAR GONG EG
KØYRER GJENNOM TUNELLEN SER EG HENNE FOR MEG. BLID OG
SMILANDE MED EIN KJAPP OG GOD REPLIKK TIL DET SOM SKJEDDE
RUNDT HENNE.
HO DØDE SÅ ALT
FOR UNG. SÅ FÅR
VI MINNAST HO OG
PRØVE GLEDE OSS
OVER LIVET HER OG NO!

.......................



onsdag 2. desember 2015

Cevita



TENK 2.DESEMBER ALT! 

DÅ EG STAKK INNOM LOKALBUTIKKEN FEKK EG EI GLEDELEG OVERRASKING.

TENK EG HADDE VUNNE EI HEIL KASSE MED HERLIGE SØTE GODE CEVITA!

DET VART EIN SUNN START PÅ DESEMBER.

SENK SKULDRANE, NYT ADVENT, DET FORTJENAR DU!