onsdag 30. desember 2009

Den annsame

Han har ikkje stund til å stogge
og ikkje tid til å sjå.
Menneske som han møter,
dei ansar han aldri på.

Mangt har han å rekkje over.
Det gjeld om å fare fort.
Mykje var det å gjera.
Det auka dess meir han fekk gjort.

Så lid det til endes med dagen.
Han står der, studd over stav
og spør: Kva har livet gjeve
og kvar er det vorte av?

Slik jaga han gjennom livet
utan å få det fatt.
Ei glede sprang etter på veien,
men nådde han aldri att.

Jan-Magnus Bruheim



Når eit nytt år er rett rundt "hjørnet" tenkjer ein ofte over livet,
kva det har gjeve eller kva tap ein har hatt dette siste året.

Kanskje vi har det så travelt at vi ikkje har tid til å stoppe opp
for å kjenne at vi lever?

Kanskje vi er lik den annsame
som gleda ikkje greier å nå igjen?



Med ynskje om eit
Flott og Godt Nytt År
til dokke alle frå Sigrid

15 kommentarer:

  1. Så kjekt at du la igjen en hilsen hos meg, for da fant jeg deg:o))) Veldig mange fine dikt og tanker du deler her. Tanker som er viktige å ta med seg i hverdagen. Det siste her er vel noe vi alle kan trenge nå etter å ha jaget rundt etter julestemningen....:o)
    Ønsker deg en fin nyttårsfeiring og alt godt for det nye året, Sigrid !
    Nyttårsklem fra Solveig

    SvarSlett
  2. Heia Sigrid! I dag har eg godt samvet etter å ha lese orda dine... Om det er noko eg verkeleg har brukt tid på i 2009, er det å gjere opp rekneskap i kva som er viktig for meg i livet mitt. Eg har stoppa opp, og latt lukka nå meg igjen...

    Tusen takk for at eg får ha deg som trufast bloggeven!

    Godt Nytt År!
    Klem frå Elin ♥ ♥ ♥

    SvarSlett
  3. hehe..dar har du meg i eit nøtteskal...skal ta det med meg..treng det...pfff.

    Flotte dikt du legg ut her..verkeleg til refleksjon :)


    Klem!

    SvarSlett
  4. Du oppsummerer livet så godt i ulike dikt. Dette diktet er viktig. Om å stoppe opp og kjenne etter. Ta seg tid til livet og nyte at det gode det også har å by på. Vi må bare se det først.

    Et godt nytt år ønskes deg og dine.

    Klem fra Marit

    SvarSlett
  5. Nydelig dikt som sei mykje.
    Håpar du får ei fin nyttårsfeiring. Ønska deg eit godt nytt år.
    Takk for koselig helsing hos meg
    Klem

    SvarSlett
  6. Veit du, dette er eit av favorittdikta mine??? Fyrste gong eg las det var då vi mista vår førstefødde. Eg lova meg sjølv å aldri ta ein einaste dag for gitt, at eg aldri skulle sjå negativt på noko, at eg aldri skulle tillate meg sjølv å kjede meg og at eg aldri skulle springe ifrå lukka.

    Og tru det eller ei, men eg trur eg har vore tru mot lovnaden eg gav meg sjølv. Eg angrar ingenting og eg kjenner meg rik som har så mykje å glede meg over i livet mitt. Det raraste er at det gjerne er dei pittesmå tinga som berikar meg mest.

    Takk for at bloggar som du gjer; du er òg med på å gjere livet mitt rikare!!!

    SvarSlett
  7. Utrolig flotte ord til ettertanke på bloggen din. Flott dikt over. Får meg til å tenke, reflektere over livet - og det føles godt!

    Et riktig godt nytt år til deg! Vibeke :)

    SvarSlett
  8. så bra innlegg.
    viktig å ha verdier og prioriteringer i orden!
    øsnker deg et nydelig 2010.

    SvarSlett
  9. Gode ord til ettertanke.
    Alle burde vi nok stoppa opp litt, og brukt tida litt annleis enn vi gjer.

    Eg vil ynskja deg eit godt nytt år.

    SvarSlett
  10. Godt nytt år,Sigrid!
    Hørselsvern blir utdelt til alle naboane ilag med det forsinka julekortet;p

    SvarSlett
  11. Godt nytt år! Klemmer, Kathrin.

    SvarSlett
  12. Kanskje eg skulle bruke 2010 til dette du skriv om her?

    Eg er eigentleg ein tenkjar også eg, men melankolien er det som ligg meg nærast.
    Eg treng særleg å bli minna om alle gledene i livet. Dei er der, eg må berre skifta litt fokus... SKULLE og BURDE står ofte og stengjer.

    Takk for alle gode stunder eg har fått her på bloggen din i året som gjekk :)

    GODT NYTT ÅR!

    SvarSlett
  13. flott...!
    riktig godt nytt år...
    klem¨¨*

    SvarSlett
  14. Tusen takk for koselig kommentar på matbloggen min! Ønsker deg et riktig godt nytt år!

    Trine ;)

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)