torsdag 10. desember 2009

LIVSVEGEN ELLER LIVSVEVEN?


Bilete av vegen er frå barndomsheimen min.

Bloggen min heiter "Refleksjon på livsvegen".
Dette med tanke på at livet er som ein veg, av og til er den flat å gå på, andre gonger er den krokete, av og til er det oppoverbakke eller nedoverbakke. Og når eg går på denne vegen som eg har fått, ja då reflekterar eg over mykje og mangt som møter meg på livsvegen.
Denne veven heng i stova mi og det er Maria som er kunstnaren bak.

Her ein dag fekk eg ein komentar frå M. Ho hadde lenge trudd at bloggen min heiter: "Refleksjon på livsveven". Og det er ikkje så dumt det heller. Då vert livet som ein vev.
Det hadde eg eit innlegg om tidlegare i haust. Men eit godt dikt kan ein gjenta, ikkje sant?

VEVEN

Mitt liv er som en billedvev,der Gud alene vever.
Han velger alle fargene selv,som mønsteret best fremhever,
men når han vever sorgens tråder,stanser pilgrimssangen.
Han ser det hele ovenfra.
Jeg - glemmer, jeg ser vrangen.

En dag er veven ferdig blitt,og skyttelen står stille.
Da vil han rulle teppet ut og si meg hva han ville.
Da skal jeg se at mørke tråder også trengs iblant.
Så gull og sølv og alle farver bedre bakgrunn fant.

Det er henta frå Corrie Ten Booms bok "Landstryker for Herren", Oslo, 1977. Forfattar er ukjent.

1 kommentar:

  1. Vakkert dikt... Eg treng gylne fargar i veven min no...

    Håper det går bedre med ryggen din? Husk på å ta det med ro i desse førjulstider; det er så fort gjort å gjere noko dumt. Det tar lang tid å bli bra, men det er fort gjort å bli låk igjen! Sjablongane mine er kjøpt på bloggbutikken A mouse in a house. Har alle bokstavar, unntatt æ, ø og å. Skal bruke dei til tekst på treverk, og stoff. Blir nok etter nyttår? Eg tar det heilt med ro for tida. Har blitt bedre, og det er så godt etter nokre låke veker. Hjelper mamsen min, og kromkakebakaren i nabohuset. Det er godt. Godt å ha tid til andre. Godt å vere sett pris på, og å kunne hjelpe.

    Ha ei god desembernatt, og ein fin fredag Sigrid!

    Klem frå Elin :)

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)