søndag 31. juli 2011

Leite etter SOLA!

I dag måtte vi leite etter SOLA!

Og vi fann den..
Noko SÅ godt som å kjenne den varme
skal ein leite leeenge etter..

Litt om staden vi var:
Gudbrandsjuvet er et elvegjel i elva Valldøla. Det ligger i Norddal kommune ved Storfjorden på Sunnmøre og den kjente turistveien fra Geiranger til Trollstigen krysser elva i bru over gjelet.
Før elva renner ned dalen, går løpet mellom store steinblokker, slik at vannet forsvinner inn i og kommer ut av sprekker og kløfter i ganske uventede vinkler. Dette blir nå understreket av at der er bygd og bygges plattformer og broer, der der er glass både i vegger og gulv. Stedet er derfor i ferd med å bli ennå et av flere stoppesteder for turister. (henta frå Wikipedia)
..............................
I morgon kjem kvardagen etter tre veker med ferie..
Etter ein heller sollaus sommar er det godt å ha ei veke til gode..

Ha ei god ny veke i ditt liv!
Lat vi ta vare på kvarandre!

fredag 29. juli 2011

Himmelsk hav


Å få vere på havet,
høyre bølgene klukke..
La tankane kvile..
Det er god terapi..
.....
Etter alt som har skjedd i Oslo og på Utøya følte eg behov for noko anna enn nyheiter..
Takk til svigerfar som tok heile familien min med på båttur...
.....


Dette er mitt bidrag til 
Sjå innom henne for fleire Himmelske bidrag.

lørdag 23. juli 2011

Friheit



Friheit kan vere så mangt... 
og ikkje minst kva du brukar den til..


Måtte vi halde saman i denne tunge tida..
og måtte vi fortsatt få ha friheit til å stå for
våre meiningar..
Måtte demokratiet få leve i friheit!


Mine tankar er hjå dei som opplevde 
desse to alvorlege hendingane, og dei 
som har mista sine kjære!


Eg ber ei bøn for vårt land og folk!

torsdag 21. juli 2011

Heldige meg :-)



Tenk eg var den heldige som vann Junigåve hjå Laila Karin.

Tusen takk!
Ta turen innom henne,
ho er ein mester i å ta bilete av blomar og fuglar.

Litt lite aktivitet på bloggen for tida.
Tid til kvile og flotte dagar med dei nærmaste gjer godt.

onsdag 6. juli 2011

TIMEN


Sjølv sekunda er lange
når ein verkeleg har det vondt.
Tenk då kor dagane er
for ein med sorg,
eller åra
for ein som har angst.
Om eg berre kunne korte
timen for nokon.

No er den her;
timen å leve i.
Det er så lett å skusle den bort
i minne frå i går,
eller kanskje smuldrar den
i planar for i morgon.
Men dagen som var, er borte,
har du kvittering på dagar som kjem?

Det er no den er her,
timen å leve i.

Henta frå Linda Austnes si bok "TIMEN Å LEVE I"

tirsdag 5. juli 2011

Frk.Solstråle


Endeleg skin sola på Sunnmøre..
Eg ligg i senga med høg feber og kan ikkje nyte den..
Men er glad på vegne av alle dei som får slikke sol.

Som erstatning såg eg over bilda på kamera mitt..
og der lyste Frk.Solstråle imot meg..
Ein vakker Løvetann som mange reknar som eit ugras..
Men eg beundrar den, den er full av liv og lar seg ikkje knekke..

Min løvetann ville absolutt vere med på Moseplassen si utfordring:

Frøken Markblomst 2011 


og så ville den høyre songen:

Den første løvetann


Det stod en liten løvetann så freidig og tilfreds
på landeveiens grøftekant med sølevann til knes.
Et bustehue lyste gult: Å nei, hvor jeg er fin!
Den hadde nettopp speilet seg i sølepytten sin.
I grøfta gikk en liten pjokk, som pjokker ofte går,
i våt og skitten kjeledress, med gult og bustet hår.
Han satte seg i søla ned og strakte ut ei hand
og nappet opp med rot og topp sin første løvetann.
På vegen kom det mange barn, de kvidret lyst og lett
imens de ordnet fort og flinkt en blåveisblå bukett.
Og pjokken ropte: “Se på meg, hva jeg har funnet her!”
Men barna bare lo og sa : “Så pjuskete den er!”
“Å nei, så menn,” sa pjokken, “jeg skal ta den med til mor,
så sier hun at den er fin og jeg er veldig stor.”
“Det si’r hun for å trøste deg,” sa de som stod omkring.
“For du er bare fire år og skjønner ingenting.”
Da stabbet pjokken hjem igjen og snufset littegrann,
og blomsten hang med hodet ned og lengtet etter vann.
Han åpnet døra sent og tungt, og plutselig sa mor:
“Å gid så fin en blomst du har – og nei hvor du er stor!”
“Du si’r det bare for å trøste, du,” sa pjokken likegla.
“Å langtifra” sa mor og lo. “Jeg mente det jeg sa.
Det aller største mor vet om, er nemlig guttemann
som kommer hjem og har med seg sin første løvetann.”
Alf Prøysen

mandag 4. juli 2011

Lar vi oss lure?


Dette er bilete av oppvasktablettar, ein uopna pakke.
Ser du det same som meg?
Det kunne vore plass til dobbelt så mykje i den!!
Eg har nemleg prøvt å stable alle i topakningen i ein pakke og
det er akkurat plass til dei.

Kan vi som forbukar gjere noko her?
Tenk på all lufta som vert frakta rundt på tog og lastebil..
Og dette er berre eit døme.
Sjå deg rundt i butikken neste gong du er der...
Eg er redd du vert overraska!

klem frå ei litt snufsete Sigrid

søndag 3. juli 2011

Aften røde

gir morgen bløde..

Men kva gjer vel det, når ein får oppleve ein slik kveld.

Godt å kome vekk frå kvardagen..
Sjølv om det berre var for ei natt..


fredag 1. juli 2011

Himmelsk strand


Dette er ei strand på ei vakker øy her på Sunnmøre.
Han som eig den målar dei mest fantastiske måleri..
Med slik ei utsikt forstår ein at inspirasjonen kan kome.

Takk til Ørnulf Opdahl som tok imot oss då vi var på Blåtur.

..............................................
Han tek ikkje glansen av livet,
den frelsar som kallar på deg.
Først då kan for alvor du leva
når han får deg fylgja på veg.




Du høyrer dei dårande røyster,
som lovar deg gullglim og glans.
Men ingen legg lys over vegen,
som Jesus og kjærleiken hans



Han hjelper i brattaste bakkar,
og stør deg når vegen blir smal.
Han signar dei sollyse sletter,
og lyser i dødsskuggens dal.



Han fører deg frelst over fjorden,
heilt fram til den himmelske strand.
Når døden sin brottsjø du møter,
vil Jesus dra båten i land.




Han tek ikkje glansen av livet,
han gyller din morgen og kveld.
Og opnar ei dør til dei salar,
der æveleg høgtid du held.

..............................................................

Med denne sangen og dette biletet ynskjer eg alle 
God sommar!

Biletet er også eit bidrag til

Hver fredag:
Sjå innom henne for fleire