torsdag 28. januar 2010

frykt og tillit




frykt banket på døren

tillit åpnet

det stod ingen utenfor


asiatisk ordspråk

Ynskjer alle mine bloggvenner ei riktig god helg i inn og utland!

tirsdag 26. januar 2010

Den usynlige

Til minne om Jan Erik

Enkelte ting får sjølv meg til å bli mållaus og satt ut.
Heilt tilfeldig såg eg ein artikkel på Dagbladet si nettside, les her
Den var SÅ sterk at eg berre måtte lese heile artikkelen.

Det handla om den usynlege, den som ingen ser...
Og som ingen saknar den dagen han døyr....
Ikkje det at det spelar noko rolle for meg kor mange som kjem i gravferda mi, for då er eg ikkje der..
Men at ingen kjem, at ingen bryr seg...
Det vitnar om ei einsemd så djup og sterk at sosiale meg ikkje kan fatte rekkevidda av det!

Slike tankevekkerar er sterke å få!
Det gjer at eg med endå større takksemd ser rundt meg på det som fyller mitt liv....


mandag 25. januar 2010

Lykke, kva er det?

Etter ei hektisk helg med bursdagsfeiring
for dei to eldste borna kjenner ein seg litt sliten.
Sliten, men lukkelig ;-)

Tenk så kjekt vi har hatt det. Farmor og farfar som begge har bikka 80år var tilstade. Begge tantene deira kunne kome. Og ein onkel og eit søskenbarn. Mi gode vennine LB og mannen var også tilstade. LB som eg møtte i min ungdom og som fekk vere fadder på eldsteguten vår.

Eg har SÅ mykje å vere takknemleg for!

Difor vil eg i dag annbefale bloggen til Elisabet Livet i Lønnetunet. Ho har eit innlegg med tittelen Enkle regler for lykke. Sjølv om eg har høyrt historia før var det godt å bli mint om det.

YNSKJER ALLE EI FLOTT VEKE!

torsdag 21. januar 2010

Murar oss i mellom?

Har du tenkt over det slitet forfedrane våre hadde?
I dag ordnar ei gravemaskin det meste,
men før........
Fyrst så bora dei for hand og så sprengte dei steinen. Så brukte dei ein steinbokk til å flytte på steinen. Hest og kjerre måtte til for å frakte den på plass.
Og ved hjelp av handemakt og steinbokk fekk dei lage muren til låvebrua.

Ein mur kan vere nyttig den, her for å lage ei låvebru.
Murar til hus og andre bygningar på garden var viktige for å lyfte sjølve huset vekk frå bakken. Andre gongar laga dei murar på grensa mellom naboar.

--------------------------------------------------

Murar er ikkje alltid positive, den er ei grense som det kan straffe seg å gå over.
Berlinmuren er eit døme på det.

Men ein usynleg mur lagar ofte like store problem som ein synleg kan gjere.

Kvifor veks murane mellom oss så raskt?
Kvifor let vi att hjartet for kvarandre
– endå vi lengtar inderleg etter meir kontakt?

Guds Kjærleik er
1.Guds kjærleik er som stranda og som graset, som vind og vidd og jord og allheims rom. Vi fridom fekk å bu der, gå og koma, å seia ja til Gud og seia nei. Guds kjærleik er….

2. Vi vil ein fridom der vi er oss sjølve, ein fridom vi kan gjera noko av, der ingen tomleik finnst, men rom for draumar, ein jord der tre og blomar kan slå rot. Guds…

3.
Og endå er det murar oss i mellom, og gjennom sprinkelverk vi tøyer hand. Vårt fangerom er murt av redsle-steiner, og fangeklede er vårt stengde eg. Guds kjærleik…

4. Å døm oss, Herre, frikjenn oss i domen! I di forlating fridom finst og von. Den rekk så vide som din kjærleik vandrar, til folk av kvar ein rase og nasjon. Guds kjærleik…

Teksta til sangen Guds kjærleik fann eg her.

tirsdag 19. januar 2010

Sitat igjen ;-)

Vart så ivrig på sitat, fann så mange eg kunne dele med dokke:

"Ei kjærlig og vennleg
handling vil kanskje
ikkje endre historia sitt løp,
men viss den endrar livet si
retning for ein enkelt,
er det verdt det!"
........................................................................
Kanskje det er noko å reflektere over på ein heilt vanleg tysdag?

mandag 18. januar 2010

Sitatutfordring

Alle kongar har ein gong vore ein hjelpelaus baby.
Alle tre har ein gong vore eit lite frø.
Alle store hav kan få ei krusning til å bli eit inferno av bølger.
Alle strukturar har starta som ei teikning.

Det kjem ikkje ann på kvar du er i dag,
men kvar du er på veg.


Elin utfordra meg på eit sitat og med eit bilete som høver til.
Har hatt det litt hektisk dei siste dagane....
Men betre seint enn aldri ;-)


HA EI FLOTT NY VEKE I DITT LIV!

Ps: Utfordrar Hjertebank til å kome med eit sitat og eit bilete.




søndag 17. januar 2010

Sju ting om meg... og tankar om blogging....


Britaiskogen har gitt meg ei utfordring....og ein award.
(Awarden er det Hulda som laga ein gong)
Takk for begge to!
Utfordringa var: Skrive sju ting om meg sjølv.
Har for så vidt teke den før........
Då eg var veldig, veldig fersk bloggar i fjor haust vart eg utfordra av
....hvorfor ikke..... og ho igjen hadde vorte utfordra av Molly.
Her er resultatet av den

Begge hadde bloggar som du vart glad, trist, opprørt og inspirert av...
No har ....hvorfor ikke.... lagt ned sin blogg og Molly har ope berre for inviterte.
Det er deira valg å ikkje blogge.....eller kun blogge til spesielle..
Men trist for dei av oss som treivst med å sjå innom dei.

Ei vennine lurte på om eg kjende desse som kommenterte hjå meg.
Nokre kjenner eg, andre veit eg kven er, men dei fleste er heilt ukjende for meg.
Alle er dei mine bloggevenner, som eg kan le og gråte saman med.
Og som i mi "verkelege" verd er det nokre eg har meir kontakt med enn andre.
Vennskap er noko rart. Nokre menneske har ein som venner heile livet, medan andre har ein kontakt med berre ei kort stund. Og slik er det i bloggverda også.

Men no må eg prøve skrive 7 ting om meg sjølv som eg ikkje skreiv sist:
  1. Vaks opp på eit lite småbruk
  2. Allergisk mot katt, hund m.m :-(
  3. Har bodd både i Trondheim (KVT) og Oslo (Fjellhaug)
  4. Har 23 års bryllaupsdag i år ;-)
  5. Utdanna førskulelærar
  6. Mor til tre
  7. Er veldig glad i blomster
Så no veit dokke heile 17 ting om meg!

Og her er dei som eg gir utfordringa vidare til, men berre viss dei vil:

God søndagskveld til alle!

onsdag 13. januar 2010

IVAR

Dette er Ivar...
Nei, det er ikkje mannen i mitt liv ;-)
Men han har prega livet mitt i mange, mange år.
Ivar Aasen han som ofra kjærleiken pga språket.
Tenk for ein innsats han gjorde for nynorsken. Og det på ei tid utan den kommunikasjonen vi har i dag.
I mi ungdomstid skreiv eg særoppgåve om han. Og gjennom det vart eg meir klar over mi eiga dialekt og mitt eige skriftsspråk.
Det å verte klar over eigen identitet er faktisk svært viktig!
Den som vil lese meir om Ivar finn det her.

bilete av han har eg faktisk hengande på ein vegg og det er det som er avfotografert

tirsdag 12. januar 2010

Husfred

Når alt er kvitt ute er det godt å ha noko grønt å feste augene på.
Her er husfreden min. Har heldigvis klart å behalde den lenge.
Men kvar kjem namnet husfred i frå?

Det er lett å trekke en parallell til en annen form for husfred som krever akkurat den samme omtanken hver dag for å overleve. Det gjelder i familien, på arbeidsplassen og i samfunnslivet. Det er lett å slutte seg til dem som sutrer og klager, og det er viktig og riktig å gjøre oppmerksom på forhold som ikke er bra.
(utklippet funne på Bardu kommune si heimeside)

Men det beste er å halde fred med kvarandre :-)

Har du ein idé om kvifor den heiter Husfred?

mandag 11. januar 2010

Orkide

Heldige meg...
Sjå min vakre orkide!
Eg er veldig glad i blomster...
Eg held nok ein "knapp" på orkide som favorittplante....
Ikkje berre er den vakker å sjå på, men den blomstrar SÅ leeenge ....

Dette vakre eksemplaret fekk eg i bursdagsgåve i september...
og sjå eg har fortsatt like stor glede av den enno ;-)

Tusen takk RA !
Ser du kor fin den forsatt er?
Den står der og minner meg om kor kjekt det er å ha deg til vennine....

søndag 10. januar 2010

Varmt teppe

Sjå for eit flott tjukt og varmt teppe snøen
har lagt på hagebenkane våre...
Akkurat no kan eg tenkje meg eit slikt flott teppe..
Ikkje av snø, men av varm ull...
Ute er det kaldt,
men når sola skin vert alt det kalde vakkert og varmt...
..........................................

God søndag;-)

fredag 8. januar 2010

Solnedgang

Så vakker kan ein solnedgang vere...
Og så vakre fjell kan eg sjå på...
Viktig å løfte hovudet, og sjå opp...
Viss vi ser ned kan alt bli grått og kjedeleg..
Løft blikket ditt...
.......................................................................
Med ynskje om ei
fantastisk flott vinterhelg til akkurat DEG !!

ps: Gløymde skrive at det er guten min på 11år som har tatt bilete.
Det er hans kamera eg lånar av og til.

onsdag 6. januar 2010

Har du "kasta" ut Jula no?

Det er visst 13 dag Jul i dag og då skal det vere på tide å rydde vekk Jula.

Trettende dag jul (Hellige tre kongers dag)
Den 6. januar er det trettende dag jul. Dagen skal minne om mennene fra Østerland som kom til Betlehem. I Bibelen kalles de kun for de "vise".

Gamle juledag
Mange steder ble dagen kalt Gamle juledag og ble feiret som den virkelige juledagen. Man spiste julemat og hadde trearmede lysestaker på bordet (helligtrekongers lys). Man drakk også en skål for et godt år. På kvelden måtte folk holde seg i hus - da begynte nemlig Åsgårsreia sitt tilbaketog. Det man drømte denne natten ville skje i virkeligheten.

Trettendedagen var også en viktig merkedag for været. Dersom det var fint og klart vær på trettendedagen ga det et godt og grøderikt år sa man. Været denne dagen ville vare i 13 dager. Nå begynte også den kaldeste delen av vinteren.

Dagen ble også av noen kalt Avfaredag. Det var fordi juleturingen nå var over og alle gjester skulle reise hjem. Noen brukte også tyvendejuledag til reisedag.

Primstavens tegn for denne dagen er en klokke, tre kors, tre kroner eller tre menn.

fakta henta her

Kanskje du syns det er så kjekt med Jul at du ventar litt til?

Då har du ein annan tradisjon å "skulde" på ;-)

20 dag Jul:

Tjuende dag jul var jula over. Denne dagen ble også kalt St.Knut, og folk sa at "tjuende dag knut jager jula ut". Mange steder ble det vanlig å markere dette ved at de jaget ut jula med sopelimer.
Over hele landet holdt de tjuendedagen for å være "gamle nyårsdag". Dette kom av at trettendedagen ble regnet som gamle juledag.
Tjuendedagen skulle jula ringes ut og julølet drikkes opp.
"Snør det tjuendedagen, vil det bli 20 snørier før sommerdagen 14.april, ble det sagt i Romsdal.

fakta henta her

Og for den som er ekstra glad i Jul finst det enno ein tradisjon å skulde på.

Kyndelsmess Knut.

Kyndelsmess
Kyndelsmess er 2. Februar. Det var en sterk dag i folketrua. "Kyndelsmisse - Naar Solen skinner klar den dag, falder der mere sne end tilforn", står det i
"Nordske Calendarium" fra 1724. I den katolske tida var det prosesjon med brennanes vokslys den dagen. Man kunne vente seg hardt ver omkring kyndelsmess. Godver og mildver påkyndelsmess var et dårlig merke. Et nordnorsk ord om dagen er: "Di bekkan som går på kyndelsmess, di står ved korsmess" (3. mai). Nordpå heitte det enkelte plassa: "Som veret e kyndelsmessdagen, slik blir det i 7 veke". I låven skulle ikkje meir enn halvparten av foret være brukt, og uti skogen snudde bjørnen seg i hiet den dagen og sov videre.
Enkelte regna kyndelsmess som siste juldagen - og no var det han
"kyndelsmess-Knut som jaga jula ut". Og i Trondenes sa de:
Jula vara heilt te kyndelsmess.
Sia e det vinter og vår
i kver manns gård.

Fakta Henta her



tirsdag 5. januar 2010

Jeg vil takke

Jeg vil takke Gud for denne nye morgonen. Denne dagen er ennå ung og full av muligheter.
En ny morgon er ofte som et nytt liv, en ny begynnelse.
Takk for at jeg ikke må slepe på gårsdagen!
Hvilken herlig følelse om kvelden å legge dagen bak seg, glede seg til nattens søvn og vite at en ny, uskreven dag venter meg.
Det er som den første fornemmelse av vår etter en lang mørk vinter. Det er som solskin etter regn. Jeg vil ikkje tenke tilbake på regnet, ikkje la gårsdagens forspilte muligheter kaste skygge over denne dagen. Jeg vil glede meg på denne dagen, - i dag!


Henta frå Rainer Haak si bok "Det lille ordet takk" Lunde forlag

mandag 4. januar 2010

Julemotar

Julemotane skiftar,
akkurat slik som andre motar....
Men sjølv om motane endrar seg
er det enkelte ting ein tek vare på..
Denne stoffkransen har eg fått av
systra mi for maaaaange år sidan......
Den må kome fram til Jul
sjølv om det ikkje er dagens mote..
Tradisjon og minne er viktigare ;-)

søndag 3. januar 2010

Skjulte skattar

Veit du at skattar kan ein finne overalt?
Midt i trist lauv låg denne vakre "diamanten"!

Sjå rundt deg.....
Kanskje du finn "diamantar" på uventa stadar du også?

Livet er ikkje berre svart- kvitt, men har mange nyansar....
Det er viktig å hugse på å sjå etter dei skjulte skattane vi har rundt oss
og ta vare på augneblinken vi lever i...

Kanskje det kan vere eit nyttårs-fortsett?

fredag 1. januar 2010

Hjarteleg Velkomst

Dette hjartet heng ute og ynskjer folk Velkomen inn ;-)

Viss du har lyst til å lage noko liknande sjølv er det nokså enkelt:
  1. Du går i skapet og finn ein ullgensar som ikkje vert brukt, den tovar du.
  2. Så klipper du ut hjarte og pyntar det.
  3. Gå ein tur i skogen (gratis trim), der finn du nokre bjørkegreiner som du formar til eit hjarte.
  4. Så festar du ullhjarte på bjørkehjarte.
  5. Og vips, så har du fin pynt å henge opp der du vil.
Mitt hjarte vart laga på sosialkveld med personalet mitt.
Takk til kreative Maria som hadde alliert seg med si kreative mor.
Før vi laga hjarte fekk vi ete oss gode og mette på herleg heimelaga Hjortegryte.
Og til kaffien vart det servert verdens beste sjokoladekake...

Veldig kjekk gjeng å arbeide saman med og veldig kjekt å gjere noko sosialt saman!
Viktig å tenke på noko anna enn jobb også....