søndag 29. november 2009


Advent


Advent er ventetida før jul.

Ordet advent (kjem frå latin) tyder eigentleg Herrens komme, og har blitt brukt som namn for denne ventetida heilt sidan slutten av 400-talet.

I følge tysk tradisjon refererar advent til dei 24 dagane oppunder jul, altså 1-24 desember .
I adventstida førebur vi jula og ventar på Jesusbarnet sitt komme.

1.søndag i advent, markerar starten på kyrkjeåret, den fell alltid mellom 27. november og 3. desember.

Før i tida - fram til den andre verdskrigen - vart advent kun markert i kyrkjene. Dei siste åra har det vorte vanlig å pynte heimane med forskjellig adventspynt som lys, kalenderar, kransar m.m.

Som adventsfarge brukar ein som oftast lilla/fiolett.

Adventslysestaken finst i mange heimar. For kvar søndag i advent tenner vi eit nytt lys i staken og syng/les eit vers om Advent.

Her er den sangen vi brukar i vår heim:


No tenner vi det første lys,

åleine må det stå.

Vi ventar på det vesle barn

i krubba lagt på strå.


No tenner vi det andre lys,

dei står der stilt og skin.

Vi ventar på at Gud, vår Far,

vil sende Sonen sin


No tenner vi det tredje lys,

det er eit heilagt tal.

Vi ventar på at Kongen vår

skal fødast i ein stall.


No tenner vi det fjerde lys

og natta vert til dag.

Vi ventar på ein Frelsarmann

for alle folkeslag.


Tekst: Sigurd Muri 1963 (frå Ørskog på Sunnmøre) - Melodi: Emmy Köhler 1898 (Nå tennes tusen julelys)

Faktaopplysningar henta frå blandt anna: AKTIV I OSLO


3 kommentarer:

  1. Det er lett å gløyme att slike tradisjonar er gamle... Godt at du minner oss på det eigentlege bodskapet! Eg var på besøk hjå ei gamal dame på snart 90 år i ettermiddag. Ho fortalde om familien hennar sine juletradisjonar. Svært spennande, og så var det mykje som eg kjende meg att i. Eg lovde å kome att ein formiddag og hjelpe henne litt. Eg tok opp ei julestjerne i vindauget hennar før eg gjekk. Det skal ikkje mykje til for å glede slike som ikkje har nokon å hjelpe seg?

    Ha ei flott første desemberveke! Håper ryggen din kjem seg dag for dag?

    Klem frå Elin.

    SvarSlett
  2. Jeg kjenner sangen litt annerledes, men dette var en flott og verdig tekst det også. Takk for gjengivelsen.

    Kos deg denne adventstiden.

    Marit

    SvarSlett
  3. Stakk bare innom for å ønske deg ei fin adventsuke..legger meg til som følger, jeg

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)