torsdag 29. januar 2015

Vesle tulipan..


Eg fant deg..
Liggande i ei søppelbytte..
Kasta fordi du var ubrukeleg..
Kasta fordi stilken din var knekt..


Du var ikkje som dei andre..
Med lang stilk, rank og fin..
Du passa ikkje saman med dei andre 
flotte i blomstervasen.


Eg sette deg i vatn og gav deg ein plass i sola.
Du fekk glede meg i to dagar på hotellet.
Takk for at eg fekk møte deg!

.............................

Evangeliet etter Matteus

Kapittel 25:
  34 Så skal kongen seia til dei på høgre sida: ‘Kom hit, de som er velsigna av Far min, og ta i arv det riket som er gjort i stand til dykk frå verda vart grunnlagd. 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; 36 eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.’ 37 Då skal dei rettferdige svara: ‘Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tørst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller naken og kledde deg? 39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og vitja deg?’ 40 Men kongen skal svara dei: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.’





9 kommentarer:

  1. Så flott historie om tulipanen! Han tok seg jo riktig godt ut i glaset i vindauget! Det er godt vi har ein Gud som tek seg av alle, både langstilka og knekte "tulipanar"!

    SvarSlett
  2. Man skal se skjønnheten der den finnes og det er ikke alltid i det som er perfekt.
    Takk skal du ha.
    Klem :)

    SvarSlett
  3. Du så den som var knekt og du så mer, du så symbolikken; at Gud tar seg av alle...
    Det er godt å vite.
    Takker ofte for det du skriver her.
    Klem! -Margit-

    SvarSlett
  4. Så fin! Og sjølv den minste tulipan kan glede oss!

    SvarSlett
  5. Kos deg på kurs, hadde eg Vært frisk skulle eg bedt deg på en kopp kakao :)

    SvarSlett
  6. Nydeleg både i ord og bilde.
    Du er god til å finne symbolikken.

    Fredagsklem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  7. Heldige tulipan som ble sett av deg ♥

    SvarSlett
  8. Så fint, både bilder og ord !
    Heldig både du og tulipanen som ble funnet og sett av deg.
    Du har sett meg også mange ganger føler eg, og gitt meg gode ord,
    både på din og min blogg :) tusen takk for det !
    Håper du har ei fin helg på kurs, selv om det gjerne ikkje er det kjekkeste en gjør i helgen.
    God klem

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)