onsdag 25. september 2013

Å være til velsignelse


Sitat
Herren velsigne deg og bevare deg!
Herren la sitt ansikt lyse over deg og være deg nådig!
Herren løfte sitt åsyn på deg og gi deg fred!
Sitat
                                                                              – Fjerde Mosebok 6.24-26 _
Søndag var vi på formiddagsmøte på Bedehuset. 
Det er godt å vere samla om Guds ord. 
På slutten av møtet sang vi Velsignelsen saman. 
Godt å ta med seg den ut i livet igjen.
      Gud brukar oss til å velsigne andre,
         og samtidig brukar han andre til å velsigne oss.
...................................
PS til mine trufaste bloggleserar: 
Eg kjem til å ta bloggepause ei stund framover.
Viss eg finn tid vil eg fortsette å besøke dokke sjølv om her vert stilt ei stund.

søndag 22. september 2013

FARVEL, SOMMER / GOODBYE SUMMER


No er båten i naustet 
og den siste rest av kaffi i kjelen drukke opp. 
Hyttesommaren 2013 er over. 

Eg lengtar etter stillheita og den friske fjell lufta.
Farvel og på gjensyn!


er Mandagstema hjå Alt som er vakkert.


lørdag 21. september 2013

Siste rest av sommar?



Søndag for 14.dagar sidan la vi opp til ein fottur i haustvarmen. 

Valget falt på ein fjellrygg mellom Stordal og Dyrkorn. 

Turen starta på Vikastølen ved Dyrkornvatnet 

og gjekk opp på toppen av Vikahornet. (637m)

Og for ei belønning når vi kom på toppen.

Ei utruleg flott utsikt!

Herleg å nyte ettersommaren!

..........................

Linka til



GOD HELG!




tirsdag 17. september 2013

Fjellbjørka


På veg opp på Vikahornet på Dyrkorn.
Godt å kome ut og opp.
Belønninga var å nå toppen.
Men det å gå turen kan vere eit mål i seg sjølv.
Og fjellbjørka var ein god venn å kvile hjå på vegen opp.

........

Fjellbjørka.


Det er ikke størrelsen som imponerer meg
når jeg ser på fjellbjørka,
som klorer seg fast
til nakne og harde bergrabber.
Den rager ikke særlig høgt over bakken.

Det er ikke utseendet som imponerer meg
når jeg ser på fjellbjørka,
med krokete stamme
og greiner forblåst og forvridd.
Den bærer preg av å ha trossa vær og vind.

Det er ikke lauvsprettet som imponerer meg
når jeg ser på fjellbjørka.
Den står gjerne med nakne greiner
om så helt til St. Hans.
Sommeren kommer ikke først fram til den.

Nei, det er styrken som imponerer meg
når jeg ser på fjellbjørka.
Den tar til seg næring
der jordsmonn knapt fins.
Den har festa sine røtter til fjell.

Den minner meg, der den står,
fjellbjørka,
som et banner på det bare fjell,
om en skaper som har jorden i sitt eie.
Han har også fjellets vekster i si hand.

Jeg vil stå sammen med den,
fjellbjørka,
på denne stødige og sikre grunn.
Om det stormer, vil jeg krøke mine greiner.
Jeg vil ikke feste røttene i sand. 





LINKA TIL:


søndag 15. september 2013

Vennskap varer ved..



Glem aldri hvor mye lys du sprer...

Hvor mye støtte du gir...
Hvor mange smil du henter fram
og hvor mange hjerter du varmer....
Ved å være akkurat som du er!!!
(ukjent)
.........

Takk for fin helg i vennskapets tegn!

Takk til alle kullingane mine frå Førskulelærarlinja i Volda 1985-1988!

Tenk at heile 20 stk av oss klarte å sette av ein laurdag
 saman heile 25år etter at vi slutta.
Stor takk til dei som samla oss, ordna stad,
 mat og herleg underholdning.

Eit flott samhold i denne gjengen! 
Dokke er best ♥
Vi møtest om 5år igjen, ikkje sant?
Og då kjem kanskje enno fleire av oss?

Kanskje du også Torill får sjanse til å kome?

----

Og ekstra stor takk til dei to eg fekk heile helga saman med.

.....

onsdag 11. september 2013

Vi kan ikkje eige kvarandre






- tusen dikt har fortalt oss

at vi ikkje kan eige kvarandre



men vi kan låne kvarandre

og gløyme levere tilbake -


Arne Ruset

............

..kvardagsmagi..

finne ein igjengrodd sti
vandre hand i hand
plukke villbringebær
kjenne sola varme

..berre oss to..



---
Linka til:

katanita hverdagsmagi





onsdag 4. september 2013

Eg veit ei hamn


Eg veit ei hamn for meg som heimlaus vankar
Og som i livsens storm så lett driv av.
Eg veit ei hamn for mine redde tankar
Som flyg lik trøytte fuglar over hav.

Eg veit ei hamn der hjarta mitt kan kvile
Når det er sårt og veit seg ingen fred.
Eg veit ei hamn, der sola klårt skal smile
Når alle mine ljos har brunne ned.

Eg veit ei hamn når eg mot kvelden seine
Skal styre inn mot dødens mørke strand.
Eg veit ei hamn, og berre denne eine,
Der eg frå strid og naud stig frelst i land.

Eg veit ei hamn som heiter Kristi nåde,
Ei hamn i livsens jag og dødens natt.
Der er det bot for brot og vern mot våde,
Der finn mitt mødde hjarta heimen att.


T: Bjarne Rabben 1944
M: Conrad Baden 1941


tirsdag 3. september 2013

søndag 1. september 2013

Himmelen gret i dag

Fyrste dagen i september..

Ute i hagen blømer fortsatt nokre blomar.
Det er haust..

Trea har begynt å bli gulbrune.
Det regnar.

Himmelen gret i dag.