lørdag 31. august 2013

August



"August er det mykeste myke jeg kjenner,
denne skjelvende streng mellom sommer og høst,
denne dugg av avskjed i mine hender. 

Dette hemmelig milde innover jorden,
denne lyende stillhet:
Tal Herre, tal!
Dette lyset som hviler
på modningens høyde,
dveler
og synker mot visningens dal.

Disse kvelder da trær
er som skygger i skyggen.
Denne etterårsferd over sted og forstand.
Jeg har drømt at jeg seilte mot Evigheten,
og en kveld i august var den første
besynderlig duse kjenning av land.

Jeg vet midt i alt det jeg ikke vet:
August er det mykeste myke jeg kjenner,
myk som sorg og kjærlighet."

EINAR SKJÆRÅSEN

.................................................

GOD HELG!
.......................

Oppdatering:
Dei fyrste tre linjene som eg hadde sitert i går fann eg som sitat i Sunnmørsposten.
Men fann i dag ut at det var ein del av eit flott dikt.
Så eg ynskjer å ære Skjæråsen med å la dokke få del i heile diktet.

linka til:

Skywatch Friday

onsdag 28. august 2013

Ca.1230m over kvardagen


Høgt "hang" den, men "sur" vart vi ikkje..

Roaldshorn!

Oss var no ikkje heilt på toppen, men valgte minste motstandsveg.

Når tida er knapp og der går Gondol, ja så velge ein det.

For ei utsikt!

Er du nokon gong på Stranda sommarsdag (medan Gondolane går)
 så må du unne deg ein tur på toppen for å nyte kor vakkert det er!

Det var fyrste gongen eg var der, men ikkje siste..
Og neste gong skal eg ha så god tid at eg får meg tur heilt på toppen også.

................................

Vonar du har ein flott onsdag!


Linka til:

Ein stück himmel - A piece of heaven  

lørdag 24. august 2013

Kveld ved vatnet



Kvelden har
gjeve dagen fri.

Ro.

Berre eit
stille vak
gjennom
vassflata.

Myrke tretoppar 
i kontur mot
himmelranda
i møte med
ei ny natt.

Ei natt
berre slik
fjellet
gjev det.

av Rannveig B. Bakken


Kjelde: Steg over myrlendt landskap, 1995, s. 18


...............................
Så vakker var kvelden vår i går.
Å få seg ein tur på hytta gjev ny energi.

Vonar di helg er god!

fredag 23. august 2013

Den blåe fjorden


Den blåe fjorden lokkar meg ut på:
"Kom og kjenn kor båten duvar,
høyr kor det klukkar rundt
stamnen."

Og eg let meg lokka til å leggje ut på:
Eg kjenner at båten duvar
og høyrer det klukkar rundt
stamnen.

Eg ser at himmelen speglar seg i fjorden.
Den blåe fjorden speglar 
den blåe himmelen med
dei kvite skyene.

Og inne i meg høyrer eg:
Gud sa: 
«Vatnet under himmelen skal samla seg på éin stad!
 Det tørre landet skal koma til syne.»
 Og slik vart det. 
 Gud kalla det tørre landet jord, 
og vatnet som hadde samla seg, kalla han hav.
 Og Gud såg at det var godt.

-Sigrid 22.aug 2013-
...............................
Bibelversa er henta frå 1.Mos 1, 9-10
Linka til

Ein stück himmel



tirsdag 20. august 2013

Å Vestland, Vestland


Bilete er teke frå Drageskaret med utsikt over øyane Kvamsøya, Voksa og Sandsøya. 

Å Vestland, Vestland når eg ser deg slik
Med fagre fjell og fjord og tronge vik.
Det stig i all sin venleik stort og vilt

Og atter møter meg so mjukt og mildt.



Og gleda strøymer i meg still og stor

med glans av bjørkeli og blåe fjord

Og i meg sjølv eg kjenner dypter av

den stille skogen og det store hav.


Min lette båt ein solblank kveld eg ror,

sjå fjell og himmel sym på stille fjord

og djupe dalen med sitt grøne fang,

som skin av lauv og blom frå li og vang.


Sjå skuggane som kliv dei kvasse fjell

lik dagsens timar tøyer seg mot kveld

Det sveiper seg om tind og tronge dal

eit draumeslør av sommarnatti sval.

(Sigurd Førsund/Tore Ørjasæter)

..............................
Innlegget er linka til
Mandagstema hjå Helene

......................

På tur heim igjen frå 50års dagen til ei vennine frå ungdomsåra måtte
eg be mannen min om å stoppe bilen her.
Dette er ein plass det alltid er fasinerande å skue utover.

Vonar du har fine dagar!

søndag 18. august 2013

Sommarminne


For nokre veker sidan, medan eg hadde ferie, 
tok vi oss ein tur på sjøen.
Har berre ein liten båt med påhengsmotor,
men den er bra nok for meg..
Koseleg å sjå bygda frå sjøsida.

Viktig å nyte og nytte den tida ein har.
Ikkje alltid eg klare det like godt.

Ha fin ny veke!

Linka til:

Ein stück himmel


og


torsdag 15. august 2013

Himmelsk å leva!!



Å leva det er å elska
Tekst: Anders Vassbotn 
Melodi: Per Steenberg

Å leva, det er å elska 
det beste di sjel fekk nå, 
å leva det er i arbeid 
mot rikare mål å trå.

Å leva, det er i livet 
å finna det største verd; 
å leva, det er å vinna 
til sanning i all si ferd.

Å leva, det er å leggja 
all urett og lygn i grav; 
å leva, det er som havet 
å spegla Guds himmel av. 


---------------------------
Petunia har  leda oss i gjennom 150 Himmelsk.
Takk for innsatsen din!!

Himmelsk hos Petunia logo