torsdag 28. april 2011

Himmelsk utsikt frå kjøkkenet


Faktisk ganske Himmelsk med snø 
no når den nesten er vekk..
Det er litt snø igjen på toppane, 
men siste dagane har både 
regn og sol gitt snøen juling.

Nyt våren- 
no er den her!


Ha flott dag-
faktisk snart helg igjen ;-)

Fleire Himmelske motiv finn du hjå Petunia

mandag 25. april 2011

VÅR



Så kjem våren, og våren er
ei lita gulgrøn jente som kastar fargar opp av
korga si og set fuglane tilbake i
trea og hengjer sola høgare opp på
himmelen og gir ho varmare strålar.
Ho tek isen av vatna  og puttar god gurglelyd i
bekken igjen - og menneska får tynnare klede og 
varme smil, og kanskje høge iskrem å bere på.


- Arild Nyquist -

torsdag 21. april 2011

Jesu siger

Ein siger for alle og alltid er vunnen 
- i Jesus, i Jesus 
Han løyste mi sjel som av synda var bunden 
- på korset, på korset 
Det såg ut som eit nederlag 
men Jesus siger vann den dag 
Og Jesu siger vart min siger


Refr:
Om eg er svak er Jesus sterk
og eg får kvila i hans verk
Og ein gong døy i vissa på
at Jesu siger ber meg då 

Eg kan ikkje vise til sigrane store 
- men Jesus, ja Jesus
Han let meg få gle meg i det som han gjorde
- på korset, på korset 
I livet mitt finst nederlag
men Jesus siger vann ein dag
Og Jesu siger er min siger

Ein dag skal eg jubla og takke av glede
-Takk Jesus, takk Jesus
Hans evige siger gav meg kvite klede
-Takk Jesus, takk Jesus
I Himlen står eg løyst og fri
eg veit eg nådde heim fordi
at Jesu siger vart min siger 


Tekst og melodi er av Brith-Jorunn Hovda.
Ho, Sverre og 5 born er misjonærar i Peru.
Innspelinga er på ein cd med Gerd-Kari Sund.

onsdag 20. april 2011

Himmelske nakne greiner


som strekker seg mot vårhimmelen..
Greiner som ser døde ut, men som eg veit skal spire snart..
Berre litt meir varme, litt meir livgivande sol..
Så ein vakker morgon vaknar eg opp til grøne knuppar..

Håp- ein må ikkje miste det!

Dette er mitt bidrag til 

onsdag 13. april 2011

Frøken Barbara

foto: KMN

Anne på Moseplassen vil få oss til å leite etter vårteikn.
Sjå kva som gror i min barndomshage, Rabarbara :-)

Dette er i allefall eit flott vårteikn for meg!

Sjå innom Anne for å sjå alle dei flotte Frøken Vårteikn kandidatane.

tirsdag 12. april 2011

Himmelske grenser


NÅR EIN LØFTAR BLIKKET FINST INGEN GRENSER!

Betre seint enn aldri..
Himmelsk for 30 gong, og eg har faktisk vore med alle 30 gongane.
Ikkje alltid eg har fått posta det på fredag, men alltid innan Petunia sin tidsfrist.

Av og til er livet litt for hektisk..
Lite eg har fått kommentert i det siste.
Vonar på rolegare dagar :-)

lørdag 2. april 2011

Himmelske Romsdalske fjell



Herren er mitt berg og mi borg, min utfriar,
        min Gud, mitt fjell, som eg flyr til,
        mitt skjold, mitt frelsehorn og mitt vern.
- Salme 18,3 -


Himmelsk logo

Ho ville gjerne få oss til å tru at det vart siste gongen.
Men det var heldigvis ein April spøk!

Når ein er på tur ser ein naturen rundt seg med 
andre auge enn når ein går i det vande og kjende.

Desse vakre fjella som kneisar i Romsdalen 
får vere mitt bidrag til Himmelsk denne veka.
Skal tru om dei som bur der ser kor 
Himmelsk vakre dei er?

God helg!