slapp av.
Tid er det nok av,
ho kjem og ho går utan krav.
Ber ikkje bører
som høyrer til framtida di.
Dagen i dag er ein dag
du kan kvila deg i.
Signala som kroppen din sender,
legg merke til dei.
Raudt tyder: Stans!
Sjølv om vegen der framme er brei.
Slaget er tapt om
du råkøyrer år etter år.
Tida er brems imot skadar
og sviande sår.
Den saka du brenn for, kan verte ein
øydande brann.
Lampa som blinkar,
mot utbrenning verna deg kan.
Press ikkje kroppen din
inn i eit stressande jag.
Arbeid og kvile er tida
si oppskrift i dag.
-Haldis Reigstad-
YNSKJER ALLE EIN FLOTT SOMMAR!
flott dikt som tar opp det mange slit med i dag, stress. God søndag til deg, nyt sommarn.
SvarSlettNydelig dikt med eit viktig tema. Takk for besøket inne hos meg. Ønsker deg ein flott søndag. Klem fra Sigfrid
SvarSlettNydeleg dikt... Minte meg på at eg ein gong hadde eit dikt av Haldis Reigstad, klipt ut av Sunnmørsposten. Det heitte "Du spør slik, barn", eller noko liknande. No finn eg det ikkje att og eg er heilt fortvila!!!! Kanskje du har det, eller veit kvar eg kan finne det???
SvarSlettFramleis god søndag til deg og alle dine!!!
Tusen takk for det fine diktet...har ikkje sett dette før, og eg tek det til meg... Dette trengde eg! Klem
SvarSlett...nydelig dikt av kloke Haldis...og jeg skal prøve å ta det til meg....nå er ferien begynt...ha en vakker kveld Sigrid!!
SvarSlettVakkert dikt! Så vakkert og sant at jeg fikk tårer i øynene! Håper du selv og får en fin sommer! -Margit-
SvarSlettVakre og sanne ord du formidler med dette diktet.
SvarSlettEg vil ynskja deg ein fin dag.
Takk for hilsen! Som jeg nettopp sa til Brit, så er denne friheten ofte i tankene mine! Var der i dag og. Det er den største frihet et menneske kan eie! Den som eier den, er fri selv i fangenskap! -Margit-
SvarSlettFor et vakkert dikt - kloke ord!! Virkelig kloke ord!!
SvarSlettJeg håper du nyter glade dager og at din lampe ikke lyser rødt:))
Kos deg masse og nyt sommeren :))
Ønsker deg en deilig uke!
Varm klem fra Lokki
veldig gode ord!
SvarSlettDei skal me gruna på!
Arbeid og kvila hand i hand...trur me er mange (damer) som treng å lese slikt!
Godt eg tok ein pause no då i husarbeidet!:)
Takk!
Så fint og så sant... Trengte verkeleg dette i dag.
SvarSlettEg har hatt det travelt med lesing dei siste vekene før ferien (har vore oppe til realkompetanse-vurdering), dermed har eg skudd føre meg både hagearbeid og husarbeid. Ikkje så kjekt å møte ferien med ei "milelang" arbeidsliste og motivasjonen på botn.
Fann ut at eg skulle starte med det eg hadde mest lyst til, så heile lørdagen og store deler av dagen i dag har eg brukt til hagearbeid. Då kosar eg meg :) Ekstra kjekt å sjå resultatet av arbeidet.
I kveld har eg og mannen min samla sauer på fleire beite og gitt lamma medisin mot mark i magen og hatt flåttmiddel på både lam og sauer.
Så får eg ta husarbeid litt pø om pø :)
Eg må ikkje gløyme at eg har ferie :)
Gler meg til midt i juli, då kjem døtrene våre heim på ferie :)
Ha ei fin og god veke :)
Eit flott dikt med med et budskap å ta med seg på veien!!!
SvarSlettØnsker deg herlige sommerdager :o)
Klem fra Hildegunn
Så flott et dikt!
SvarSlettFant denne bloggen helt tilfeldig, og likte den!
Jeg får lyst til å komme tilbake igjen.
Du har en fin presentasjon her også.
Ser at vi har felles tro.
Ønsker deg en fin dag!:)
Ja en skulle vært flinkere til å leve i nuet. Akkurat her og nå. Fremfor å bekymre seg for fremtiden - ergre seg over fortiden - og ikke nyte alt det som skjer idag.
SvarSlettHåper du har en fin sommer og koser deg maksimalt. Stor klem fra Torilpia :o)