torsdag 30. juni 2011

En hustavle



Det er en lykke i livet
som ikke vendes til lede:
Det at du gleder en annen
det er den eneste glede

Det er en sorg i verden
som ingen tårer kan lette:
Den at det var forsent
da du skjønte dette

Ingen kan resten av tiden
stå ved en grav og klage
Døgnet har mange timer
året har mange dage

Arnulf Øverland

................

Eit tankevekkande dikt.
Det er så mange som skulle hatt omtanke.
Ein klarer ikkje rekke over alle som hadde trengt
ein telefon eller eit besøk.

Men vi får alle gjere vårt beste for at våre medmenneske skal ha det bra.
For meg har eit smil frå eit ukjent menneske også gjort godt.
Ofte er det ikkje meir som skal til for
at dagen skal bli litt betre.

.......

GOD HELG!

onsdag 29. juni 2011

Lytt til stemmen inne i deg


Kom bort fra larmen,
kom til de rolige markene
der de store skyene beveger seg
og der,
mellom oss og stjernene,
er det bare stillhet;
og der i stillheten,
la oss lytte til stemmen som taler
inne i oss.

.................

Av og til har du dårleg tid.
Du vert stressa av alt som ikkje er gjort.

På den måten går du glipp av dei små gyldne augneblikka
som du møter på din veg.

Stopp opp og ta vare på dei!

søndag 26. juni 2011

Ein skigard....

Denne skigarden står ved hytta vår.

Heilt innåt skogen står ein skigard, mosegrodd og grå.
Han er heilt nedfalls og søkk isaman,
men som eit minnesmerke her han står.
Ein gong var dette eit viktig stengsel,
som verna åkeren mot krøterfot.

Ein skigard kan'kje vara evig, veit du,
kan aldri vara evig.

Ein gamal skigard som står og vitnar om ei svunnen tid.
Det er ei soge om gamal storleik,
kamp mot naturen, kamp som er forbi.
Nå vert det kjempa på andre fronter,
men mye skigarder det har me lell

Ein skigard kan'kje vara evig, veit du,
kan aldri vara evig.

Kva er ein skigard? Ein skigard er så mange rare ting:
Ei rad med stokkar, sett som eit gjerde,
eller eit stengsel i ditt eige sinn.
Ein gamal fordom, eit raseskille,
hat og misunning, eller aversjon.

Ein skigard kan'kje vara evig, veit du,
kan aldri vara evig.

Kvar du så snur deg, det er ein skigard mellom før og nå.
Ein skigard er som ei landegrense,
ein skigard er eit stengel for de få.
Eit hat i hjarta, eit klasseskille,
eit sjalusi, ein uvisshet, ein krig.

Ein skigard kan'kje vara evig, veit du,
kan aldri vara evig.

Har du ein skigard? Å jau du har nok ein for alle har
ein ting ein gjerne vil stengje ute,
ein ting ein ikkje syna vil einkvar.
Men desse stengsler treng ikkje vara,
Ein skigard kan du kliva om du vil.

Ein skigard kan'kje vara evig, veit du,
kan aldri vara evig.



Stanley Jacobsen


..............................................................................................................................


Endeleg ein dag med SOL!
Den fekk oss ut på tur.
Så godt det er å bevege seg litt.


Ha ei vakker sommarveke!

lørdag 25. juni 2011

♥ A + S = AS ♥


Så vert dei verande desse tre:
tru, von og kjærleik.

Og størst av dei er kjærleiken.

- 1.Kor. 13,13 -

......

GRATULERE TIL A og S SOM I DAG 25.JUNI 2011
GAV KVARANDRE SITT JA!!

.....
Alltid kjekt å få oppleve eit bryllaup.
Takk for at eg fekk lov å sjå på.

♥ Lykke til!! ♥

fredag 24. juni 2011

Himmelsk kveld


Enkelte kveldar er meir lilla enn andre..
Sist fredag tok vi ferge og eg måtte forevige dette motivet..

Dette er mitt bidrag til 
Hver fredag:

I dag var det 8,5 grader i bilen då eg køyrde på jobb.
Eg måtte ta på meg ullsjalet som eg vann hjå Mira.
Det varma meg godt!
Fortsatt er det kjøleg og skodda heng like tungt som i går.
Det er midtsommardag!

Vi får vone på betre dagar!!

God helg!

torsdag 23. juni 2011

Jonsokkveld


Jonsok, òg kalla sankthansjonsvaka eller jonsmesse er den 24. juni. Ved jonsok er det vanleg mange stader i Nord-Europa å feire midtsommar. Mange stadar vert det brent bål på jonsokaftan den 23. juni. På primstaven er jonsok gjerne merka av med ei krune, ein kross, ein ljå eller eit tre.
Namnet Jonsok kjem av det norrøne jónsvaka, av Jon, som er ei forkorting av Johannes. St. Hans er ei forkorting av Sankt Johannes' dag. I den katolske kyrkja er den 24. juni minnedag for Johannes døyparen.
Henta frå Wikipedia

God Jonsokkveld!

onsdag 22. juni 2011

Naturleg skulptur

bilete tatt av KMN

Kva er vakrare enn den kunsten 
som naturen lagar sjølv?  
Desse stråa er vakre mot den kontrasten som muren gir.
Han som tok bilete har verkeleg auge for flotte detaljar ;-)

Vonar at din dag har vore god!
       

mandag 20. juni 2011

Bøn utan ord


Denne vakre blomebuketten fekk eg på fredag med mine kjære medarbeiderar.
I dag vil eg dele den med alle dei som har det vondt akkurat no.
Spesielt tenkjer eg på familien til Kjetil som mista ein god ektemake,
far, svigerfar og bestefar så alt for tidleg.


Å, Jesus, eg ber deg: Ta handa mi no
når skuggane fell på min veg.
Om alt går imot meg, eg får ikkje ro,
då er eg så trygg her hos deg.
Om nederlag ventar og smerten blir stor,
du kjenner kvart barn på di jord.
Eg veit ikkje eingong kva bøn eg skal be.
Du høyrer mi bøn utan ord.


Å, Jesus, eg ber deg: Ta synda mi no,
for elles så stilnar min song.
Eg veit at du døydde og ofra ditt blod,
så eg får sjå himlen ein gong.
Om freistingar ventar på vegen eg går,
dei løfter du gav, dei består.
Du står framfor Gud med mi sak nettopp no.
Hans nåde og omsorg eg får.

Om nederlag ventar og smerten blir stor,
du kjenner kvart barn på di jord.
Eg veit ikkje eingong kva bøn eg skal be.
Du høyrer mi bøn utan ord.


T&M: Marte Vikanes Sameien 

fredag 17. juni 2011

Himmelsk Blåtur


Å få vere med på Blåtur saman med gode arbeidskollegaer og venner..
Å få god mat og musikk på starten av reisa..
Å få oppleve storslagen kunst..
Å få ete nydeleg Tapas..
Å få gå tur i fjell og fjære..
Og til slutt få oppleve at sola går ned i havet..

Det er Himmelsk det..
Dette er mitt bidrag til
denne veka.


God helg!!

torsdag 16. juni 2011

Regn


kan også vere vakre diamantar.

Eg veit at dei aller fleste lengtar etter ein sommar som lar vente på seg.
Og at dei som har opplevd flaumen på Austlandet gjerne vil ha sol.

Men vi må ikkje gløyme at regnet er livgivande også.
Og at svært mange i verda lengtar etter nettopp
 REGN!

Merkeleg kor urettferdig ting kan vere.

Akkurat i dag har yr.no lova
SOL!
Og det er eg sjølvsagt nøgd med :-)
For i dag skal jobbgjengen på
 BLÅTUR!


tirsdag 14. juni 2011

Sommar i fjøra


Tenk- det var sommar i går!
Fekk rusle hand i hand i fjøresteinane..
Sette oss ned og nyte at sola varma oss.

Fjøra er ein nydeleg plass å vere.
Vakre blomar og humle finn ein også der.

Så viktig å leve her og no
- ikkje der og då..

...................................

 11 Då sa Gud: 
«Jorda skal la grøne vokstrar gro fram, planter som set frø, 
og tre som ber alle slag frukt med frø i, på jorda!» 
Og det vart så.
 12 Jorda bar fram grøne vokstrar, planter som set frø, kvar etter sitt slag, 
og tre som ber frukt med frø i, kvart etter sitt slag. 
Og Gud såg at det var godt. 


mandag 13. juni 2011

PINSE



Vi lager en stor ring
vi rekker hverandre 
hendene.
Du er midt i blandt oss.


Hellige Ånd,
vi kan ikke se deg.
Vi kan se det du gjør.
Du forklarer Jesus
og hans kjærlighet.
du gir oss kraft
til å følge han.




henta frå Oskar Stein Bjørlykke: DAGENE VÅRE (Bønner for hjem og familie)
IKO forlaget, Oslo 1992


Her finn du Pinseinnlegget frå 2010.

lørdag 11. juni 2011

Himmelsk køyretur

mobilbilete

Når ein kjem gjennom tunellen frå Brattvåg har ein flott utsikt langs etter vegen.
Men eg er redd at vi kjem til å sjå mindre og mindre for kvart år.
Heile strekninga veks igjen med skog. Og slik er det over vårt ganske land.
Snart ser vi (og turistane) berre ein grøn tunell....

Dette er mitt bidrag til 
denne helga.

God Pinsehelg!

lørdag 4. juni 2011

Lilly-Rhododendron


Lilly er ein av fleire Rhododendronar i min hage og fleire skal det bli. Dei blomstrar kort og intens, men gir masse glede medan dei blømer.
Lilly er mitt bidrag til  
hjå Anne på Moseplassen.

Bli med du også!



Påmeldingsfrist: 14.juni kl. 23:59
Avstemninga vert opna 15.juni!
Ein kan vinne flotte premier i form av hagebøker (Aschehoug) og redskap (Bosch). 

God helg!