tirsdag 25. september 2012

Nedi vester soli glader

 

 
Ned i vester soli glader
Takk for dagen Gud og Fader
Gjev oss trygd i natti no
Takk for mat og takk for klede
Takk for arbeidskraft og glede
//:Gjev oss hjartefred og ro://

Gud og Fader lat oss sova
Under englevakt i stova
Ver vårt vern i natti du
Når so siste soli dalar
Lyft oss opp i dine salar
//:Lei oss over stjernebru://

søndag 23. september 2012

Lengsel - Mandagstema


Ja, eg lengtar..
 
Etter dagar som dette.
Der vi kan ro med båten på vatnet og
legge den i støa.
Gå på land og kjenne freden og roa kome.
 
Gå opp til hytta.
Fyre i omnen.
Koste vekk speindelvev og døde fluger.
Pakke opp sekken og sette kjelen på omnen.
Om litt spreier god kaffilukt seg over heile hytta.
 
Riste teppa og henge dei på altanen.
Finne fram grønsåpa og la langkosten danse.
Lufte sengekleda og skifte på nye trekk.
 
Sette seg i solveggen og kjenne at ein LEVER!
 
Ja, eg lengtar!!
 
..............
 
 
MÅTTE DI VEKE VERTE GOD!
 
KLEM FRÅ SIGRID
 
 
 

torsdag 20. september 2012

Himmelske Bodø



For andre gong i løpet av eitt år fekk eg den glede å oppleve Bodø!
Vakre Himmelske Bodø :-)
 
.........
Der fekk eg også feire bursdagen min saman med ein flott gjeng.
Ikkje kvar bursdag eg et festmiddag på hotell!
...............
Mitt bidrag til
Himmelsk hjå Petunia
4987378325_b77095bd20_b[1]
PS: Vi ser over til Landegode der eg var på tur i fjor haust.

søndag 16. september 2012

Mjukt - Velkomen!

Bloggen
sitt mandagstema denne gongen er
 
MJUKT/SOFT

og her er mitt bidrag:
 

I mai vart Tobias fadderguten vår konfirmert.
Og vi var heldige som fekk kome på øya i konfirmasjon.
 
Sjå så fint kvar enkelt kuvert var pynta.
 
Mjuke serviettar på fata og vakre mjuke blomar på bordet.
Ein føler seg ekstra velkomen når ein finn sitt eige namn.
.....................
 
Fin veke til deg!
........
Besøk gjerne Helene med bloggen
for fleire mjuke bidrag.
 
 

fredag 14. september 2012

FLOTT HANDARBEID


DEI KUNNE DET FØR I TIDA..
LAGE FLOTTE HANDARBEID..


Ja, det er ein duk..
Men kven har sagt at det ikkje kan brukast til gardin?


GOD HELG :-)

torsdag 13. september 2012

Himmelsk Haust



 HAUST

Kvar vart det taa alle dei Fuglar,
som song
i Sumar so vænt millom Greino?
Sidan eg høyrde deim
ender og Gong;
og so vart det Stilla i eino.
- Han tagnar, Fuglen, mot Hausten.


Kvar vart det taa alle dei Blomar,
som stod
og nikkad i Ljos og i Ange?
Eg ser yver Bøen,
men er inkje god
faa auga paa ein av dei mange.
- Han visnar, Blomen, mot Hausten.


Av Per Sivle
Mitt bidrag til 
Himmelsk hjå Petunia

[4987378325_b77095bd20_b%255B1%255D%255B3%255D.jpg]



fredag 7. september 2012

Himmelsk nytt liv av daude gror


Dette motivet fanga meg på veg til hytta i sommar.

Nytt liv av daude gror..

Det er så uendeleg mange som treng hjelp og støtte i ei vond tid.
Når hauststormane rasar i livet kan ein ofte tru at dette er slutten.
Korleis klare reise seg igjen?
Korleis kan noko godt gro fram der alt er vondt?
Igjen og igjen ser vi menneske som opplever traumatiske ting i livet sitt.

Vi menneske er spesielle.
Dei aller fleste klare å la livet sakte, men sikkert vende tilbake.
At noko nytt spirer fram sjølv der det er svartast.
At ein klare finne noko godt midt i det vonde.

Vi er så uendeleg viktige for kvarandre vi menneske.
Så viktig å vere nær når nokon treng deg.
Så viktig at nokon er nær deg når du treng det!

Ta vare på kvarandre!

.............................................

Mitt bidrag til
........................

GOD HELG!