lørdag 29. januar 2011

Himmelsk rosa


Blå himmel og rosa blomar i treet.
Gode sommarminner som ein kan leve på ein hustrig Januardag. 

Gå innom Petunia for meir Himmelsk.

God helg :-) 

fredag 21. januar 2011

Himmelsk blomster


Ein einsleg blome tok seg umaken med å blomstre midt i julestria. 
Som belønning er den blitt avfotografert og sendt ut i verda gjennom deltaking i

Hver fredag:
For den som vil sjå meir Himmelsk besøk 
og for dei som vil lære meir om blomen
Pelargonia kan besøke denne sida.

Ha flott helg!

torsdag 20. januar 2011

Gamle skattar


Tinos har ei utfordring om å vise muggar. 
Då fann eg ut at desse gamle skattane er vel 
verdt å vise til andre.
Erindrings kanna og koppen er arv etter foreldra mine.
Mugga er kjøpt på gjenbruksbutikk.


Har også lagt det inn på bloggen til Lenemora`s verden på Gammeldags fredag!


Ha fin dag der DU er!

mandag 17. januar 2011

Glede

Denne vakre blomebuketten fekk eg med personalet mitt på Juleavsluttninga. 
Og saman med den eit vakkert kort med gode ord. 
Slikt varmar meir enn dei anar. 
Buketten er berre minne no. 
Men gleda sit igjen. 

Takk!!

lørdag 15. januar 2011

Amatør

En amatør (av fransk amateuren som elsker) (videreføring fra det latinske verbet: amare, subst:amator) betegner en person som gjør noe fordi en liker – eller elsker – å gjøre det. Dette til forskjell fra en profesjonell, eller en som ønsker å bli profesjonell, som gjør noe med det formålet å tjene på det.
Ordet «amatør» brukes ofte om en som ikke gjør sin oppgave bra nok. En amatør har ofte mindre kunnskap om arbeidet enn det en profesjonell har.
For mange som misliker forskjellige virkemidler profesjonelle tar i bruk for å selge arbeidet sitt, kan amatører imidlertid oppfattes som mer autentiske og oppfinnsomme.
Henta frå Wikpedia
Ja, eg er amatør.. 
Og det skal eg fortsatt vere, men no har eg fått eit betre utgangspunkt. 
Mannen min kjøpte eit brukt kamera til meg, så no gjenstår det å øve-øve-øve...

God helg til alle både amatørar og profesjonelle ;-)

onsdag 12. januar 2011

Himmelsk Vinter


Vinter kan faktisk vere Himmelsk ;-)
Det vert eit spesielt lys om vinteren..

Og på same måte som at kvar alder har sin sjarm,
så har vel kvar årstid også det?
---------------
Vil du også delta på Himmelsk?
Sjå innom Petunia då vel!



tirsdag 11. januar 2011

Familieplanlegging

bilete av sofa funne på google


"Familieplanlegging
er noe moren driver med når hun flytter
på møbler mens de andre sover.".


Eg er visst kome i sitathjørne igjen..
Dette er gullkorn frå barnemunn.

Syns det passa på dei fleste damer.
Spesielt dei av oss som er ein smule interiør interessert?




mandag 10. januar 2011

Lengsel..



Don't wait for the perfect moment


take a moment and make it perfect.

Ja, eg skal prøve å etterleve dette sitatet..

Men eg må ærleg innrømme at eg lengtar..

Ha fin ny veke i ditt liv!





lørdag 8. januar 2011

Bambi på isen, eller?


Ved å følge denne kan dei faktisk kjøpast her og eg er ikkje sponsa altså!

Litt brodde reklame her..
Eg har eit slikt par eg..
Trur du eg hugsar å ta dei med?
Kvar gong eg treng dei ligg dei heime.

Ha ei fin helg (på glattisen) 
og hugs broddar!!

fredag 7. januar 2011

FRØKEN DIAMANT


 Sjå kva eg fann i skogen:

EIN "EKTE" DIAMANT!

Vår kjære Anne på Moseplassen 
har dratt i gang ein ny Frøken utfordring.
Denne gongen er det Frøken Frost  vi skal finne. 

Og her er mitt bidrag: Frøken Diamant :-)

Ein finn mykje rart på sin veg berre ein har augene med seg.

Ynskjer ei vakker helg til deg som ser innom meg! 

torsdag 6. januar 2011

Skjær pent av osten



Når eit nytt år startar er det svært mange som 
har reglar om alt ein må eller ikkje må gjere eller ete...

Tenkte eg kunne foreslå noko som ein kanskje
kan klare å gjere: 

SKJÆR PENT AV OSTEN!


onsdag 5. januar 2011

Himmelsk sky



SKJØNAR DU KORLEIS 
SKYENE SVIV I LUFTA?
SKJØNAR DU UNDERA ÅT DEN 
ALLVITANDE?

Job 37,16

HER ER MITT BIDRAG TIL HIMMELSK DENNE VEKA.

FLEIRE Hver onsdag: FINN 


KANSKJE DU OGSÅ SKAL BLI MED?

tirsdag 4. januar 2011

Årets farge er rosa.

 Årets farge er rosa.



For dei som måtte lure på kva som er årets farge-
det er nemleg

  ROSA 

seier ekspertane...

Og dei skal vi vel høyre på? ;-)

søndag 2. januar 2011

..skal dei verte kvite som snø..

      
 Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren.

        Om syndene dykkar er som purpur,
        skal dei verta kvite som snø;
        om dei er raude som skarlak,
        skal dei verta kvite som ull.

Jesaja 1, 18

Eit nytt år med blanke ark og fargestifter til..
Men eg kjenner meg sjølv så godt at eg er
akkurat den same i 2011 som i 2010.
Difor er desse orda frå Bibelen like gode og sanne
i år som i fjor.


Måtte vi alle få eit Godt Nytt År!