lørdag 31. juli 2010

Slekt skal følge slekters gang


Ikkje alle kveldar har vore som denne..

Men dei som har vore gjer at ein minnast tider som var..

Eg tenkjer på foreldra mine som såg sola

gå ned bak desse fjella i mange, mange år..

Barndomsheimen min, der eg bodde i 16 år..

Der fekk eg mine fyrste erfaringar i livet..

Eg er SÅ takksam for alt dei lærte meg og

alt dei gav meg som livsvisdom..

Dei har vore med å forme meg til den eg har blitt..

No er eg eldste gjenerasjon og den som må gi mine

born visdom til si livsreise..

Dette fekk tankane mine til å streife innom ein sang

som dei fleste tenkjer høyrer til i Jula..

Men den er like sann i Juli :-)

......................................................................................................................................................


Deilig er jorden
prektig er Guds himmel
skjønn er sjelenes pilgrimsgang!
Gjennom de fagre riker på jorden
går vi til paradis med sang.
Tider skal komme,
tider skal henrulle,
slekt skal følge slekters gang;
aldrig forstummer
tonen fra himlen
i sjelens glade pilgrimssang.
Englene sang den
først for markens hyrder;
skjønt fra sjel til sjel det lød:
Fred over jorden,
menneske fryd deg!
Oss er en evig Frelser født!


fredag 30. juli 2010


"Det högsta är ej

att falla utan att

resa sig efter

varje fall"

-okänd-


Dette ordtaket står på ein lapp inne i  ei T-skjorte 

(Kjøpt på Nordby - Norges største kjøpesenter i Sverige!)

Virkeleg eit ordtak å tenkje over!

....................................................

Måtte vi alle få ei flott siste Juli helg 2010!



onsdag 28. juli 2010

Bestefar


Skal tru kva Bestefar hadde sagt

om han hadde sett kva som står på trappa vår?

Tenk å bruke ei av melkespannene hans

til å ha blomar i!

Eg syns det er fint med gjenbruk :-)


Tenk for eit slit det var i gamle dager..

Melkespannene skulle fyrst fyllast

og fraktast til melkerampen,

når dei var tømt vart dei frakta tilbake

på melketrilla..

Så skulle dei reingjerast før dei skulle fyllast igjen..

Ein stadig rundgang som varte

i mange, mange år..

No er den tida slutt i mi slekt

og spanna står på trappa

og minner om ei tid som var...


søndag 25. juli 2010

Sjarmerande sommar ♥ ♥ ♥



I helga fekk eg
endeleg:

1. nyte lukta av nyplukka roser..

2. vere ute i fleire timar..

3. ta inn kle tørka i frisk luft..

4. rydde litt i alle blomane på trappa..

5. ete taco ute..

6. kose meg med ein båtis..

7. små pauser frå hus- og hagearbeid på
ein kvitmalt benk..

8. kjenne sola varme..

Det er dette som er sjarmerande
sommar!!

Innlegget er laga på utfordring frå

fredag 23. juli 2010

JAAAAAAAA





det er sommar no!!!
Og den skal nytast...........

torsdag 22. juli 2010

Rekord!!!

Foto: Anne-Mari Tomasgard

Slettet nedbørsrekord fra 1921
les meir her

Tenk rekord!
Då må eg vel berre godta bøttevis med regn ;-)
.......................
Men akkurat NO skin sola!
Ja, måtte det berre vare.
Skal visst ikkje så mykje til for å glede meg i dag!!

Til deg...


1. Det er minst to personer i verden som du er villig til å dø for.

2. Minst 15 personer som elsker deg på en eller annen måte.

3. Den eneste grunnen til at noen hater deg, er at de vil være sånn som deg.


4. Et smil fra deg kan gjøre andre glad,
selv om de ikke liker deg.

5. Hver natt er det NOEN som tenker på deg før de legger seg.


6. For noen er Du hele verden.

7. Du er spesiell og unik.

8. Det finnes noen som du ikke engang kjenner, som elsker deg.

9. Når du gjør de største tabber, kommer det allikevel noe godt ut av det.

10. Når du synes at verden har snudd ryggen til deg, se en gang til.

11. Husk alltid komplimentene du mottar, glem de stygge kommentarene.

Dette er ein del av ein e-post eg fekk ein dag.
Virkeleg noko å tenkje over :-)

tirsdag 20. juli 2010

Sommartankar

Ute ausar det ned..
Ferien er halvvegs oppbrukt..
Og her er det litt "bloggtørke".

Har brukt litt av ferien til å rydde
i barndomsheimen min.

Kom over Minneboka frå SUFH.
Gjekk eit år der i min ungdom ;-)

Der fann eg dette tankevekkande diktet:


Hva er det

som skal til

for å redde verden?

Ganske enkelt

godhet,

vennlighet,

en utstrakt hånd,

et åpent sinn.

enkelt,

så vanskelig....

Martin Nag

Takk til Tone frå Vennesla for dette minnet.

Fortsatt god sommar i ditt liv!!

mandag 5. juli 2010

Frk.Sommardraum


Dette er Frk.Sommardraum...

Ho er frå i fjor og minner meg om sommaren..

Ho bad så pent om at eg kunne melde henne på

konkuransen :

Frk.Snitt 2010 som Anne på Moseplassen held..

Så eg tenkte å vere lydig..

Frk.Sommardraum er plukka i hagen vår.


søndag 4. juli 2010

Slepp taket i strikken

Lat tankane kvila, slepp taket i strikken,
slapp av.
Tid er det nok av,
ho kjem og ho går utan krav.
Ber ikkje bører
som høyrer til framtida di.
Dagen i dag er ein dag
du kan kvila deg i.


Signala som kroppen din sender,
legg merke til dei.
Raudt tyder: Stans!
Sjølv om vegen der framme er brei.
Slaget er tapt om
du råkøyrer år etter år.
Tida er brems imot skadar
og sviande sår.


Den saka du brenn for, kan verte ein
øydande brann.
Lampa som blinkar,
mot utbrenning verna deg kan.
Press ikkje kroppen din
inn i eit stressande jag.
Arbeid og kvile er tida
si oppskrift i dag.


-Haldis Reigstad-


YNSKJER ALLE EIN FLOTT SOMMAR!

torsdag 1. juli 2010

Byggverk


måsereir i nabolaget

ikkje ulikt våre byggverk

fyrst legg dei grunnmur av grove  greiner

vi bygg ofte med stein eller tre

så til slutt finn dei mjukare materiale 

som kan verje og lune dei små

vi kjøper det beste av dyner og puter

ei viktig oppgåve det å ta vare på dei minste