tirsdag 31. juli 2012

Ein fin liten blome


Ein fin liten blome i skogen eg ser,
i granskogen diger og dryg,
og vent mellom mose og lyng han seg ter.
Han står der så liten og blyg.

Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd
der skuggane tyngja deg må?
Å nei, for av Herren eg aldri vert gløymd,
til ringaste blom vil han sjå.

Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå,
der folk kunne skoda på deg?
Å nei, eg trivst best mellom ringe og små,
eg føddest til skogblome, eg.

Ein dag vil den stormande vinter deg nå,
då vert det vel dødsdagen din.
Då kviler eg lunt og har snøkåpa på,
til vårsola kysser mitt kinn.

Eit bod frå min Herre du blome meg ber:
om einsleg eg vert på min veg,
så veit eg at Herren vil vera meg nær,
Gud Fader, han vernar òg meg.

Om enn eg er liten, har Herren meg kjær,
med honom eg kjenner meg sæl.
Kvar morgon meg bøna til himmelen ber,
med bøna eg sovnar kvar kveld.

Ein kledning eg fekk av min Frelsarmann kjær,
i blodet hans reinsa den er.
Den høver for himlen, der gullgater er,
den høver for vandringa her.

Som blomen om vinteren visnar eg av,
men gled meg, for då står eg brud.
Lat lekamen kvila med fred i si grav,
mi sjel, ho er heime hos Gud!

Ja, glad skal eg vakna hos Jesus eingong
i morgonen æveleg klår,
og blanda med heilage englar min song
i himlen, dit døden ei når!
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Ein fin liten blome er en salme oversatt fra svensk av Anders Hovden i 1927. Den svenske teksten Det växte en blomma fra 1890 hadde lenge en ukjent opphavsmann, men er senere tilskrevetJohan Alfred Blomberg, en offiser i Frelsesarmeen som siden flyttet til USA. Salmen ble sunget til melodien Jeg skulle ei sørge, men i 1969 laget Bjørn Eidsvåg en melodi som passet bedre til teksten, og etter hvert har den blitt enerådende. Salmen står på nr. 493 i Norsk Salmebok og nr. 310 i Sangboken Syng for Herren.(henta frå Wikipedia)
--------------------------------------------------------------------------------------------------
Med denne vakre sangen takkar eg alle som har besøkt
bloggen min i Juli-12.
Blir vel nokre innlegg i august også, trur eg ;-)
..............................
PS: kom gjerne innom og ta eit lodd i feiringa mi av 3års bloggebursdag!

mandag 30. juli 2012

FLYTANDE / FLOATING


Ny veke med nye ark med fargestiftar til. Og kanskje ein sjanse til ein tur på hytta?
Legge ut på med båten og nyte sommaren!

Mandagstema:
Ta turen innom Helene med bloggen
du også!

lørdag 28. juli 2012

Svart Kvitt Landskap



Innimellom kan livet følast som svart/kvitt.

Alle fargar som du såg før er borte.

Det svarte og det kvite tek overhand.

 

Kan det svarte vere vakkert?

Kan det kvite vere for lyst?

 

Kanskje det er bra at det av og til er slik?

Så vil du glede deg endå meir når fargane dukkar opp igjen!

 

For livet er ikkje svart/kvitt!

Livet er ei blomstereng med vakre fargar.

Ei gåve du har fått!

 

Sjå deg rundt og lev!


-sigrid-

...................................................
Dette er mitt bidrag til

..............................................

PS: kom gjerne innom og ta eit lodd i feiringa mi av 3års bloggebursdag!




fredag 27. juli 2012

Himmelsk juniminne



Så er det helg igjen og Himmelsk hjå Petunia!

Etter nokre dagar på tur er det godt å kome heim igjen til eige hus og hage.

I dag sat eg i sola medan eg åt frukost og vi grilla ute på ettermiddagen,
men så kom regnet igjen..

Difor er det juni minner eg viser deg i dag.

Slike minner som ein kan leve på når vinteren kjem :-)

...............................................................................................................................................................

min kjære venn
det er i desse dagane før hausten stormar
at vi må samle saman solstrålane vi skal leve på

min gode venn
når vinteren kjem vil eg ta deg med
på ei reise bakover i tid

eg vil ta handa di og varme den
fortelle om varmen og lyset som ein gong var
om å ligge i lyngen og la humla suse

lukk augene min venn og drøym,
drøym om det som ein gong var
og om det som ein gong skal bli

-sigrid-

..................................................................................................................................................

PS: kom gjerne innom og ta eit lodd i feiringa mi av 3års bloggebursdag!


GOD HELG!

søndag 22. juli 2012

♥ TIL MINNE♥


Mitt hjerte blør for alle dei
som brått fekk livet endra.

Utan forvarsel vart
sommaren svart som natta.

Eit år er omme.
Eit år fullt av smerte og angst.

Livet vert aldri meir
slik som det ein gong var.

Såra vil nok gro
sakte men sikkert.

Alikevel vil arra vere der
til minne om den mørke sommaren.

Sorg og sakn pregar livet
til alle dei som mista sine.

Dei som overlevde dagen
vil leve vidare på ein ny måte.

Sjølv den med steinhjerte
har fått merke at noko er endra.

Mitt hjarte ber for alle
at dei må få leve vidare utan angst.

At dei vil takle kvardagen når
media sløkkjer lysa og mikrofonane er slått av.

Og at den som står dei nær fortsatt
vil vere der for dei som treng det.

...............................
Skreve natt til 22.juli 2012.
Bilete av ♥-steinen er teke på veg til hytta.

klem frå sigrid

torsdag 19. juli 2012

Himmelsk skydekke


Tenk torsdag og Himmelsk igjen!

Her eit glimt av sola og skydekke som sloss om kven som skal vinne.

Det minner meg om denne historia:

Nordavinden og sola krangla ein gong om kven av dei som var den sterkaste. Begge meinte dei sjølve var sterkast, og dei kunne ikkje bli samde. “Vi må finne ein måte å prøve ut dette på,” sa sola. Begge tenkte lenge på korleis kappestriden kunne gjennomførast.
Brått fekk dei auge på ein mann som gjekk på ein veg nede på jorda. Mannen hadde sveipt ei tjukk kappe rundt seg fordi det var ein kald dag.
“Den av oss som greier å få mannen til å ta av seg kappa, er den sterkaste,” sa nordavinden. Sola sa seg einig i det. Nordavinden sette i gang med å blåse. Stormskyene jaga over himmelen. Lauvet vart kvervla opp fra bakken. Trea bøygde seg i vindkasta, greiner knakk tvers av, og det vart isande kaldt.
Mannen nede på vegen vart forferda over uvêret som kom så brått. Han bøygde seg framover, drog kappa godt rundt seg og kjempa seg gjennom stormkasta.
Nordavinden sette inn alle kreftene sine for å rive kappa av mannen, men til inga nytte. Mannen tviheldt på kappa med begge hendene. Til slutt måtte nordavinden gi seg, og det vart sola sin tur til å prøve.
Sola kom fram bak dei mørke uvêrsskyene. Ho tok til å skine. Lufta vart varmare, og fuglane tok til å syngje. Mannen nede på vegen gledde seg over solskinet.
Etter kvart vart det så varmt at han ikkje orka å ha på seg den tjukke kappa lenger. Han tok ho av seg, og sette seg ned for å kvile i det gode vêret. “No må du vedgå at eg har vunne,” sa sola. Det måtte nordavinden seie seg samd i.

......................................................................................................................................................................
VONAR DAGEN DIN ER GOD!

PS: kom gjerne innom og ta eit lodd i feiringa mi av 3års bloggebursdag!
♥-gåve til den som vert trekt ut 14.august-12

tirsdag 17. juli 2012

Livet er ein ferjetur


Livet er ein ferjetur
frå stoppestad til stoppestad.
Du møter så mange på turen,
nokre gjer inntrykk som varer livet ut.
Andre tenkjer du aldri på igjen.

Nokre dagar er livet så værhardt
at du ynskjer at turen tok slutt.
Andre dagar skin sola
og turen gjer deg berre godt.
Slike dagar er det godt å leve.

Ein dag vil den siste turen kome
og ferja legg til land for godt.
Så trygt for meg då å vite at
ferjemannen Jesus er med.
Han fører meg til den himmelske strand.

-sigrid-

..................................

Dette er eit innlegg til
"Alt som er vakkert".

Ho har temaet Framkomstmiddel denne veka.

For oss sunnmøringar er ein ferjetur noko som er meir vanleg enn uvanleg.
På nokre få år har fleire av strekningane vorte erstatta med undersjøiske tunellar.
Ekstra godt for dei som brukar ferja som arbeidsveg.
Samtidig mister ein gleda av ein stopp, ei svele og ein kaffikopp ;-)

......................................................................

Ps: Vil du bli med på mitt 3års blogg jubileum?


lørdag 14. juli 2012

Jubileums Gi Bort ♥


Ein regntung sommardag, 14.juli 2009, starta eg på bloggen "Refleksjon på livsvegen".
Her er mitt fyrste innlegg som omhandla Ferie. Og om det å vere skapt på underfullt vis.

Fortsatt bloggar eg om det som opptek meg, deler eit bilde,ein refleksjon og eit dikt.
Bloggar nok ikkje så ofte no som før. Men kjenner på at det gir meg mykje det å vere ein del av denne flotte bloggverda.

Eg har difor lyst til å gi noko tilbake. Er diverre berre ein som kan vinne.
Gåva vert noko med -symbol og er litt hemmelig enno. 
Eg skal skrive litt om kva -symbolikken betyr for meg når eg trekkjer ein vinnar.

Og slik er mine reglar: 1.lodd for kommentar. Og har du lyst å følge meg, gjer gjerne det.
Men ikkje ekstralodd å få. ;-)

Trekning vert 14.august. Dette for at dei som har litt bloggferie også skal få sjanse til å delta.

♥- helsing sigrid

torsdag 12. juli 2012

Himmelsk sommarfriminutt


NIB har hatt ei utfordring som heiter Friminutt.
Den utfordringa var sjølvsagt interiørrelatert.
Mitt friminutt er naturrelatert.

Sommarminne
Berre sitte, berre vere..
Kjenne sola sine strålar varme.
Kjenne sjel og kropp som smeltar
etter frosen vintertid.

Høyre fuglar juble,
frosk som kvekkar.
Fisken hoppar,
bekken rislar.

Vind som stryk
så mildt mot kinnet.
Vite at eg er ein del av dette.
Menneske med livsens ande.

                                -sigrid-

1.Mos, 31 Gud såg på alt det han hadde gjort, og sjå, det var svært godt!
Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.

Dette Himmelske sommarfriminuttet legg eg sjølvsagt inn på

4987378325_b77095bd20_b[1]Petunia si Himmelsk utfordring


og på


God sommar!