mandag 28. oktober 2013

..vegen tilbake..




sakte, sakte gjekk ho vegen tilbake
vegen ho ikkje har gått på mange år

kvifor det vart slik visste ho ikkje

"ting tar tid
og tida leger alle sår"

er det sant?

nei, såret vert der
skorpa dett nok vekk ein dag

men arret min venn, arret vil alltid vere der..
ja det bleiknar nok om ei stund..

men innimellom kan ho kjenne på arret,
 huda er ikkje heilt glatt der lenger..

minne om noko som var, 
men som tok slutt..

livserfaring kallar dei det..

men ho må tilbake for å klare å sjå framover


-sigrid mai-13-
.........................
- midt i ein hektisk kvardag kan ein møte menneske som har ei livshistorie,
ei livshistorie som rører med ein -

(huset og vegen er berre illustrasjon,
dei har ikkje samanheng med innhaldet i dette blogginnlegget)

Og plutseleg oppdaga eg at Helene hadde TID som tema og at innlegget mitt passa inn :-)

Linka til:

Mandagstema hjå Helene

lørdag 26. oktober 2013

Påvirka?



Vert du påvirka?
Eller trur du at alt du opplever ser og høyrer gjennom dagen berre kjem og reiser?

Eg fekk ei påminning ein dag..
Plutseleg begynte eg å nynne : For vår jord..

Kvifor det?
Berre få dagar før hadde eg sett og høyrt på "Hver gang vi møtest" ..
Der hadde Ole Paus sin vri på denne sangen.

Påvirkar du andre?
Kva deler du med dei du har rundt deg?

Kva fyller du livet ditt med?

Ynskjer du at andre skal spegle deg?
Kva vil du sjå då?

...................................................................
GOD HELG!



torsdag 24. oktober 2013

Å tjene på Jula ...


Om 2 mnd er det faktisk Jul igjen.
Alt no sel dei Julebrus og kakemenn.
Og for kvar dag som går kjem det meir og meir reklame i postkassa.
Det er visst ALT vi må rekke før Jul!

Sist Advent gjekk eg rundt i eit Julepynta Ålesund, 
tok litt bilder og tenkte: 
"Kven tjene på Jula?"

Eg for min del ynskjer meg ei roleg Adventstid.
Ei tid for ettertanke og glede.
Ikkje mas og kav.

Sjølvsagt er det koseleg å lage litt fint,
og kanskje kjøpe noko nytt også.
Men hugs at alt du styre med må vere fordi 
du sjølv ynskjer det.

Kven skal "tjene" på Jula i år?
Det er det du og eg som bestemmer.

tirsdag 22. oktober 2013

Ikkje alle ting er som du trur...


Augene dine ser..
Du får eit fyrste inntrykk..

Ho er slik eller slik..
Og han er iallefall sånn..
For det har du både sett og haurt..

Men så skjer det noko..

Gråstein kan forandre seg til ein diamant foran augene dine..

Når du vert rett kjend med dei, då ser du kven dei verkeleg er!

Ikkje la fyrsteinntrykket prege deg for resten av livet..

Då kan du verkeleg gå glipp av eit fantastisk menneske 
og eit fantastisk talent..

Berre sjå    her

lørdag 19. oktober 2013

Sommarminne på ein hustrig Oktober dag


Det har ikkje regna i dag. Sola har vore framme, men no er det kveld. 
Fjelltoppane er kvite av snø som for kvar dag kjem litt lenger ned mot fjorden. 
Då er det godt å bla litt i bileta og drøyme seg tilbake til ein varm sommardag.

"Det er sårbart dette livet.
Vi må ta vare på kvarandre
så lenge vi har kvarandre.
Gjer denne dagen god
for nokon du er glad i."

Sitat frå Dagens ord II
(Inspirasjon forlag AS)

GOD HELG!

tirsdag 15. oktober 2013

Å VERE STERK




Å være sterk er ikke
å løpe raskt
å hoppe lengst eller
å løfte tyngst



Å være stor er ikke
alltid å vinne
alltid å ha rett eller
alltid å være best



Å være sterk er å
se lyset når det er mørkt
slåss for noe man tror på
selv om man ikke har flere krefter igjen
og se sannheten i øynene selv om den er hard


- ukjent forfattar -

................................................

Takk til Linda som delte dette med oss på avdelingsmøtet i dag!

Bilete viser blomar i fjøresteinane.
Eg veit ikkje namn på dei (kanskje nokon veit?).

Eg veit berre at dei lever der, klorar seg fast i steinrøysta.
Eg veit ikkje om nokon har planta dei der eller om dei har "sådd seg sjølv".

Dei lever der på tross av dårlige ytre vilkår.
Og dei gleder den som går forbi.

"Sjå liljene på marka, korleis dei veks! 
Dei arbeider ikkje og spinn ikkje, 
men eg seier dykk: 
Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 
Når Gud såleis kler graset på marka, 
det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon,
 kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande!"

- Matt 6, 28-30 -




søndag 13. oktober 2013

Oktobersol


OKTOBERSOL ER MI HELGEGLEDE.


linka til:

.....................

YNSKJER ALLE SOM ER INNOM EI FIN VEKE!

torsdag 10. oktober 2013

Morning has broken



Morning has broken, like the first morning
Blackbird has spoken, like the first bird
Praise for the singing, praise for the morning
Praise for the springing fresh from the word

Sweet the rain's new fall, sunlit from heaven
Like the first dewfall, on the first grass
Praise for the sweetness of the wet garden
Sprung in completeness where his feet pass

Mine is the sunlight, mine is the morning
Born of the one light, Eden saw play
Praise with elation, praise every morning
God's recreation of the new day


søndag 6. oktober 2013

Hagegleder i oktober




Ei lita runde i hagen innimellom regnbyene gav meg desse helgegledene.

Sjå fleire Helgegleder hjå:

Fortsatt i Pausemodus, men eit lite livsteikn tenkte eg var på plass.

Ynskjer dokke alle ei flott ny haustveke!