fredag 28. februar 2014

Farvel Februar og Fabelaktig Takk!


Vakre Februar 2014 tar farvel!

Eit av yndlingsmotiva mine frå eit vatn 
eg dagleg passerar.
Endringane i naturen og lyset fasinerar meg.
.........................................

Vakre gode Maia med bloggen Fabelaktig ville gi vekk te og kjeks.
Veldig mange ville ha, så det vart "berre" te på meg.
Men Maia sende med drops i stadenfor som trøst.
-TUSEN TAKK KJÆRE MAIA-



GOD HELG!
..........................................

LINKA TIL 

og 


tirsdag 25. februar 2014

Alt er forgjengelig..



Alt er forgjengelig..
Det varer ikkje for alltid.
Slik har det alltid vore.

Nokon klipper sauen.
Andre karar ulla.
Så spinn dei tråden.

Den vert farga i ulike fargar,
blått, svart og brunt..
Så sett dei opp veven.

Teppet vert vevd
etter alle kunstens reglar.
Ingenting er tilfeldig.

I mange år er teppet
til stor glede i ein heim.
Folk trakkar på det.

Folk kjenner varmen frå det.
Men ein dag er det for slite.
Nokon tek det med i fjøra.

Og no er det ute på si siste reise.
Sol, regn og havet bryt det ned.
Kanskje nokon finn hus under det?

Alt er forgjengelig..
Slik har det alltid vore 
og slik vil det alltid bli.

-Sigrid 25.02.14-
--------------------------------------------------------------
Inspirert etter Forkynnaren kap 1, v.1-11.
        

   


   
1Ord av Forkynnaren, son til David og konge i Jerusalem.  2 Fåfengt, seier Forkynnaren, fåfengt og forgjengeleg
 – alt er fåfengt! 3 Kva har mennesket att for sitt strev,for alt det strevar med under sola?          
4 Slekter går, og slekter kjem,men jorda er alltid den same. 5 Sola går opp, og sola går ned, så stundar ho attende
til staden ho går opp.  6 Ho skin og går mot sør, så snur ho og går mot nord,medan vinden snur og skifter
og tek til med rundgangen på nytt.  7 Alle elvar renn ut i havet, men havet blir ikkje fullt; dit elvane før har runne, held dei fram med å renna. 8 Alle ting går sin strevsame gang, menneskeord strekk ikkje til. Auget blir ikkje mett av å sjå,
og øyret blir ikkje fullt av å høyra. 9 Det som har hendt, skal henda igjen, og det som vart gjort, skal gjerast på nytt.
 Ingen ting er nytt under sola. 10 Blir det sagt om noko: «Sjå, dette er nytt», har det likevel hendt i tidlegare tider,
 lenge før oss. 11 Ingen minnest det som hende før.  Og det som skal koma, vil heller ingen hugsa i slektene som følgjer








mandag 24. februar 2014

Vintersol


Vintersola skin på havet.
Kastar sine strålar innover land.
Den varmar berre litt..

Men litt er betre enn ingenting.
Og den ber bod om at våren kjem.
Godt å få møte dagslyset..
----------------------

"For han lèt si sol skina over vonde og gode 
og lèt det regna over rettferdige og urettferdige."

Kilde:
Evangeliet etter Matteus 5,45.
..................................................
Linka til:

onsdag 19. februar 2014

Gripe stunda..





Akkurat i den stunda
då blåtimen kom krypande
og la seg som eit teppe over vatnet.

Akkurat då kom eg forbi.
Ingen tid å miste, måtte gripe stunda.
Fange lyset, ta vare på minnet.

Akkurat no er vatnet dekka av snøen.
Lyset speglar seg ikkje i vatnet.
Greinene har fått snøkrystallar.

    -Sigrid 18.02.14-







------------------------------------------------------------------------------------------------------------
eit augneblikksbilete held eit augneblikk frå å forsvinne vekk
eit bilete fangar eit minne og fortel ei historie

inspirert av Med kamera på tur 
------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Linka til:







søndag 16. februar 2014

Lykke..

"Hvis du tror solskinn bringer deg lykke

da har du ikke danset i regnet."

....................


Bilete er tatt i dag.
Sol og regn "slåss" om kven som var sterkast.
Dei vann kvar sin gong.
Begge er livgivande og høyrer saman.
Etter lang tid med opphaldsvær gjorde regnet ekstra godt.
Og eg og mannen gjekk oss ein liten tur.
Herleg å kome seg ut!!

Deler på:

og


.......................
VONAR ALLE FÅR EI FIN NY VEKE!



onsdag 12. februar 2014

Tida ei gåve!




"All we have to decide is


what to do with the time that


is given to us!"

.
....................


Tida ei gåve!

Hm.. tankevekkande!

og no har vi snart "brukt opp" 1 1/2mnd av 2014...

Ofte kan ein høyre folk seie tida "flyg" ..

Gjer ho det, eller kjem ho?

......

Bilete er ikkje snikreklame for SAS,
men eit bilete på tida som flyg ..

ps: har ofte tenkt det hadde vore herleg å kvilt seg på 
bomullskyene, dei ser så mjuke ut. 




tirsdag 11. februar 2014

Ordtak

                                     


             
  "Range vegen vert ikkje rett

           om det er mange som går han."

                                                                                             - Norsk ordtak -

søndag 9. februar 2014

... møte med deg ...



.. i går møtte eg deg
du kom smilande imot meg som du alltid gjer
i går var du aleine
som oftast er dokke saman du og ho ..

.. når eg ser dokke saman
ser eg banda som er der
band som er knytte i glede og sorg
i over 60års samliv ..

.. eg føler meg alltid sett
i møte med deg
også når eg møter dokke begge
som om det å møte meg er ei glede ..

.. og sjå og bli sett
to viktige grunnpilarar
i menneskelivet
for at ein skal føle seg heil ..

.. sjølv om du er mykje plaga
med helsa di
er det ikkje det som er fokus
i går sa du til meg: ja vi har alle våre plager ..

.. fokuset er alltid andre enn
dokke sjølve
alltid finn dokke både tid og rom
for den som treng dokke ..

.. møte med deg gjorde meg glad 
møte med deg gjorde meg visare
møte med deg gav meg refleksjonar
om sjølve livet ..
------------------------------------------

Å møte eldre folk med mange fleire åringar i livet sitt enn det eg har gjer noko med meg.
Dei har møtt på livet sine mange utfordringar som har tært både på helsa og psyken.
Eg har så mykje å lære av måten dei har møtt både gleder og sorger på.

Mine to gode venner som eg skriv om her har ei heilt spesiell utstråling.
Dei har gjennom livet sine mange kampar lært:

"ALT TIL DYKKAR ALDERDOM ER EG DEN SAME,
TIL DE GRÅNAR I HÅRET, SKAL EG BERA DYKK.
DET HAR EG GJORT, OG DET SKAL EG GJERA,
JA, EG SKAL BERA OG BERGA DYKK."

- JES 46,4 -


lørdag 8. februar 2014

Påske??


Hei og hå kor tida går!

Då eg eg var innom ein Jokerbutikk i går fekk eg litt "bakoversveis".
Side om side med Julesjokolade til 1/2 pris stod Freia sine Påskeegg!

Har tida gått SÅ fort eller?
Eller er nokon ute i alt for god tid?
Etter min kalender er det ikkje Påske før om over 2mnd!!

Og om du lurte, eg kjøpte ikkje!

GOD HELG, MED ELLER UTAN PÅSKEEGG!

onsdag 5. februar 2014

....REMEMBER....


PEOPLE WILL FORGET WHAT YOU SAID,
PEOPLE WILL FORGET WHAT YOU DID,
BUT PEOPLE WILL NEVER
FORGET HOW YOU MADE THEM FEEL.



- MAYA ANGELOU -

.....................................................................

Sitatet over fann eg på materiale etter eit kurs med 
Nina Nakling

(ho fekk oss verkeleg til å tenkje over kvifor vi var der vi var og kva spor vi sett i dei vi møter)

Etter å ha blogga frå 14.juli 2009 er dette mitt innlegg nr.600!

Takk til alle som er innom bloggen enten du 
kommenterar eller ikkje.

Alltid kjekt når nye legg igjen spor.
Og veldig kjekt når "gamle" bloggvenner og 
dei eg kjenner er innom.

...fortsatt fin februar...

LINKA TIL: Skywatch Friday

mandag 3. februar 2014

Ingen er berre det du ser......



Nåken stjele andres vinger
og lyge på seg vidd og vet
og nåken smykke seg med ringer
som visstnok gir identitet
nåken like ikkje seg sjøl
og sprade rundt i lånte fjør
andre trivs på egen kjøl
men vi'kje sei det hvis du spør

Det e lurt å væra åpen og rause
det e'kje smart å fella dommar for fort
det kan vær farverikt og flott hos den tause
og den "verste" vær av flottaste sort
me e alle mer enn me forstår
me ser kun litt av det som foregår
det e spennande det her:
ingen e bare det me ser


Det kan vær storm der det ser stilt ut
det kan vær sårt der det e hardt
det kan vær tøft der det ser snilt ut
og den som true kan vær sart
den beskjedne kan vær ein pøbel
og den rause kan vær stri
og den som ser ut som et "møbel"
kan vær et fyrverkeri


Det e lurt å væra åpen og rause
det e'kje smart å fella dommar for fort
det kan vær farverikt og flott hos den tause
og den "verste" vær av flottaste sort
me e alle mer enn me forstår
me ser kun litt av det som foregår
det e spennande det her:
ingen e bare det me ser


Me e kver og ein ei gåta
et lite univers
ikkje lette å bli kloke på
me forsøke å forstå oss
på kryss og på tvers
men har veldig langt igjen å gå


Det e lurt å væra åpen og rause
det e'kje smart å fella dommar for fort
det kan vær farverikt og flott hos den tause
og den "verste" vær av flottaste sort
me e alle mer enn me forstår
me ser kun litt av det som foregår
det e spennande det her:
ingen e bare det me ser


-Bjørn Eidsvåg-

---------------------------------------------------------------
Kirkens Bymisjon har gitt ut ei spennande bok: 

Då eg Googla tittelen kom eg over denne flotte sangen av Bjørn Eidsvåg.

Les den og gruble på den.