søndag 31. oktober 2010

KNASK ELLER KNEP?

BILDE HENTA FRÅ GOOGLE SI FRAMSIDE

SA EIN GJENG MED FÆLT UTKLEDDE BARN DÅ DEI RINGTE 
PÅ DØRA VÅR I KVELD.


"MEN EG HAR SÅ LITE Å GI OG DOKKE ER SÅ MANGE.." 
BERRE TRE SMÅ SJOKOLADAR VAR IGJEN I LAURDAGSGODTEPOSEN..


"DET GJER INGENTING, 
FOR VI SKAL DELE!"


DEI FEKK DET VESLE EG HADDE, SA TUSEN TAKK 
OG SPRANG FORNØGDE AVGARDE TIL NESTE HUS..


EG STOD ATT PÅ TRAPPA OG TENKTE:

VISS DEI LÆRER Å DELE SÅ ER DET IKKJE 
SÅ GALE MED HALLOWEEN ALIKEVEL!

lørdag 30. oktober 2010

På tide


å skifte ut sommargardinene no..


Det er eigentleg ikkje gardiner :-)


Men rett og slett ein duk eg fekk 
av mi kjære svigermor..


No er eg i grublefasen på kva som no 
skal få lov å kome opp..


Julegardiner er det for tidleg å ha opp..
Trur eg må tenke meg godt om..


Ha kjekk laurdagskveld!


NB: Hugs å stille klokka 1time 
mot nærmaste sommar!

fredag 29. oktober 2010

lys over..

saka! Det vart det når denne kom i hus...

Men mest av alt minner lyset meg om han som sa:

 «Eg er lyset i verda. 
Den som følgjer meg, 
skal ikkje vandra i mørkret, 
men ha livsens lys.» 
- Joh 8,12 -

(Eit finn.no kjøp dette..
Har visst ei historie som lys på eit hotell...)

GOD HELG!


torsdag 28. oktober 2010

Hjarte frå Anna Lisa


Bileta er lånt frå Anna Lisa sin salsblogg Made by heart


Av og til er ein meir enn heldig!
Og det er nettopp det eg har vore i det siste..
Rett før eg kjøper ein lotto kupong ;-)
For no har eg fått enno ein give away premie i hus.

Anna Lisa
med den koselege bloggen
har laga meg eit flott hjerte
og eit flott kjøkken/pyntehandkle til!

Tusen takk!!


onsdag 27. oktober 2010

Himmelsk opp ned

Her står månen på hovudet, er han ikkje flink? :-)

Bilete er tatt i april i år.

Dette er mitt bidrag til
Petunias himmelske blogg leik
denne veka.

For fleire Himmelske bidrag stikk innom Petunia.

søndag 24. oktober 2010

Tida

Tid for meg selv…… ..
Hvorfor finner jeg det så vanskelig å ta tid for meg selv?
Tid til å være mer enn å gjøre. Tid til å tenke, å tale med Gud,
og mest av alt å være stille i hans nærhet, mens han taler til meg..

Jeg tar av meg skoene,- mine ambisjoner
og løsner på klokken, - min timeplan
Jeg folder sammen brillene, - mine synspunkter
Og putter på plass pennen, - mitt arbeide
Jeg legger bort nøklene, - min sikkerhet……

For å være alene med deg, - DU ENESTE SANNE GUD
Herre, du vet hvordan det er! Det er alltid så mye mer som skal gjøres.
Besøke noen,……… gjøre et arbeid………. Innfri forventninger!
Det er så vanskelig å skjelne mellom hva som haster og hva som er viktig.
Ofte blir det slik at det som haster, albuer seg frem til førsteplassen i dagen
min, og det viktige blir trampet ned i maset.

Herre hjelp meg å sette ned farten.
Lær meg kunsten å skape øyer av stillhet,
der jeg kan ta i mot skjønnhet i hverdagslige ting;
skyer, trær, en liten melodi.
Løft mitt hjerte til deg i et øyeblikk av takknemlighet.
Legg med tyngde inn i min sjel, at livet er mer enn å fylle hvert
øyeblikk med aktivitet, og hjelp meg å omgi en del av dagen min med ro.
Herre tal til meg og hjelp meg til å lytte, slik at jeg tar med meg din fred,
i stedet for min forvirring tilbake til kavet i en sårende verden.

Etter å ha vært hos Deg,………
Tar jeg på meg skoene,- for å gå på DINE veier……
Spenner jeg fast klokken,- for å leve i DIN tid………
Jeg setter på meg brillene,- for å se DIN verden……
Tar pennen fatt,- for å skrive ned DINE tanker……
Jeg plukker opp nøklene igjen,- for å åpne DINE dører.......

(ukjent forfatter)

lørdag 23. oktober 2010

Heldige meg :-)

Sjå kva som kom i posten i dag!

For tru det eller ei, eg har hatt vinnarlukke igjen..
Lise med bloggen Hasigamas univers trakk meg ut
(det var mannen som sa talet 97) :-)

Tusen takk til begge to!

Pakken var fint innpakka med lerkekonglar på
og eit koseleg kort kom også.

(fekk ikkje tatt bilete då kamera ligg hjå søstra mi)

VONAR HELGA VERT FIN FOR OSS ALLE!

torsdag 21. oktober 2010

Himmelsk /Månen står å lyser

Dette bilete er teke i april i år.
Det kunne nesten ha vore tatt i går kveld då eg kom heim frå jobb.
Eg måtte måke bilen for å starte den.
Snø i oktober stod ikkje på mi ynskjeliste.
..................................................................

Men ein ting er sikkert:

Det ein ikkje kan gjere noko med
bør ein heller ikkje ergre seg over.
Det er bortkasta energi!

...................................................................

Då eg bladde i bildearkivet for å finne eit Himmelsk bilete
til Petunia sin fotoleik HIMMELSK kom eg på Odd Nordstoga som syng

"Kveldsssong for deg og meg":


Grisen står og hyler
i den stille kveld.
(Han skal ikkje slaktast
men hyler likevel.)

Fir'og tjue kråker
sit på ein madrass
Endå ei vil sitje
men det er ikkje plass.

Månen står og lyser,
rund og feit og kvit.
Reven Kjem frå skogen
og luskar hit og dit.

Fiskane i havet,
søv og drøymer søtt.
Nøkken nedi tjernet
har eg aldri møtt.

Mor og far har lagt seg.
Eg er vaken, eg.
No klatrar eg ut glaset,
Så springer eg bort til deg.

Mens grisen står og hyler
og månen lyser kvit.
Sit du og eg på taket
og ler og pratar skit.

Mens grisen står og hyler
og månen lyser kvit.
Sit du og eg på taket
og ler og pratar skit.

(forfattar: Ragnar Hovland)
.........................................................

For fleire Himmelske bilete sjå her.

Kanskje du også vil bli med?

mandag 18. oktober 2010

Siste


epla er blitt plukka frå vårt vesle epletre...

No står greinene nakne og utan frukt...

Men eg har eit håp om at etter vinteren kjem vår og ny sommar..

Og endå fleire epler og plommer i vår hage...


VONAR DI VEKE VERT GOD!

lørdag 16. oktober 2010

Epledagen

bilete funne her

Torsdag var Vinterdag og Refleksdag...

Søndag er det EPLEDAGEN!!

Så kom i gang og bak eplekake!

Meir info om epledagen og epler finn du her og her.

GOD HELG :-)

Vinterdag

Bilete funne her

TENK AT PÅ TORSDAG VAR DET DEN FYRSTE VINTERDAGEN!

SOMMARHALVÅRET ER OMME OG

VINTERHALVÅRET HAR STARTA.

DET HAR VORE KALDT I DAG.

BILANE VAR NEDISA

OG VEGANE VAR GLATTE.

DEN FYRSTE SNØEN LÅG SOM MELIS PÅ

DEI HØGASTE FJELLTOPPANE RUNDT OSS.

MEN SOLA SKEIN SÅ FINT FRÅ BLÅ HIMMEL.

14.OKTOBER: Flyttedag om høsten, en ordning som ble praktisert frem til første verdenskrig. Det var også en tilsvarende flyttedag om våren (14. april). Utenom disse dagene var det ikke lov for hushjelper og gårdsarbeidere å flytte eller skaffe seg nytt arbeid. (LES MEIR her)
.

Aktiv i Oslo skriv blandt anna dette:

Primstaven er en gammel kalender, der hver dag er markert med et hakk i en trestav. Primstaven har to sider, og den 14. oktober skal primstaven snus fra sommersiden til vintersiden. Symbolet for merkedagen er, ganske passende, en vott. Men om det blir bruk for votter allerede nå, gjenstår å se. «Som vinterdagens vær er, skal vinteren bli,» ble det sagt. Så kom deg ut, gå en tur, og finn ut hvordan den kommende vinteren blir!

* Godt vær gir en god vinter, der den første snøen kommer sent
* Kaldt vær gir mye snø denne vinteren.
* Grønnaktig himmel betyr at frosten snart vil komme
* Om det er varmt og klar himmel, med frost om natten, blir det regn før tre dager er omme.

.........................................................................................................................................

INNLEGGET ER INSPIRERT AV IDA OG MUSKATT :-)

.........................................................................................................................................



VONAR DU HADDE

EIN FLOTT FYRSTE VINTERDAG

PÅ TORSDAG

OG AT HELGA VERT FIN!


onsdag 13. oktober 2010

Himmelsk spegling

Når himmelen speglar seg
i elv eller hav
syns eg det er
SÅ vakkert!

......................................


Dette er mitt vesle bidrag til Petuinas Himmelske bloggleik.



For fleire HIMMELSK bidrag sjå her.

søndag 10. oktober 2010

♥Kinesisk Kärleksört♥




eller
oktoberbergknapp..
Kjært barn har mange namn...

Min er avleggar frå barndomsheimen min og
den får alltid bli med dit eg er..

Syns det er flott å ha ei staude som blomstrar
så seint på året, spesielt når mange av dei
andre vekstane i hagen takkar for seg..

Monicas Hage har eit flott innlegg om den her.

Informasjonen under fann eg her.

Oktoberbergknapp blomstrer i oktober, men er fin hele sesongen.

Knoppene er hvite i et par måneder før den blomstrer med rosa blomster, og bladverket er friskt og spennende. Den kommer ganske sakte om våren og passer godt sammen med tidlige planter.

Den er lett å forøke, en avbrukket gren kan settes i jord og den roter seg fort.

Oktoberbergknapp trives best i sol/halvskygge, i næringsfattig og veldrenert jord. Den tåler tørke.

Tiltrekker sommerfugler og humler.

Planten blir ca. 50 cm høy.

torsdag 7. oktober 2010

Frk.Gul

Anne på Moseplassen har utfordra oss til å vise fram Frk.Høstblad.

Etter ein rusletur i hagen fann eg henne: Frk.Gul...
Ho hadde saman med fleire av sine haustvenner søkt ly i ei krå på trappa.
Og der ligg ho nok enno...
Viss ikkje Hr.Vind har teke henne med seg ut på nye eventyr ;-)

onsdag 6. oktober 2010

Himmelsk bomull

Då eg såg dette motivet var eg glad at eg hadde kamera i bilen.

Himmelsk bomull

er mitt bidrag til Petuina sin fotoleik Himmelsk

mandag 4. oktober 2010

ROSA

Oktober er månaden for Rosa sløyfe aksjonen.

Det er Kreftforeninga sin aksjon for å sette brystkreft i fokus.


Ein kan støtte på mange måtar, enten ved å gi direkte pengar
eller handle ROSA produkt i butikken
eller handle ROSA produkt i Kreftforeninga sin nettbutikk.

Aleine kan vi lite gjere, men saman er vi sterke.

Forskning er viktig!

Når ein har opplevd kreft i nær familie veit ein at behovet er STORT!

søndag 3. oktober 2010

Partitur

Bilete lånt her
................
I lang tid har vi hatt behov for eit nytt kvardagsservise.
Har hatt "ei bikkje av kvar sort", men vi har no vorte mette for det :-)
Men i går hadde eg og husbonden oss ein tur på handel heilt aleine..
Og det enda med at vi i går kveld innvia vårt nye servise med heimelaga Pizza.
......................................
...............................................................
I går var det lommeboka som valgte for oss...
Når ein kan få det flotte servise
Partitur til 1/2 pris
er det berre å slå til..
.......................................
Partitur er eit spennande servise:
"Dekoren består av detaljer fra Arne Nordheims partitur til balletten
«Stormen»,
som er basert på Shakespeares skuespill med samme tittel.
Partituret har inspirert
kunstneren Ole Lislerud
til å skape den energiske og kontrastfylte
dekoren Partitur."
..................................................
Ha ei vakker ny haustveke
med eller utan storm!

lørdag 2. oktober 2010

Er den ikkje fin?


dette er ein av mine mange orkidear..
det er alltid ein eller fleire som blømer..
dei fleste av dei kjem igjen og igjen..
alltid spennande å sjå etter nye skudd..

eg trur orkidé er min favorittblome :-)

YNSKJER DEG EI GOD HELG!