torsdag 31. mai 2012

Himmelsk kveldsol ned i vester glader


Dagsens auga sloknar ut,
kveldsol ned i vester glader.
Skuggen stig frå dal til nut,
mørkret sigrar alle stader.
Jesus, hjartans sol og skatt,
Jesus, ver mitt ljos i natt!


Elias Blix
........................


Bilete tatt i fly på veg frå Oslo mot vest er mitt bidrag til


4987378325_b77095bd20_b[1]
God helg til alle som er innom!
Tenk 1.juni i morgon!!


søndag 20. mai 2012

Om klemme og hattar


Eg har ei klemme, nei ikkje ei å sette i håret..


Eg har ei klemme, ei tidsklemme..


Eg har mange hattar, ikkje til å sette på hovudet..


Så mange som vil ha ein bit av meg og av tida mi..

.......................................................................................................................

Om eg veit kor heldig eg er som i det heile har nokon som ropar på meg?


At eg slepp å sitte einsam i ei krå for meg sjølv?

JA! Eg veit..

Og difor er livet innimellom litt vel hektisk, men alikevel godt!


YNSKJER ALLE SOM ER INNOM EI FLOTT VEKE!


HER LOVAR YR.NO SOL OG SOMMAR, HURRA!!

torsdag 3. mai 2012

HVERDAGENS LYKKE



Hverdagens lykke
å bli husket
i et ord, i et navn.

Hverdagens lykke
å bli sett
i et blikk, i et møte.

Hverdagens lykke
å erfare:
Jeg vet hvem du er.

Ragnhild N.Grødal
(Påfyll til livets krukke, Cappelen)



onsdag 2. mai 2012

Motlys - tidleg morgon


Ei herleg morgonstund før arbeid måtte eg stoppe opp og ta nokre bilder ved

ein fjord som stadig imponerar meg med sine ulike fargar og mønster.

    Bildet er tatt i motlys.

Det passa bra, for no har Øyeblikkjentene nettopp temaet

"Motlys"

på sin Øyeblikk fotokonkuranse.

Dette skriv dei:

"Lyset er det som skaper magien i fotografiet. Ved å leke med lys, vil vi bevege oss ut i ulike landskap.

Denne gangen er det motlyset det skal eksperimenteres med.
Å fotografere i motlys er mange skeptiske til, da de er redde for at motivet
skal bli for mørkt og bakgrunnen for lys; et problem som enkelt kan løses
med en blits eller reflektor. Det er ved å fotografere i motlys, du kan gi
motivet en egen glød, en skinnende glorie, oppnå spennende "lens flares"
eller skape flotte siluetter."

Kanskje du også vil bli med?

tirsdag 1. mai 2012

Velkomen inn



i hagen min :-)

Her på benken er det godt å sette seg ned, nyte ein varm kopp kaffi eller te.

Og når sola skin passar det kanskje betre med eit kaldt glas med vatn?

Velkomen skal du vere!

Snøen har reist no, det var på laurdag den var på besøk.

Og no satsar vi på at den ikkje kjem igjen på ei stund.

For den er iallefall ikkje velkomen lenger.

..............
Og for den som likte min nye sommarvoksduk
 så finn du den på Jysk til ca.30kr for meteren.
Lykta er kjøpt på Nille.
..............