fredag 26. februar 2010

PAY IT FORWARD

Bilete har eg lånt på jobb pc. Er faktisk litt fint med Vinter også, når eg tenkjer meg om :-)


Eg har fått ei utfordring frå bloggen Livet i Lønnetunet. Utfordringa går ut på at eg får ei gåve av henne. Og i gjengjeld deler eg ut tre gåver innan 365 dagar. Dette er ein leik i skikkeleg Pay it foward -stil! Difor utfordrar eg Haust, Hulda , og Solveig . Skriv ein kommentar om du vert med. Kjekt å både få og gi gåve så dette er artig!! Dersom du tek imot; må du skrive om
Pay it forward på bloggen din og sende noko lite til tre av dine bloggevener som også likar å leike innan 365 dagar!
God helg til alle mine bloggvenner!!

søndag 21. februar 2010

Snart kjem vår og sommar


Berre så nydeleg å sjå på bilete med grøne markar.

Må berre innrømme at eg lengtar etter vår og sommar no.

Men vinteren har naturen i si makt enno, men snart....

Søndagsklem frå sigrid


fredag 19. februar 2010

Takk

TUSEN TAKK FOR ALL OMSORG
EG HAR FÅTT ETTER ATT PAPPA DØDE.
DET VARMAR MEIR ENN DYKK ANAR!

Denne flotte adwarden har eg fått med Pink Moon. Tusen takk!

Det er Elin som har laga den.

Eg har lyst å dele den ut til Solveig, Miamor, Elisabeth og Marie.


YNSKJER ALLE SOM ER INNOM SIDA MI EI VAKKER HELG OG HUGS:


Det store i livet ligg ikkje foran deg,

men hjå deg her og no!

Vi kjenne aldri ein tings verdi

før vi har mista den.


tirsdag 16. februar 2010

Å ver hjå meg

1
Å, ver hjå meg, for no er kvelden nær,
og snart det mørknar, Herre, hjå meg ver!
Når all mi hjelp og trøyst har flytt sin veg,
du, hjelp for hjelpelause, ver hjå meg!

2
Kor snøgt han dalar, livsens stutte dag,
og jordlivs glede med sitt tome jag!
Omskifte ser eg kring på all min veg.
Å du som ei vert omskift, ver hjå meg!

3
Eg treng ditt nærvær kvar ei stund som kverv,
din nåde einast døyver freisting djerv.
Du er min førar og min trygge veg,
i skodde og i solskin ver hjå meg!

4
Kvi ottast meir når du meg signar mildt?
Gråt er kje beisk, og sår gjer ikkje ilt.
Kvar er din brodd, du daude, spør eg deg.
Eg siger vinn, min Jesus er hjå meg!

5
Syn meg din kross når augo mine brest,
lys meg til himlen når det mørknar mest;
sjå, morgonroden skin alt på min veg.
I liv og daude, Herre, ver hjå meg!

T: H. F. Lyte 1847
O: Peter Hognestad 1924
M: William Henry Monk 1861

Kvil i fred kjære pappa!
Høgt elska - djupt sakna!

mandag 8. februar 2010

"Skynd deg å elske"


Når ein i timesvis sit ved ei sjukeseng kan det vere godt å ha noko å gjere.
Eg har denne helga vore saman med pappa som er svært sjuk.
Innimellom låg han å sov.
Då nytta eg høve til å strikke og å lese.
Boka "Skynd deg å elske" var utruleg sterk kost og sette mange tankar i sving.
Her kan du lese meir om denne boka.

torsdag 4. februar 2010

"Den etiske fordring"

"Den enkelte har aldrig med et annet menneske at gøre uden at han holder noe av dets liv i sin hånd. Det kan være meget lidt, en forbigående stemning, en opplagthet som man får til å visne eller som man vekker, en lede man uddyper eller hæver. Men det kan også være så forferdende meget, så det simpelthen står til den enkelte om den annens liv lykkes eller ej."

Løgstrup, K (1975): "Den etiske fordring"

Ville berre dele dese orda med dokke i kveld.
Les dei og grunn på dei.
Dei rommar så utruleg mykje!