mandag 29. september 2014

Livet er ei direktesending!


-slik er det berre dette livet

-sendinga står på frå fødsel til grav

-som fossen som stuper utfor fjellet


-vi kan ikkje redigere i ettertid

-vi kan ikkje ta tilbake det som er sagt

-vi kan ikkje ta tilbake det som er gjort


-difor bør vi velge våre ord med omhug

-difor bør vi tenkje før vi handlar


-men om vi feilar.., for det gjer i allefall eg

-takk og lov for eit lita vakker setning

-kan du tilgi meg?

............................................................................................................

Etter inspirasjon frå sitatet:

Livet er ei direktesending!

-Rita Westvik


søndag 28. september 2014

Etter sommaren

Jentekolonien på Blåtur
Nøringset Sula


er det vel lov å mimre?
Ute bøttar det ned, 
vinden ruskar i absolutt alt, 
no er det vått og hustrigt.
Det er haust..

Ein sommar er over, men..

Sommaren 2014 var 

ein FIN sommar i mitt liv!


Utsikt frå Grøtt i Haram
Fjelltur Stordal kommune

lørdag 27. september 2014

Berga!


Vesle fine blome, du er berga!
Berga inn frå vind og regn.
Ute herjar stormen.
Inne er det lunt.

Vesle fine blome, du kan blomstre no.
Vinden ville dine knoppar øydelegge.
Du får glede meg enno ein gong
før du i vinterdvalen går.

...................

Å vere berga!
For eit flott ord: BERGA!
........

Salme 22:
5 Til deg sette fedrane si lit,
          dei leit på deg, og du fria dei ut.
         
   
  6 Dei ropa til deg og vart berga,
          dei leit på deg og vart ikkje til skamme.

.............................
GOD HELG!

mandag 22. september 2014

Gleden er som eit lys


- tenner du det for andre, faller skinnet tilbake på deg sjølv.

- Carit Etlar -
................................................
HA FORTSATT FIN SEPTEMBERVEKE!

søndag 21. september 2014

Herre, kven skal vi gå til?


Vi har nok alle opplevd livet på ulikt vis. Vi har hatt store gleder og store sorger. Nokre har hatt større gleder enn andre og somme har hatt så store sorger at ein ikkje heilt har forstått korleis ein har overlevd.
Når desse livets oppturar og nedturar har kome har vi kunne delt dei med dei nærmaste i familien, og kanskje med dei nærmaste vennane våre.

Eg for min del har kjent at eg har hatt bruk for nokon å takke når gledene har vore store. Og når sorg og skuffelse har banka på har eg hatt bruk for nokon å klage til.

Joh kap.6 
66.Etter dette drog mange av læresveinane hans seg unna 
og gjekk ikkje omkring med han lenger. 
67. Då spurde Jesus dei tolv: «Vil de òg gå bort?» 
68. Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? 
Du har det evige livs ord, 
69. og vi trur og veit at du er Guds Heilage.»

En natt hadde en mann en drøm.

Han drømte at han spaserte langs stranden sammen med Herren!
Over himmelen kom bilder fra livet hans til syne.
For hvert bilde han så, oppdaget han at det var to par fotspor i sanden;
det ene var hans egne, og det andre var Herrens.

Da det siste bildet fòr forbi over himmelen,
så han tilbake på fotsporene i sanden.
Han la merke til at mange ganger i livets løp var det bare et par fotspor.
Da oppdaget han også at det var de gangene da livet hans hadde
vært vanskeligst og mest smertefullt.

Dette forsto han ikke, så han spurte Herren:
Herre, du sa engang at da jeg bestemte meg for å følge deg,
ville du alltid gå med meg og aldri forlate meg.
Men nå ser jeg at da min nød var størst og
livet var vanskeligst å leve,
da er det bare ett par fotspor.
Jeg forstår ikke hvorfor du forlot meg
da jeg trengte deg mest?

Da svarte Herren: "Mitt kjære og dyrebare barn!
Jeg elsker deg og ville aldri forlate deg.
De gangene i livet ditt da prøvelsene og lidelsene dine var størst
-og du bare kan se ett spor i sanden,
det var de gangene jeg bar deg i armene mine"!

…………………………………………………….


Om eg hadde fått sett mitt liv i ein draum ville det nok vore på same måten. 
Det å oppleve å ha nokon å gå til, det å ha Jesus i livet mitt både når eg har hatt 
bruk for å takke og når eg har hatt bruk for å klage har vore ei stor hjelp for meg.
........................................

lørdag 20. september 2014

Bodø, byen ved havet!


For tredje gong har eg fått den glede å besøke Bodø, 
byen ved havet.
Nesten tre dagar saman med kollegaer som har 
ein liknande kvardag som meg.
Fine stunder saman med gode venner.
Gode foredragsholderar som ein absolutt ikkje sovnar av.

Tre dagar til inspirasjon og møte med mennesker.
Tre dagar der ein lærer både seg sjølv og andre litt betre å kjenne.

Vakre Bodø, eg kjem gjerne igjen!

GOD HELG!
..............................


onsdag 17. september 2014

50 er dei nye 40!?



DE HOLDER SEG GODT, DISSE DAMENE: Både Michelle Obama, Courtney Love, Elle MacPherson, Sandra Bullock, Courtney Cox og Mary Louise Parker fyller 50 år i år. (Foto: All Over Press) Bilete er lånt her.


Ja, her er altså mine medsystre som er jamgamle med meg. 
I mine auge behøve dei ikkje å vere eldre enn mellom 30 og 40år.
Og eg kan ikkje stille opp verken som modell eller presidentfrue.

Men å ha ein fest med familie, slekt og vener det kan eg. 
Og det angrar eg ikkje på. 
For visst bør ein feire 
LIVET! 

Det vart feiring ca.1mnd før den STORE dagen, for at alle gutane våre skulle bli med. Skulegang på andre sider av landet gjorde sitt til den tidlege festen.

Takk til alle som gjorde både festen og 
sjølve dagen til ei glede for meg!
 




mandag 8. september 2014

Eit eple om dagen...


Mykje tyder på at eit eple om dagen virkeleg er viktig for å halde seg frisk. 

Forskning har vist at frukt har ei positiv effekt på høgt blodtrykk og ein ny 

studie ved Ullevål sykehus skal etterprøve desse resultata. 

 
Eli Heggen, lege ved Seksjon for preventiv kardiologi ved Oslo Universitetssykehus, leder en studie som skal undersøke om frukt kan senke blodtykket. 45 pasienter med middels høyt blodtrykk deltar i studien. De følges nøye over 8 uker og må hver dag spise ett eple eller tre kiwi. Målet med studien er å finne ut om en av de to fruktene kan redusere blodtrykket. Man tror at det er vitaminene og antioksidantene som har effekt. Dersom det viser seg at frukten senker blodtrykket, betyr det at mennesker med litt for høyt blodtykk kan spise epler eller kiwi i stedet for å ta blodtrykksmedisiner. 
Se innslaget på NRK Nett-TV     (nytt vindu)                                                                                 


Epler er uansett sunt – med mye fiber, vitaminer og mineraler. I tillegg inneholder epler mye vann. Å få i seg nok vann er viktig for å kunne konsentrere seg godt over tid. Selv lett dehydrering kan gi hodepine og redusert mental arbeidskapasitet. 

Epler blir regnet som ”supermat”, dvs. mat som gir bedre immunforsvar og som er gunstig når det gjelder å forebygge sykdom. Så spis mer epler, men spis dem med skallet på, for 2/3 av fiber og verdifulle antioksidanter finnes nemlig mellom skallet og frukten!

Henta frå: Et eple om dagen...
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Så kanskje det er noko i ordtaket:

An apple a day keeps the doctor away?

-------------------------------
Ha fin ny septemberveke!!


fredag 5. september 2014

I skuggen av dine venger Gud

















































Herre, til himmelen når di miskunn,

til skyene rekk din truskap.

Di rettferd er som mektige fjell,

som det store havdjup er dine domar.

Du bergar menneske og dyr.

Herre, kor dyrverdig di miskunn er!

I skuggen av dine venger, Gud, søkjer menneskeborna livd.

Dei får eta seg mette av det beste i ditt hus,

du lèt dei drikka or gledebekken din.

For hjå deg er livsens kjelde,


i ditt ljos ser vi ljos.      

Sal 36,6-10

.............................................................


Det var varmt sist søndag då vi tok turen til Vassætra.
Faktisk så varmt at det var godt å kome inn i skuggen i blandt.

Då vart det å vere i skuggen langt frå noko negativt.
Men noko som gav livd frå den varme sola.

Så godt å også få vere i skuggen av Guds venger.


GOD HELG!

----------
Linka til: Skywatch Friday og Helgeglede