onsdag 30. april 2014

Rundt omkring og rundt omkring igjen..




har du det slik av og til?
at alt berre går rundt omkring?

du skal rekke det eine og ikkje gå glipp av det andre..
så berre fyk timane, dagane, månedane og faktisk åra..

innimellom ein berre stoppe opp
"stikke fingeren i jorda"
ta seg tid til å kjenne etter..

kjenne at du puster
kjenne at du lever
kjenne på at livet ikkje berre er ein motorveg
mellom vogge og grav..

så innimellom prøvar eg å stoppe opp
for å nyte livet

ta meg tid til mann og born
ta meg tid til ein prat i telefonen
ta meg tid til å gå på eit møte
ta meg tid til ein rusletur
ta meg tid til å "fange" eit bilde
ta meg tid til..

og du..
 eg har eit mål om å bli enno flinkare til nettopp dette..

.............................................


 Phil Bosmans || Tid | Lykke



torsdag 24. april 2014

SYNG FOR MEG





Syng for meg du vesle sporv.
Syng ein song om glede.
Lyft mitt sinn mot han som ser
til mi sorg her nede.

Syng for meg du vesle sporv.
Syng når eg må gråte.
Minn meg om at Gud har løyst
livsens tyngste gåte.

Syng for meg du vesle sporv. 
Syng når dagen hallar.
Han som skapte dag og natt
morgon ny framkallar.

- Annbjørg Helland Sævareid-
(frå diktsamlinga Juvelen)


29 Blir ikkje to sporvar selde for ein skilling? 
Og ikkje ein av dei fell til jorda utan at Far dykkar er der. 
30 Ja, kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt. 
31 Så ver ikkje redde! De er meir verde enn mange sporvar. 
.................................................................................................................................

Deler på 
Skywatch Friday




tirsdag 22. april 2014

Aprilbukett


Blomster små
Gule, blå
Titter opp av marken nå.
Vinker til Bloggevenner-lill,
Fordi dei er så snill!
......
Tenk dette er ein Aprilbukett frå eigen hage. Ikkje verst?!
Når naboen har bursdag er det kjekt å kunne glede med litt blomster.
Sol i dag igjen. Rett og slett ein fare for å bli litt bortskjemt, eller?

Ha fin kveld!



mandag 21. april 2014

Påskefri


PÅSKEFRI
FRIPÅSKE

PÅSKESOL
SOLPÅSKE
...............
Så heldig eg er..
Berre få minutt frå huset mitt..
Kan eg nyte verdast finaste tur
 i verdast finaste natur..
Saman med han eg har delt livet med
 i over halve livet mitt.
Slike dagar har ein meir lyst til å vere ute enn inne.
I morgon er det kvardag igjen.
Det må vel gå bra?
For eg har verdast finaste jobb,
saman med verdast finaste kollegaer.
Så heldig er eg..

VONAR DU OGSÅ HAR DET BRA!

PÅSKEKLEM
..................................
Deler på 

mandag 14. april 2014

God Påske




I Påska i 2011 la eg ut sangen Jesu siger. 

No ser eg at den finst på YouTube.
Ta turen innom, lytt og bli glad. 
Her er linken: Jesu siger


Berre innom for å ynskje dokke alle

God Påske!

...........

linka til Alt som er vakkert

søndag 6. april 2014

Fridom


Vesle humle er du fanga eller fri?
Langt nede på botnen av glaset har du landa.
Over deg er himmelen høg og fri.
Det er du sjølv som held deg fanga.

Humle, surr og surr.
Stig opp igjen.
Lat dei små vengane dine lyfte deg til fridom.
Kvifor vere fanga når du kan vere fri?

-Sigrid 06.04.14-
...........................

Kva er fridom? Vi har vel alle ulike tankar om det...
Og kva brukar vi denne fridommen til?

Fridom er ein tilstand der ein kan ta avgjerder etter eigen fri vilje. Fridom kan til dømes omfatta at ein er fri til å tru, tenka, seia eller gjera noko, og at ein kan velja kven ein vil vera saman med og kvar ein vil vera. Ein kan snakka om fridom i høve til eit individ, ei gruppe eller ein stat.

Å vera kristen er å vera eit fritt menneske. 
Trua på Jesus skaper frie menneske, ikkje bundne menneske. 
Han sa sjølv: "Får Sonen gjort dykk frie, blir de verkeleg frie." (Joh 8,36)

For meg vart møte med denne humla tankevekkande..
...................................
Tenk det er April og snart Påske.
Det er VÅR og ei herleg tid.
Nyt den!