tirsdag 30. august 2011

Glede





Du finner ikke gleden -
Du velger - 

Du skaper -
Den lille gleden og den store gleden.
Gleden i det å være.


torsdag 25. august 2011

Himmelsk arbeidsveg


Ikkje alle som kan stoppe for å fotografere SÅ flott natur på arbeidsvegen sin.
Her er ofte flotte stemningar uansett årstid.


Dette er mitt 44 Himmelsk bilete eg deltek med på Petunia sin flotte blogg.
Ta gjerne turen innom for å sjå fleire Himmelsk motiv eventuelt delta sjølv.

God helg!

onsdag 24. august 2011



Over meg har eg ein kveldshimmel
full av drivande skyer,
Solens Eventyrlande.


Utbreidd for mitt syn
ligg eit stort landskap
under vekslande spel
av lys og skugge.


Somt i landskapet er klart synleg.
Anna ligg i skugge.
Skulle gjerne dytte meir inn i skuggen.


Men nei.
Lat lyset løfte fram
også det ein ønskjer ikkje var der.
Alt var livet.


Kva er stort, kva er smått no?
Klarast i minnet
står tider og stunder
då ein heilt og fullt
kjende ein var til.


Haldis Moren Vesaas

tirsdag 23. august 2011

Tusen takk til "Trivselsdamen"


Sjå kva eg fekk i posten i dag: tesil, koppehanddukar og heimestrikka klut!!
Og sjå på bilete: Eg rakk litt sol i ettermiddag :-)

Eg føler meg rik, 
ikkje berre fordi eg vann ei flott gåve,
 men fyrst og fremst fordi eg er så heldig å ha slike flotte bloggvennar!!

Tusen takk til
for herleg gåve og fine ord!

♥klem♥

søndag 21. august 2011

Tung tids tale


Den siste rosa i hagen min- 
til minne om alle dei som mista livet så tragisk 22.07.11
.....................................


Det heiter ikkje: eg - no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.

Alt du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme ifrå deg!

Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne,
at du er varm!



- Halldis Moren Vesaas -

torsdag 18. august 2011

Himmelsk Romsdalsfjord


Straks fredag igjen, ikkje til å tru!
Mitt bidrag hjå 
Petunia 

4987378325_b77095bd20_b[1]

denne gongen vart tatt sist søndags kveld.
På veg heim frå Trondheim måtte eg stoppe for å ta dette bilete.
Vakre og spesielle fargar - dempa og rolege!

God helg!

tirsdag 16. august 2011

P for piano


Ikkje det at eg trur borna skal bli Mozart eller Schubert. 
Men faktisk er det litt kjekt med Piano i hus.
Gjenbruk så klart :-)
Og det til ein pris det går ann å leve med...

Det vert faktisk brukt litt, så det er ikkje berre eit møbel ;-).
........................................................................................................................................
Full fart med oppstart på jobb. Og denne helga reiste eldste guten ut i verda.
Så kvardagen med fem i huset er blitt til fire. Rart, vemodigt, men naturleg...

Vonar DU har det bra i ditt liv!


fredag 12. august 2011

Himmelsk fjordarm



Slike dagar er gode å få etter ein heller våt sommar.

Med dette Himmelske bilete ynskjer eg alle ei riktig god helg!

Vil du sjå meir Himmelsk sjå innom Petunia.

onsdag 10. august 2011

Å vere til


Ligge i lyngen ein varm sommardag
borte frå kvardagens mas.

Kvar time vert lenger enn den er heime.
På hytta kan du vere heilt fri frå alt anna.

Ro ut på vatnet og sette garn om kvelden.
Høyre ugla tute når 
du står på trammen før leggetid.

Tenne levande lys som blafrar, fyre på omnen.
Kjenne varmen som brer seg i rommet.

På hytta kan du få lov å vere til..

mandag 8. august 2011

Å vere to

Bilete frå hyttekjøkkenet. Der er det også godt å vere to :-)

.........
Å vere to i alle ting!
Å vere to i gleder og i sorg!
Å vere to kvar morgon og kvar kveld!
Å ha nokon ein elskar og kjenne seg elska!
Lukkelege meg!
......
24.års bryllaupsdag

fredag 5. august 2011

Himmelsk vatn


Å berre sitte der, kjenne roa senke seg.
Kjenne at ein pustar. kjenne at ein lever.
Sjå sola spegle seg i eit fjellvatn.
Kjenne den milde sommarbrisen stryke deg på kinnet.
Høyre småfuglane synge, humla som surrar 
og myggen som bit ein på leggen.

Det er sommarminne 2011!
...........

Ja, det har vore mest regn i sommar.
Men ein må gripe dei gyldne augneblikka og ta vare på dei.
For ein treng litt påfyll før hausten kjem for alvor.


Hver fredag:


Dette er mitt bidrag til 
denne fredagen.
Sjå innom henne for fleire bidrag og kanskje du vil bli med sjølv også?   

God helg!

tirsdag 2. august 2011

En sorg ligner på havet




Sitert på Minnekonserten 30.juli 2011
.......................

Eg har sitert dette ordtaket før, 
men kjenner behov for å dele det igjen!

Varm klem til alle dei berørte!
Her er mange flotte gripande innlegg på ulike bloggar.
I dag vil eg nemne to: Smileull og Mies mirakler
Takk for at dokke deler!

mandag 1. august 2011

Livet

Foto av Ørnulf Opdahls kunstverk

Intet kan gjøres nå
bare stå der å kjenne smerten
ikke vike unna

Ikke flykte fra friheten
til å oppleve både
mørke og lys

Ta imot motgangen
som veiviser
mot den væren som er meg

Å, hvilket mot som skal til
for å slippe taket
finne tryggheten i det utrygge
fullkommenheten i det ufullkomne

Når det er mørkt nok
kan jeg se stjernene

Så er de der
markblomstene langs veien
som blir til

Ragnar Karem