søndag 31. august 2014

Vassætra i sol

Sommaren 2014 vart avslutta med ein fantastisk tur til Vassætra i Sykkylven.


Når ein går oppom sætra får ein nydeleg utsikt over Ålesund og øyane.


Vassætra er ein nydeleg og fredfull plass.
Dei ekstra spreke kan gå vidare til Sandvikshornet.  


På veg ned igjen ser du mot Sykkylvsfjella.
Det er ein god grusveg. Til tider nokså bratt, men det er verdt det!
.....................................
Fekk du også lyst til å ta turen?
Søk Vassætra eller Sandvikhornet på Google.
Mange har tatt turen før og gir ei god forklaring.
Det var på den måten vi fann fram. 
I tillegg snakka vi med folk vi traff på vegen.

GOD TUR!

linka til:




torsdag 28. august 2014

Timeout

er ikkje feil..
Og i allefall ikkje når kaka smakar nydeleg og kaffien er god.

Å ta ei pause frå faste arbeidsoppgåver i kvardagen, med nytt innhald, nye tanker og inspirasjon gir nytt overskudd.

Takk til Silje på SUKK fordi du alltid utstrålar Velkommen og uansett kor travelt du har det så ser du den enkelte!!

GOD HELG!

tirsdag 26. august 2014

I OPPHAVET....


     1. I opphavet skapte Gud himmelen og jorda.
   
  2. Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet.  3. Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys.  4. Gud såg at lyset var godt, og Gud skilde lyset frå mørkret.  5. Gud kalla lyset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, første dagen.
   
  6. Gud sa: «Det skal bli ein kvelv midt i vatnet! Han skal skilja vatn frå vatn.»  7. Gud laga himmelkvelven og skilde vatnet som er under kvelven, frå vatnet som er over kvelven. Og slik vart det.  8. Gud kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen.
   
  9. Gud sa: «Vatnet under himmelen skal samla seg på éin stad! Det tørre landet skal koma til syne.» Og slik vart det. 10. Gud kalla det tørre landet jord, og vatnet som hadde samla seg, kalla han hav. Og Gud såg at det var godt.

..........................................................................

Søndag morgon vart eg invitert med ut på tur. Eg takka ja til det. 
Og få rusle ein tur med mannen sin ei tidleg morgon stund er nydeleg.

Morgonen var fin. Alt var stilt og roleg.
Berre nokre fuglar gav lyd frå seg.

Skodda laga fine mønster over himmel og hav.
Seinare på dagen såg eg over bileta eg hadde tatt.

Og der såg eg det...
Eit bilete som minte meg om dei aller fyrste orda i Bibelen.

No deler eg det med deg.
Og ja, eg må seie det same som Himmelen og Jorda sin skapar:

DET ER GODT!!

søndag 24. august 2014

Rosa August gleder









- Inger Hagerup -

..................................
Laurdag rusla eg ein tur på tomta vår.
Eg knipsa nokre bilete med mobilen.
Då eg la dei inn på PC oppdaga eg at dei fleste 
bileta var av ROSA blomster.
Herlege sommargleder.
For det er fortsatt litt sommar i lufta?
August er den siste sommarmånaden.
Og sommaren 2014 vil vi gjerne halde fast på.

Ikkje så aktiv på blogg om dagen, 
men vonar eg får litt meir tid utover hausten.
.......................................................
Ha fin ny veke i ditt liv ♥
------------------------------
Linka til:


mandag 11. august 2014

Å puste i det fri...


Så godt å kome ut og opp i det fri.
Kjenne sola varme.
Vere saman.
Gå tur.
Puste.


Nyte den vakre utsikta når sola går ned.
Kjenne at ein lever.
Og at det er godt å ha ein heim som ventar.

....................
Vonar du får ei fin veke!


torsdag 7. august 2014

Tida..



viss tida berre går
så kjem vinter etter vår

viss tida berre går og går

og du føler at alt berre stille står

stopp opp min venn

og lev

grip livet no

og ikkje strev

- Sigrid aug 14 -
..................................


.......

 Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si?

- Matteus 6,27 -



GOD HELG!!

tirsdag 5. august 2014

Morgonstund har gull i munn


Så vakker du er vesle blome.
Du lyser som ei sol imot meg.
Og minner meg om at eg også
har ei slik oppgåve på min veg.

-Sigrid 05.08.14-
-----------------------------------------

VONAR AUGUST VERT EIN GOD MÅNAD I DITT LIV!