onsdag 29. juli 2009

Jeg vil male dagen...

Ferien går mot slutten...
Sjukdom og andre ting ein ikkje kan rå over har gjort den annleis enn eg trudde...









Dagane blir kortare og natta blir stadig mørkare.
Det er Olsok og ute har det regna.
Snart er kvardagen her...
Kanskje til å deppe over?

Eg har ofte høyrt uttrykket:
Ikke hvordan du har det, men hvordan du tar det!
Då eg googla dette uttrykket fann eg ein flott artikkel om nettopp dette.
Og der stod blandt anna:
"Vi kan ikkje sjølv bestemme kva som skal møte oss i livet. Men vi kan bestemme korleis vi vil reagere på det vi møter."

Kanskje dette må vere hausten sitt nye motto?

Difor fann eg dette diktet som eg vil dele med dokke.


Jeg vil male dagen blå
med en solskinnsstråle på,
velge lyset fremfor skyggen,
gi meg selv en dytt i ryggen,
tro på lykken og på hyggen.
Jeg vil male dagen blå.
Jeg vil male dagen gul,
solen som en sommerfugl,
setter seg på mine hender,
alle regnværsdager ender,
tankene mot mai jeg sender.
Jeg vil male dagen gul.
Jeg vil male dagen rød,
se den siste rose blø.
Jeg vil plukke kantareller,
løvetann og revebjeller,
leve i det nå som gjelder.
Jeg vil male dagen rød.
Jeg vil male dagen grønn,
dyp og kjølig flaskegrønn,
sette tente lys i staker,
glemme rynker, dobbelthaker,
fyre peisen når det klaker.
Jeg vil male dagen grønn.

Jeg vil male dagen hvit,
glemme arbeidsdagens slit,
kjøpe franske anemoner
for de siste tyve kroner,
lytte til Vivaldis toner.
Jeg vil male dagen hvit.
Jeg vil male dagen lys,
gripe sjansen når den bys,
tro på lystseilas på fjorden,
tro på frøet nedi jorden,
heng november opp på snoren!
Jeg vil male dagen lys.
---------------------------------------------------------
Ps: Takk til Emmelines som gav meg ideen til tittelen gjennom innlegget sitt Hvitmaling

tirsdag 28. juli 2009

Smil

Når ein går i eit kjøpesenter legg ein merke til så mangt.
Mange går med hovudet høgt og ser ikkje andre enn seg sjølv.
Andre ser slitne ut og går med eit tomt blikk.

Kva med å prøve å gi dei eit smil?

"Møter du noen uten smil, så gi ditt." Svenske ordtak

Smil og latter hjelp oss mot stress, styrkar immunforsvaret og reduserar blodtrykket.
Dette er vitenskapelig dokumentert. http://www.singellivet.no/site/livsstil/smil_og_bli_mer_attraktiv

Her kjem 8 punkt som kan gjere at du får lyst til å smile og le litt meir:
  1. Immunforsvaret blir styrka
  2. Virkar smertestillande
  3. Latter er trening
  4. Du virkar yngre
  5. Gir auka velvære
  6. Motvirkar stress
  7. Aukar lungekapasiteten
  8. Du lærer betre

Når du smiler til nokon får du oftast eit smil tilbake, og kanskje har du gjort kvardagen til nokon eit hakk lysare?

"Mennesket er det eneste vesen på jorden som kan smile.
Det er et lys i vårt ansikts vindu,
som hjertet bruker til å vise at det er hjemme."

Henry Ward Beecher

Definisjon på SMIL:

Smil er et grunnleggende følelsesuttryk og en grimase hvor mange av musklene i ansiktet trekkes sammen. Spedbarn begynner å smile omkring seks uker gamle, ofte når de ser andre ansikter.
Smil brukes som oftest for å uttrykke
glede og vennlighet, og smilet tolkes derfor vanligvis positivt over hele verden. Å smile gjør at hjernen produserer mer endorfin, som i sin tid minsker smerte. Det finnes flere typer smil, både med åpen og lukket munn. De fleste mennesker ser intuitivt forskjell på et «ekte», oppriktig ment smil og et «falskt», tilgjort smil, og tolker følelsene hos andre mennesker riktig. Et hjertelig smil vises i hele ansiktet, også i «smilende» øyne, og ikke bare i oppadvendte munnviker eller blottede tenner.
Fra Wikipedia, den frie encyklopedi

søndag 26. juli 2009

Alt har si tid...

I løpet av ei veke i sommar døde tre menneske som eg har hatt kontakt med.

Menneske som eg har smilt til og fått smil tilbake i frå.

Vi har snakka med kvarandre og gitt kvarandre av vår tid.

Bilde er tatt av: http://www.joannabodzek.com/


Alle tre døde så alt for unge, bort frå dei som trengde dei og stod dei nær.



To av dei var rundt 50år, begge hadde ektefelle og born i barneskulen.
Den eldste hadde blitt 65år til hausten,
ho hadde mann, barn, og barnebarn som kjenner saknet så sårt.

Kvifor skriv eg dette?
Eg veit sjølv kva sorg er, og veit at omsorg er viktig for at livet skal gå vidare.

Kven har rett til å seie at ei sorg er større enn ei anna,
eller at eit tap er verre for han enn det var for ho...
Kvar ei sorg og kvart eit tap vil merke eit menneske for resten av livet,
ein blir ikkje den same igjen som ein var før...

Den som sjølv har hatt det vondt kan lettare kjenne på den smerten andre har i sitt liv..

DET BLEI SÅ STILT ETTER DEG

Kvar gong du kom
slamra du med ytterdøra
og ropte:
”Hei, er du der?
Eg er heime no!”

No kjem du aldri
meir heim.
Får aldri høyre
ytterdøra slamre
og aldri meir
høyre stemma di rope.

Det blei så stilt etter deg.

Skreve etter ulykka ved Shetland 12.04.07

Då ei kone og mor i Herøy på Sunnmøre mista både mann og son i denne ulykka, "datt" dette diktet i hovudet på meg.
Min eldste son er jamgamal med tenåringen som omkom,
og eg kjende det heilt inn i ryggmargen kor uendeleg vondt det måtte vere.

Kjenner du nokon som har sorg, gi dei litt av di tid.
Gi dei omsorg!!

Og gløym ikkje at sorga sit lenge, lenge i eit menneske.
Lat dei få lov å snakke om den eller det dei har mista.
Lat dei få kjenne at du bryr deg om dei, akkurat slik dei har det her og no.
Forkynnaren 3
1 Alt har si faste tid,
alt som hender under himmelen, har si tid:
2 ei tid til å fødast, ei til å døy,
ei tid til å planta, ei til å riva opp;
3 ei tid til å drepa, ei til å lækja,
ei tid til å riva, ei til å byggja;
4 ei tid til å gråta, ei til å le,
ei tid til å syrgja, ei til å dansa;
5 ei tid til å kasta steinar, ei til å samla dei,
ei tid til å ta i famn, ei til å la det vera;
6 ei tid til å leita, ei til å missa,
ei tid til å gøyma, ei til å kasta;
7 ei tid til å riva sund, ei til å bøta,
ei tid til å teia, ei til å tala;
8 ei tid til å elska, ei til å hata,
ei tid til krig og ei til fred.

http://www.bibel.no/Hovedmeny/Nettbibelen.aspx?book=ECC&chapter=3&verse=1

Alt har si tid, står det i Forkynnaren.
Alt har si faste tid.
Og det fortsette: ei tid til å fødast, ei tid til å døy, til å gråta og syrgja, til å le og dansa, til å elska og til å hata.
Det finst ei tid for alt det menneskelivet rommar – både det som godt er og det vanskelege.

Livet tek ikkje pause.
Alt har si tid.

lørdag 25. juli 2009

10 fine ting

..hvorfor ikke…http://tantetorunn.blogspot.com/ har tagga meg for at eg skal skrive 10 fine ting om meg sjølv.
Og eg ”sprang” nok like fort ut av hennar side som ho gjorde frå Mollyhttp://meandmolly.blogspot.com/ si.
Huff , tenkte eg : Eg som er SÅ fersk i bloggverda . Hjelp!

Og har eg tid? Eg som har 1000 ting som
MÅ-SKAL-BØR gjerast.
Men så plutseleg regna det sjølv om yr.nohttp://www.yr.no/nyheter/1.6698729
eigentleg sa opphaldsvær (motsatt av i går).
Og så frista det med ein pause. (med ein aldri så liten is) Hysj!

OK, her kjem det 10 fine ting :

1. Stabil

2. Interessert i andre

3. Guds barn

4. Roleg

5. Ikkje støv på hjerna (kanskje nokon syns dette er ein dårleg egenskap? He-He)

6. Diktskriver (vonar det ikkje er ein yrkestittel som er beskytta)

7. Venn (vil i alle fall vere ein)

8. Lyttar (prøver)

9. Ærleg

10. Trufast

Så kjem det no ann på om dei som kjenner meg seier:
Den dama har dårleg sjølvinnsikt!
Men det får eg ta sjansen på…
Og er der andre som vil prøve seg …
Sett i gang, var ikkje det enklaste eg har gjort.

Du veit Jantelova…

God helg ;-)

fredag 24. juli 2009

Flått er ikkje Flott!!


Til alle dei som trur og meinar at det er tull å skrive så mykje om flått som media har i sommar.
Til alle dei kan eg seie, det er IKKJE TULL!

Som mange andre har eg plukka flått av meg sjølv og borna både i sommar og andre tider.

MEN når ein blir sjuk av den utan å ha merka at den har vore der : DÅ ER DET SKUMMELT DÅ!

Så til alle som har difuse smertar i nakke, skuldrar, musklar etc.
Forlang å bli testa for
Borrelia!

Den vanligste smitten er bakteriegruppen
Borrelia (spesifikt, bakterien Borrelia burgdorferi) som kan invadere nervesystemet og gi lammelser, leddsykdom, kronisk hudsykdom og smertetilstander. Det antas at 20-25 % av norske flått bærer denne bakterien, 50 % i øst og sør, og betraktelig færre lengre nord. Fem prosent av de infiserte av denne bakterien utvikler sykdommen, omlag 150 tilfeller årlig. I tillegg til smågnagere og fugl, kan store dyr som hjort være vertsdyr.

(Informasjon og bilete henta frå
http://no.wikipedia.org/wiki/Fl%C3%A5tter )

Ha ei FLOTT (og flåttfri) HELG!

onsdag 22. juli 2009

Eg "elskar" solbær ;-)

Å, solbær er bra godt...

Ete den heilt enkelt frå solbærbuska eller som syltetøy..

Ute på omnen kokar solbærsylte akkurat no!






Her kjem tre ulike oppskrifter:

Mammas solbærsylte
1 kg solbær
0,5 l vatn kokes opp
0,5 kg sukker røres i
evnt.jam/certo
evnt. maizenna viss sylta er tynn

Svigermors solbærsylte
2 kg bær
1l vatn
3 kg sukker

Evas solbærsylte
1 l bær + 2,5 dl vatn + 1 kg farin

Ps: Kan nokon gjette kva som er favoritt isen?



Ja, nettopp Sol-is. Eg masa på Diplom-Is om at dei måtte begynne med den igjen. Og så plutseleg var den der.... Hurra!

(Skal ikkje ta all æra, måtte vel fleire til enn eg vil eg tru)

Litt info:
Fra Wikipedia, den frie encyklopedi (der også bilde kjem frå)

Solbær
En solbærbusk med frukt
Vitenskapelig(e)navn:
Ribes nigrum
Norsk(e) navn:
Solbær
Hører til:
Ripsfamilien,Saxifragales,
egentlige tofrøbladede planter,dekkfrøede planter
Habitat:
Temperert klima
Utbredelse:
Hovedsakelig
Europa
Solbærplanten er en
buskvekst i ripsfamilien som foretrekker et temperert klima. Plantens frukt er små bær med en mørk lilla, nesten svart farge. Bærene er rike på C-vitamin og har en svakt bitter smak, og brukes blant annet til gelé, syltetøy, saft, konfekt (fyll), yoghurt, iskrem og vin.
Solbær er mest utbredt i Europa og er spesielt populært i
Storbritannia. Under andre verdenskrig oppfordret den britiske regjeringen til dyrking av solbær siden bærene er en god C-vitaminkilde. Man lagde solbærsirup av bærene som så ble delt ut gratis til alle barna i landet, noe som bidrog sterkt til å øke populariteten til solbær der.
Bladene er også rike på smak og utgjør ingredienser i solbærschnaps eller solbærcognac

Kvile for tunge bører

Den som er vant med å bere tunge bører
veit at det er viktig å stramme hoftebeltet på ryggsekken på rette måten,
for at børa ikkje skal bli tyngre å bere enn nødvendig.
Brystbeltet må også festast for at ein ikkje skal bikke bakover.

”Kom til meg, alle som strevar og har tungt å bera, og eg vil gje dykk kvile.” Matt 11,28

Og når ryggsekken vert for tung får vi lov å legge av oss børa.
Vi får kvile.

tirsdag 14. juli 2009

Ferie

Ferie her. Men kva er ferie?

Far min har alltid sagt at ferie er å gjere noko anna enn ein gjer til vanleg...

Tja, til vanleg er eg på arbeid i ein barnehage. No er eg fri frå det.
Alt dette andre som å vaske hus, klede etc. det blir ein ikkje fri frå. Men det at eg kan gjere alt dette: Stå opp om morgonen, lage frukost, gi omsorg til familien.
Det kan eg fordi eg lever og er til. Lever og er til fordi eg er Skapt.

Salme 139

Ein Davids-salme.

1.Herre, du
ransakar meg og kjenner meg.

2 Anten eg sit eller står, så veit du
det, langt bortanfrå merkar du mine tankar.

3 Anten eg går eller ligg, så
ser du det, du kjenner alle mine vegar.

4 Ja, før eg har eit ord på
tunga, veit du det, Herre, fullt og heilt.

5 Du kringset meg på alle
sider, du har lagt di hand på meg.

6 Det er for underfullt til å
skjøna, det er så høgt at eg ikkje kan fatta det.

7 Kvar skal eg fara frå din
Ande, kvar skal eg røma frå ditt åsyn?

8 Fer eg opp til himmelen, så er du
der, og reier eg lege i dødsriket, så er du der òg.

9 Tek eg morgonrodens venger
på og slår meg ned der havet endar,

10 så fører du meg jamvel der, di høgre hand, ho held meg fast.

11 Og seier eg: «Lat mørkret løyna
meg og ljoset ikring meg verta natt»,

12 så er ikkje mørkret for mørkt for
deg, og natta er ljos som dagen, ja, mørkret er som ljoset.

13 For du har skapt mitt
indre, du har vove meg i mors liv.

14 Eg takkar deg fordi eg er
skapt på skræmeleg underfull
vis. Underfulle er dine
verk, det veit eg så vel.

Fordi eg er skapt av han som er Skaparen lever eg og er til...

Det gjer det godt å leve, det gjer det godt å ha ferie....