lørdag 2. juli 2016

God Sommar!



Det er absolutt sommar når dei aller fyrste jordbæra 
lyser mot meg i jordbæråkeren vår!
Nydelige på smak!


Om ei veke eller to kan eg kanskje fylle denne 
vakre blå skåla med jordbær 
og ha vaniljesaus i muggen!
...............

GOD SOMMAR!

(det vert ei sommarpause her på bloggen ei stund,
men plutseleg er eg her igjen)

søndag 26. juni 2016

Lepsøyrevet Fyr


Årets BLÅTUR med jobben gjekk til LEPSØYREVET FYR.



Ei bratt trapp førte opp til 2.etg.


Og eg som er så glad i blått måtte berre ta bilete av desse skålene.


Sjå dei flotte fargane! Alt i orginal fargar.


Vi fekk fortalt historia til fyret. Det var så forfalt i 2009 at det nok 
hadde vore vekke i dag om ikkje lokale folk hadde gjort ein stor innsats.


Her har dei valgt å ikkje male på nytt, men heller vise muren slik den var.
Vakkert som eit måleri.


Her er ein minimodell av Fyrlykta.


Eit lite koseleg toalett.


Til slutt hamna vi i eit naust i ei fjøre med grilling og kos.

Takk til S &S for god planlegging og gjennomføring.
Og takk til M som lånte ut naustet sitt.

Ei kjempefin sommaravsluttning!

torsdag 23. juni 2016

Jonsok


Morgonstemning Jonsokaftan 2016


Kveldsstemning Jonsokaftan 2016

.............................

tirsdag 14. juni 2016

Herren er min hyrding!


        1  Herren er min hyrding,
          eg manglar ikkje noko.
 
   
  2 Han lèt meg liggja i grøne enger,
          han fører meg til vatn der eg finn kvile.
 
   
  3 Han gjev meg nytt liv.
          Han leier meg på rettferds stigar
          for sitt namn skuld.
          


   
  4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
          er eg ikkje redd for noko vondt.
          For du er med meg.
          Din kjepp og din stav,
          dei trøystar meg.
 
   
  5 Du dukar bord for meg
          framfor mine fiendar.
          Du salvar mitt hovud med olje.
          Mitt beger renn over.
 
   
  6 Berre godleik og miskunn
          skal følgja meg alle mine dagar,
          og eg skal bu i Herrens hus
          gjennom alle tider.




.....................................
Når eg ser sauene som så tillitsfullt beiter rett over gjerdet frå der vi bor.
Når eg ruslar rundt i hagen vår.

Då senkar ein fred seg og eg kjenner på kor godt eg har det.
Ikkje alle dagar er like enkle og ikkje alle dagar klarer eg å kvile i denne freden.

Uansett har eg ein å gå til. 
Ikkje berre alle dagar, men alle slags dagar.

Og det er ikkje min fred eg skal kvile i,
men i den fred som Jesus gir.

 "Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!"





lørdag 11. juni 2016

Minstemann



Stille kom du
Krypande

Barnet mitt
No vaksen

Kan ikkje stryke deg
God natt

Be for deg kan eg til
Han som ser og veit

Amen

....................................
No er minstemann også blitt 18 år.
Myndig!
Alle gutane er vaksne no.

Etter Norsk lov har vi ikkje lenger 
det formelle ansvaret for dei.

Men borna våre er dei!
Og for alltid vi dei ha 
ein plass i hjarta våre 

♥♥♥

lørdag 28. mai 2016

Veka si oppmuntring


veka si vesle oppmuntring var å få ein løvetann av ein liten gut på arbeidsplassen min. 

det brakte solskinn inn i ein hektisk kvardag.

og eg vart mint om ein herleg sang frå barndommen.

den første løvetann

Tekst: Alf  Prøysen    Melodi: Bjarne Amdahl 

Det stod en liten løvetann så freidig og tilfreds
på landeveiens grøftekant i sølevann til knes.
Et bustehue lyste gult: Å nei, hvor jeg er fin!
…Den hadde nettopp speilet seg i sølepytten sin.

I grøfta gikk en liten pjokk, som pjokker ofte går,
i våt og  skitten kjeledress, med gult  og bustet hår.
Han satte seg i søla ned og strakte ut ei hand
og nappet opp med rot og topp sin første løvetann.

På vegen kom det mange barn, de kvitret lyst og lett
imens de ordnet fort og flinkt en blåveisblå bukett.
Og pjokken ropte: ”Se på meg, hva jeg har funnet her!”
Men barna bare lo og sa: ”Så pjuskete den er!”

”Å nei så menn,” sa pjokken, ”jeg skal ta den med til mor,
så sier hun at den er fin og jeg er veldig stor.”
”Det si’r hun for å trøste deg.” Sa de som sto omkring,
”for du er bare fire år og skjønner ingenting.”

Da stabbet pjokken hjem igjen og snufset lite grann,
Og blomsten hang med hue ned og lengtet etter vann.
Han åpnet døra seint og tungt, og plutselig sa mor:
”Å gis så fin en blomst du har – å nei hvor du er stor!”

”Du si’r det for å trøste, du,” sa pjokken likegla,
”Å langt ifra,” sa mor og lo. ”Jeg mente det jeg sa.
Det aller største mor vet om, er nemlig guttemann
som kommer hjem og har med seg sin første løvetann.”  


mandag 16. mai 2016

Nokon



Noko å støtte seg på
Noko å kvile seg på
Nokon som er der for deg

inspirert av gamle ugle

TAKK FOR ALL OMSORG I EI VANSKELEG TID!