fredag 15. februar 2013

PAUSE



AV OG TIL TRENG EIN PAUSE.
PAUSE FRÅ ALT.
MEN DET ER IKKJE ALT EIN KAN TA PAUSE I FRÅ.

LIVET FOR EKSEMPEL.

AKKURAT NO TEK EG PAUSE FRÅ BLOGGVERDA.
KJEM TIL Å SAKNE DOKKE ALLE.

EG MÅ VERE 150% TILSTADE HJÅ MINE NÆRMASTE NO.

KJEM TILBAKE NÅR LIVET FØLEST LITT MEIR NORMALT IGJEN.

KLEM

onsdag 13. februar 2013

X-faktor blomsterutgaven 2013: Røde og orange bidrag!



Flotte Anne på Moseplassen utfordrar oss til å finne blomar i arkivet vårt.
I fleire rundar kjempar blomane i X-faktor blomsterutgaven 2013. 
Dei to første rundene er over, og fire gjenstår.

Rosa og kvit blome er det for seint å kome med.

Men fram til torsdag 14.februar kl.19.00 kan du vere med på: 


X-faktor blomsterutgaven 2013: RØDE og ORANGE


Maria på hotellet er ei av mamma sine syskenborn. 
Kvar einaste sommar når vi besøkte mor-mor og 
onkel måtte vi i Valldalen til Maria på hotellet. 
Ho tok imot med åpne armar og med god mat.
Alle i slekta besøkte Maria.
Eg vil tru ho hadde det travelt.

I sin ungdom tok ho imot mange "kjendisar" og Konglege.
Ikkje mange damer på godt over 90 år kan snakke engelsk, 
men det kan ho.

Då eg vart kjent med ho var hotellet lagt ned.
Ho hadde handarbeidsbutikk og ho vevde mange flotte løperar.

No bor på Maria på sjukeheimen og helsa er sviktande.

Men fortsatt blømer Valmuene i Maria sin hage 
og minner oss om ei anna tid.

tirsdag 12. februar 2013

Om å bry seg ein gong for mykje..



Har du opplevd situasjonar der du stussar på kva som er rett å gjere?
Der du lure på om det er rett å gripe inn?



"Det er best når enhver passer sitt, du ditt og jeg mitt."



Ein ettermiddag køyrde eg den yngste guten min til bussen.

Der la eg merke til ein bil som stod å gjekk...


Som vanleg var bussen ganske så mykje forsinka, vi stod der i ca. eit kvarter.

Etter at guten min var reist vart eg veldig i stuss. Burde eg kontakte den 

personen som sat i bilen eller la vere?

Kanskje personen var sjuk og trengde hjelp? Kanskje han var svimt av? 

Eg køyrde meg ei runde rundt og såg at personen låg bakoverlent i sete.

Eg stoppa bilen.

Med bankande hjerte gjekk eg ut av bilen og gjekk fram å banka på ruta.

Han som låg der sov, men eg vekte han. Og spurde: "Treng du hjelp?"

Han såg seg litt forvirra rundt og sa: "Nei, eg måtte berre kvile meg litt."

Eg beklaga forstyrrelsen så mykje. Men han sa: "Det går greit.."


Då eg køyrde der i frå tenkte eg på om det var rett det eg gjorde eller ikkje?

Burde eg ha tenkt slik ordtaket seier: 

Alle må passe sitt og ikkje bry seg opp i andre sitt!


Kva har bildet med teksten å gjere?

Innimellom er det faktisk godt at nokon byr seg om meg og mitt, 

og dei kan faktisk vere reddande englar når ting vert for vanskelege..


Kva ville du ha gjort??




søndag 10. februar 2013

Helgeglede



Kalde, klare vinterdagar..
Lufta står nesten stille..

Slike små augneblink er mi Helgeglede.

Vil du sjå fleire Helgegleder eller dele dine?


Ha fin ny veke!

fredag 8. februar 2013

SAKN


Da du var liten 
og bare en berøring unna,
dekket jeg deg med tepper
mot den kjølige nattelufta.



Men nå når du er stor 
og utenfor rekkevidde,
folder jeg hendene 
og dekker deg med bønn



["Mors dekke"  - Dona Maddox Cooper]
...........................

Dei to eldste gutane er nokre mil unna oss.
Men eg er ofte hjå dei i tankane mine.
Eg syns dette vesle diktet seier så uendeleg mykje.

Så lenge eg veit at dei har det bra, så har eg det bra.
Men saknar dei alikevel.
I dag finst mobiltelefonen og internett.
Var nok langt verre for foreldra mine då eg flytta ut 
før eg var fylt 16 år. Så tross alt er eg heldig ;-)
...................

GOD HELG!



torsdag 7. februar 2013

Himmelsk vinter akvarell


Som ein himmelsk akvarell låg vatnet der framom meg.
Det dunkle rosa morgonlyset gjorde at eg måtte stoppe opp.
Små kvardagsgleder som er lett å oversjå.

Ikkje gløym å stoppe opp, leve og sjå!
...................
Innlegget linka til:

MANDAGSTEMA: KALD ÅRSTID / COLD SEASON

HIMMELSK HJÅ PETUNIA

4987378325_b77095bd20_b[1]


Skywatch Friday

onsdag 6. februar 2013

Endeleg.........


Etter eit kurs på høgskulen uti byen hadde eg 
nokre ærend inn på Moa.

Som seg hør og bør må ein då ta seg ein tur på OBS.

Og kva stod der og venta på meg:


Vår gamle gode Bosch har gjort jobben sin etter over 25 års tjeneste.

Nesten alle eg har snakka med (uten om ei) har anbefalt meg
Kenwood Major til ny kjøkkenmaskin. 

Og når prisen var godt under det eg har sett
tidlegare måtte eg berre slå til.

Så her etter vert det vel andre BOLLER ;-)

søndag 3. februar 2013

VER IKKJE REDD


VÆR IKKJE REDD
FOR SKUGGAR!
DEI VITNAR EINAST
OM LJOSET.

GÅ BERRE INN
I MØRKET!
DER SKAL DU MØTE
DAGEN.

LJOSET
SOM SKUGGANE VARSLAR
SKAL STRÅLE MOT DEG
DEN MORGONEN.


-Kristofer Juvkvam Ørjavik-

(frå boka ÅRENE - en gave
Lunde forlag)
.............

Med dette diktet ynskjer eg alle ei flott Februar veke :-)