søndag 18. januar 2015

Lukke..

Takk for engelen BM!

Lukke kan vere så mangt..
det å kunne stå opp om morgonen..
det å vite at nokon ikkje berre bryr seg,
men også bryr seg om..
det å få ei gåve for ingen grunn..
det å få ei helsing frå nokon som hugsar deg.

Lukke, for slett ingen ting..
men også lukke på grunn av eit smil..
fordi at du såg meg då eg trengde det..

Lukke, for alt..
Lukke fordi du fekk tilbakemelding
for noko du sa..

Lukke fordi du kjenner at du høyrer til
i ein stor samanheng saman med ein flott gjeng..

--------------------------------------------------------------------------

Tre intense, travle, kjekke, hektiske og lærerike dagar er over.
Det var utruleg godt å kome heim og at det var helg.
Så mange inntrykk av ulike slag, inntrykk som må bearbeidast.
Takk for flotte dagar saman med ein flott gjeng!

...................................................................................................

6 kommentarer:

  1. Lukke, for eit godt ord! Eg brukar av og til ordet kvardagslukke, dei tinga som ikkje er så store i seg sjøl, men som løftar dagen, som å ete middag saman, ha tid til ein ekstra tekopp, eit godt smil… alle dei små, store tinga!

    SvarSlett
  2. Nydelig dikt! :)
    Takk for kommentaren på bloggen min. Har fått litt motstridende tilbakemeldinger på bloggen og facebook.
    Men, noe liker å ha en pute i ryggen, og noen fjerner alltid puta. Selv vil jeg helst alltid ha ei pute til støtte i korsryggen.

    SvarSlett
  3. Her kom lykken i form av solskinn som gledet en Bergenser langt inn i sjelen :-)) God ny uke!

    SvarSlett
  4. Fint å lese innlegget ditt :)
    Så sant så sant..

    Tysdagsklem frå ytre, her eg ser sola i horisonten, men må vente ei stund il før ho kjem hit.

    SvarSlett
  5. Lykke er så mangt - flotte ord :-)

    Ha det godt - klem Siv

    SvarSlett

Koseleg med ein kommentar ;-)
(måtte diverre stenge for anonyme då det kom så masse spam)