onsdag 30. desember 2009

Den annsame

Han har ikkje stund til å stogge
og ikkje tid til å sjå.
Menneske som han møter,
dei ansar han aldri på.

Mangt har han å rekkje over.
Det gjeld om å fare fort.
Mykje var det å gjera.
Det auka dess meir han fekk gjort.

Så lid det til endes med dagen.
Han står der, studd over stav
og spør: Kva har livet gjeve
og kvar er det vorte av?

Slik jaga han gjennom livet
utan å få det fatt.
Ei glede sprang etter på veien,
men nådde han aldri att.

Jan-Magnus Bruheim



Når eit nytt år er rett rundt "hjørnet" tenkjer ein ofte over livet,
kva det har gjeve eller kva tap ein har hatt dette siste året.

Kanskje vi har det så travelt at vi ikkje har tid til å stoppe opp
for å kjenne at vi lever?

Kanskje vi er lik den annsame
som gleda ikkje greier å nå igjen?



Med ynskje om eit
Flott og Godt Nytt År
til dokke alle frå Sigrid

tirsdag 29. desember 2009

Å vera til

Du henta ei stjerne ned frå den blå
himmelen til meg i dag,
og tende lys over dagen min.
Andletet ditt opna seg i eit smil
då vi møttes.
Augo dine bar i seg ein varme.
Du rørte lett ved armen min.
Det var ikkje orda vi delte,
men det du tende i meg,
det du opna i meg.
At nokon bryr seg.
Det vart så uendelig godt å vera til.

Bente Bratland Mæland


Det finst så mange vakre bloggar rundt om i vårt langstrakte land....
Mange med flotte interiørtips og flotte bilete...
Nokre har herlege naturbilete...
Andre hjelper meg til å stoppe opp...
Dette diktet fann eg på på ANNEGRETE sin blogg gledelig tanke
Sjå gjerne innom denne bloggen,
den kan hjelpe deg til å stoppe opp litt i ein hektisk kvardag...

mandag 28. desember 2009

Utfordring

Elin med den vakre bloggen Elin sine draumesider har sendt meg ei utfordring.
Med utgangspunkt i sin eigen forbokstav skal ein svare på mange ulike spørsmål.

Og i desse Romjulsdagar då ein burde ta livet heilt med ro får eg prøve ta den.



Namnet ditt? Sigrid

Ord på fire bokstavar? Sola

Guttenamn? Ståle

Jentenamn? Sara

Yrke? Selgar

Farge? Sennepsgult

Noko du kan ha på deg? Sokkar

Mat? Serinakake

Noko på badet? Såpe

Ein stad? Sarpsborg

Grunn til å komme for sent? Stålis

Noko du ropar? Susse bass

Filmtittel? Shrink

Noe du kan drikke? Saft

Ei musikkgruppe? (the) Slips

Eit dyr? Sebra

Gatenamn? Sagvollveien

Bilmerke? Saab

Sangtittel? Solveigs sang

Eit verb?( å) Synge
-----------------------------------------------------------------------------------------

Skulle no utfordre fire til å ta denne leiken, men då eg ser at denne utfordringa går som ein farsott i bloggverda fann eg det vanskeleg å utfordre nokon spesielle.

Ta den gjerne den som vil ;-)

søndag 27. desember 2009

snøkrystall

bilde er lånt her

noko så lite
noko så vakkert
noko så fullkome
noko så reint
noko så kaldt
noko så mektig


Ein snøkrystall under lupa minner meg om


ein allmektig Skapar og Gud...


Sjå kor perfekt det er, sjå på kvar minste detalj,


ingen ting er tilfeldig....


Det er Han som har skapt DEG også,


du er like perfekt ;-)

lørdag 26. desember 2009

Julegåver...


bildet er lånt her
Her er årets Julegåve ;-)
Eg fekk gåver som både var større i omfang og kostar mykje meir....

Men dette er ei av dei gåvene eg føler det ligg mykje
omtanke og omsorg bak...

Vår yngste son på 11 år har gjennom hausten spart i hop av snoppengane sine, for han hadde mål og meining om kva dei skulle brukast til....

Han ville bli med på kjøpesenteret, men skulle gå aleine.....
Etter ei lita stund var han tilbake, svært nøgd med seg sjølv....

Og på Julaftan då gåvene skulle delast ut var dette den gåva som måtte oppnast fyrst..
Den er både til deg og pappa var beskjeden...

Og ut av papiret dukka denne MINI-MASSAGER fram..

Han har verkeleg forstått at mamma sin rygg, men også nakke og skuldrar treng massasje..

onsdag 23. desember 2009

Jula i eit nøtteskal

Nøtter uten kjerne er et øde rom.

Julen uten Jesus, den er like tom.


Fant du Jesusbarnet i den mørke stall

Har du funnet kjernen i et nøtteskall.

Diktet er skreve av Magnus Anmarkrud. Han var lærer på en liten bygdeskole i Brandbu på Hadeland.


Med dette vesle diktet

ynskjer eg mine bloggvenner

ei Velsigna Julehøgtid!

ps. den vesle illustrasjonen på bildet fekk eg med Reidun som eg vikarierar for. Tusen takk!


tirsdag 22. desember 2009

RYDDE TIL JUL ;-)

Denne fekk vi tilsendt av ein kamerat:

Hvordan rydde til jul (og ellers i året)?
1. Lag en fil på PC`n din


2. Navngi filen "Rotet i huset"

3. Slett filen

4. PC’n vil nå spørre: "Ønsker du å slette ROTET I HUSET permanent"? Svar ja!

5. Legg bena på bordet, ta en gløgg og les en bok. God jul!

Eller så kan vi no tenkje som slik:

DEI HAR NO RETT TIL Å FEIRE JUL HYBELKANINENE OGSÅ ;-)

mandag 21. desember 2009



Du ser kanskje Jesus som barnet i krybben,
og hyrder på marken og vismenn på kne,
med stjerner som stråler og engler som synger,
gir stemningsfull glede og buskap om fred.

Men har du sett Jesus som lider på korset,
som soner for din skyld, som lindrer din nød.
Og har du sett Jesus som står opp av graven,
gir håp om et nytt liv og seier over død?

torsdag 17. desember 2009

Du har noe ingen andre har!

Kjenner du også presset...
Om at alt skal vere perfekt...
Spesielt i desse dagane før Jul når alle andre er så flinke...
Dei har vaska heile huset frå golv til tak...
Skreve 100 julebrev med bilete frå kva som har skjedd det siste året...
Alle dei 7 sortane er i boks...og gjerne eit par sortar ekstra..
Gåvene er kjøpte, pakka og sendte rundt om i landet....
Dei sjølve sit i go-stolen og kosar seg med varmen frå peisen og stearinlys..

Til deg som på langt nær er ferdig og kjenner at stresset gjer kvardagen litt for strevsom..
Ja, nettopp til deg vil eg vidareformidle denne flotte sangen:


Anti-jantelov-sang

Tekst: Grethe-Karin Hovde.
Melodi: Peter Bjaarstad.

Du har noe ingen andre har.
Ingen er som deg.
Du kan mye,
har litt av hvert å lære meg,
glad for jeg møtte deg.

Jeg er glad for at du lever.
Ingen er som deg.
Du kan mye,
har litt av hvert å lære meg,
glad for jeg møtte deg.

Til den som vil ha notar til sangen kan de finne dei her

onsdag 16. desember 2009

Tulipantips

Når eg fyrst er i blomsterhumør ;-) vil eg tipse om tulipanar som kan kjøpast på Prix.

Ein fin bukett til 40kr!

Viss du tek gran eller anna grønt saman med, og kanskje litt konglar til pynt ...
Då har du ein flott Julebukett som du enten kan gi vekk eller nyte sjølv...
Berre eit lite tips 1.veke før Jul...

eller du kan kjøpe den her.

tirsdag 15. desember 2009

Julerose

Bilete er henta her - ikkje noko godt fotolys så seint på kveld.

Noko så vakkert som ei Julerose....
Ei rose som mot alle odds blømer midt i den kalde vinter...

Og akkurat i dag kom mi gode vennine LB med denne vakre planten til meg!

Det var ei kjekk overrasking midt i ein hektisk kvardag som er prega av stress,
vond rygg og andre ting som kan gjere kvardagen litt meir grå enn det som godt er.
Takk for at du med din omtanke gjorde dagen betre for meg...
.................................................................................................................................................

Julerose

( Helleborus niger )

En artig staude som gir deg årets første blomster! Hvite blomster og vintergrønne, læraktige blader.

Flott som undervegetasjon. Julerose er i familie med engsoleie. Dette er en uteplante uten lukt,

den blomstrer tidlig om våren, før vinteren har sluppet taket. Planten finnes i fargene, dyp rød til hvit.

Kjøpetips

Juleroser selges i med hvite eller lilla blomster. Se om du finner en lilla. Velg helst en med minst 1/3 blader og ikke bare blomster.

Pleietips

Juleroser har sin opprinnelse i fuktige skogsbunner i Alpene. Derfor bør den aldri tørke ut. Den trives best i kalkrik jord. Kalk kan du tilføre ved å knues en kalktablett i vannevannet hver tredje gang du vanner.

Overjuling

Juleroser blomstrer naturlig fra desember til mars, også i norske hager, og er den eneste av juleplantene som kan settes ut i hagen. Om det er frost i bakken, eller snødekke ute etter at den har blomstret av, kan du grave den godt ned i snøen, og siden plante den når vårsola tiner bakken igjen.

Info henta her og her og her


søndag 13. desember 2009

Litt raudt

Har så vidt starta med å leite fram litt Julepynt. Må få lov å kome noko raudt inn i stova også.
Og aller kjekkast er pynt som borna eller ein sjølv har laga.
Dette er ei isoporkule, kledd med stoff. Laga fyrst merke på kula der stoffet skulle festast. Brukte ein potetskrellar til å stappe det inn. Nokre år sidan eg laga den.
Kreativiteten går visst i rykk og napp. Har lyst til mykje, men...
Med ynskje om ein flott 3.Advents søndag!

torsdag 10. desember 2009

LIVSVEGEN ELLER LIVSVEVEN?


Bilete av vegen er frå barndomsheimen min.

Bloggen min heiter "Refleksjon på livsvegen".
Dette med tanke på at livet er som ein veg, av og til er den flat å gå på, andre gonger er den krokete, av og til er det oppoverbakke eller nedoverbakke. Og når eg går på denne vegen som eg har fått, ja då reflekterar eg over mykje og mangt som møter meg på livsvegen.
Denne veven heng i stova mi og det er Maria som er kunstnaren bak.

Her ein dag fekk eg ein komentar frå M. Ho hadde lenge trudd at bloggen min heiter: "Refleksjon på livsveven". Og det er ikkje så dumt det heller. Då vert livet som ein vev.
Det hadde eg eit innlegg om tidlegare i haust. Men eit godt dikt kan ein gjenta, ikkje sant?

VEVEN

Mitt liv er som en billedvev,der Gud alene vever.
Han velger alle fargene selv,som mønsteret best fremhever,
men når han vever sorgens tråder,stanser pilgrimssangen.
Han ser det hele ovenfra.
Jeg - glemmer, jeg ser vrangen.

En dag er veven ferdig blitt,og skyttelen står stille.
Da vil han rulle teppet ut og si meg hva han ville.
Da skal jeg se at mørke tråder også trengs iblant.
Så gull og sølv og alle farver bedre bakgrunn fant.

Det er henta frå Corrie Ten Booms bok "Landstryker for Herren", Oslo, 1977. Forfattar er ukjent.

tirsdag 8. desember 2009

Ei hjartegåve til ein liten venn

Det er alltid kjekt når posten kjem. Kanskje det kjem noko spennande i dag?
På torsdag gjorde det nettopp det. Hulda er ei utruleg flink dame, ho har ein flott blogg der ho deler med oss korleis ho har det i heimen sin. Dette hjarte er det ho som har laga.
Då eg såg hjarte visste eg kven som skulle få det, ei lita jente på 3 1/2 år.
Ho har kava med sjukdom heilt frå ho kom til verda.
Heldigvis skulle farmor og farfar besøke henne dagen etterpå.
Så no heng dette flotte hjarte på ei lita barneseng og er til glede for ei kjekk lita jente.
Og at ho vart glad for det veit eg, for det har farmor fortalt meg:
Tusen takk for hjertet måtte eg seie!

mandag 7. desember 2009

Gode venner

Bilde funne her

Gode venner er engler

som løfter oss opp igjen

når våre vinger har glemt

hvordan det er å fly.

søndag 6. desember 2009

Adventsglimt frå kjøkkenet

På eit kjøkken som ellers har mykje grått og stål er det kjekt å ha inn små "fargeklattar"..
Difor fekk ein lilla oppvaskkost bli med heim frå butikken, den heng på eit gamalt aluminiumsbrett. Dette brettet har fylgt meg frå barndomsheimen og til ulike hyblar og heimar.
Det er så praktisk med eit slikt brett, utruleg mange bruksområde.

Legg også merke til oppvaskkluten, strikka i eit bommullsgarn som tåler 95grader.

Ja, det er heilt sant: Eg har laga den sjølv ;-) Inspirert av mi vennine LB.

Ha ein flott Adventssøndag der du er!!

lørdag 5. desember 2009

Dikt til ettertanke..




Ingen kan ta tilbake
ord som ble sagt for hardt.
Farlige stener som ruller
nedover fjell i fart.


Stener som ruller, river
flenger i grus og jord
Sårene blør i hjerter,
rammet av harde ord.


Kast ikke skarpe stener.
Følsomme hjerter får mèn.
Etterpå ligger blomster
knust under grus og sten.

~ Dagny Tande Lid ~


Eg har i mange år hatt sansen for Dagny Tande Lid. Dikta og bøkene hennar vitnar om levd liv. I tillegg var ho ein svært dyktig blomsterteiknar. Ta deg tid ein dag, les litt av alt som ho etterlot seg...

Ynskjer deg ei flott 2.søndag i Adventshelg!

Diktet med bilete av steinar fann eg her.

fredag 4. desember 2009

Bakedag med tante

ALLE BURDE HA EI TANTE SOM STILLER OPP FOR SEG....
EI SOM STÅR KLAR MED FERDIG KAKEDEIG TIL JULEBAKST...

MINSTEMANN
(SOM IKKJE ER SÅ LITEN LENGER)
FEKK EIN ETTERLENGTA DAG SAMAN MED TANTE SIST LAURDAG...

GODT AT DU FINST KJÆRE SYSTÅ MI ;-)

onsdag 2. desember 2009

Kalendertradisjonar

bilete funne her

Stakkars borna mine, dette året får dei berre kjedelege sjokoladekalenderar.... ;-)
Men det får duge når ein ikkje har energi til så mykje meir.
Alle andre er så kreative, dei lagar flotte kalenderar.
Og kvar Advent tenkjer eg,
ja til neste Advent då skal eg....

bilete funne her

Tidlegare år har eg vore litt meir kreativ..
Eg har laga skattekart!
På ein lur plass har eg lagt noko gotteri eller praktiske ting..
Og så har eg laga kart over huset.
Fordelen med det er at eg kan vere litt lat,
for då må eg berre ha 3 pakkar på lur kvar dag
og slepp å ha 72stk klar til 1.des ;-)

Men til neste år....................

Ja, vi kan godt ta med eit ordtak som høver på dette innlegget:

I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv, trur eg.



tirsdag 1. desember 2009

Eg veit at det er Advent .....

når hausthimmelen er lilla.

når gjestehandduken er lilla.

når dei lilla blomane i St.Paulia kjem fram.

når eg skiftar ut dei gule post-it lappane til lilla.
(ja, eg veit dei ser rosa ut, men det er berre på bilde)


når speidarane kjem for å selge Adventskalender.

mandag 30. november 2009

GJENBRUK

Ein dag eg skulle rydde blandt sengkleda oppdaga eg eit flott blåruta dynetrekk...
Feilen med det var at det var ei rift i det, hm kva skulle eg gjere?

Her var fleire alternativ:
  1. Hive det?
  2. Gøyme det for at eg ein vakker dag kunne veve med det? (Ja, eg har ein vev-stol, men..)
  3. Få nokon til å lage noko?

Alternativ 3 vart valgt!

Eg fekk levere stoffet til ei kreativ dame HAUST.
Og ho "tryllar" fram mykje fint ved symaskina.
No har eg flott gjenbruks-handlenett og pung til ymse små ting.
Viss du har lyst til å sjå kva ho lagar og kanskje kjøpe ei flott Julegåve så kan du sjå innom butikken til HAUST PÅ EPLA.

søndag 29. november 2009


Advent


Advent er ventetida før jul.

Ordet advent (kjem frå latin) tyder eigentleg Herrens komme, og har blitt brukt som namn for denne ventetida heilt sidan slutten av 400-talet.

I følge tysk tradisjon refererar advent til dei 24 dagane oppunder jul, altså 1-24 desember .
I adventstida førebur vi jula og ventar på Jesusbarnet sitt komme.

1.søndag i advent, markerar starten på kyrkjeåret, den fell alltid mellom 27. november og 3. desember.

Før i tida - fram til den andre verdskrigen - vart advent kun markert i kyrkjene. Dei siste åra har det vorte vanlig å pynte heimane med forskjellig adventspynt som lys, kalenderar, kransar m.m.

Som adventsfarge brukar ein som oftast lilla/fiolett.

Adventslysestaken finst i mange heimar. For kvar søndag i advent tenner vi eit nytt lys i staken og syng/les eit vers om Advent.

Her er den sangen vi brukar i vår heim:


No tenner vi det første lys,

åleine må det stå.

Vi ventar på det vesle barn

i krubba lagt på strå.


No tenner vi det andre lys,

dei står der stilt og skin.

Vi ventar på at Gud, vår Far,

vil sende Sonen sin


No tenner vi det tredje lys,

det er eit heilagt tal.

Vi ventar på at Kongen vår

skal fødast i ein stall.


No tenner vi det fjerde lys

og natta vert til dag.

Vi ventar på ein Frelsarmann

for alle folkeslag.


Tekst: Sigurd Muri 1963 (frå Ørskog på Sunnmøre) - Melodi: Emmy Köhler 1898 (Nå tennes tusen julelys)

Faktaopplysningar henta frå blandt anna: AKTIV I OSLO


lørdag 28. november 2009

Du omgir meg




Du omgir meg på alle sider
Og du held meg fast i di hand.
Du omgir meg på alle sider.
Og held meg fast i di hand.

Når min veg går gjennom tette skodda.
Nær ved bratte stup og djupe vatn.
Då er du nær meg på alle sider,
Ja du leiar gjennom vatn.

Når min tru er svak og motet sviktar.
Og eg kjenner kalde redslevindar.
Då veit eg trass alt at du er nær meg,
Du har lova vere med kvar ein dag.

Eg veit diverre ikkje kven som har skreve denne sangen.
Men den seier svært mykje om kor godt det er å ein
Himmelsk Far som har omsorg for oss.

(Takk til alle som har lagt igjen god betrings helsingar.
Er heldigvis litt betre og er trass alt oppe.
Satsar på å snart vere god att.
Ha ein fantastisk flott laurdag alle som ser innom
bloggen min. Klem frå Sigrid)

fredag 27. november 2009

Advent på trappa

Eg ser at mange alt har pynta så fint på trappa til Jul.
Den som kjem til oss vil finne dette gamle emaljerte fatet med røsslyng og mose i.
Fatet hadde nokon berre slengt frå seg og det vart no eg glad for.
Gjenbruk er tingen!
Dei gamle tørka greinene er utruleg dekorative.
Andre hadde vel brukt dei til ved.
Slik er det med alt; det er auga som ser og heldigvis er vi ulike.
Sånn eigentleg er det haustpynten vår ;-)
Men eg syns det passar til Advent også.